Betre og lettare VO-formidling
Frå 1.1.02 vil Norges Musikkorps Forbund sjølv formidle vaksenopplæringsmidlar (VO) til sine medlemskorps. Det er no klart korleis VO-handsaminga vil vere i NMF. Musikkorpsforbundet legg opp til eit tilbod som vil gjere det lettare å få ut VO-midlar, og det vert lagt stor vekt på nærleik til brukarane.

Rapporteringa av vaksenopplæringsmidlar skal gjerast så enkel som råd. Målet er at korpsa skal sleppe mest mogleg papirarbeid. Samstundes skal dei pengane NMF får til studieaktivitet, gå uavkorta til korpsa. Dette vil gje større utbytte av midlane til det enkelte korps.

Fem personar frå ulike fylke er tilsett i deltidsstillingar for å arbeide med vaksenopplæring. Dei skal drive fagleg utvikling og rettleiing og utgjer saman med studiesjefen ei arbeidsgruppe med ansvar for studieaktiviteten i NMF. Desse seks personane har alle lang fartstid i NMF og korpsrørsla elles.

I tillegg vil NMF-medarbeidarane i heile landet rettleie musikkorpsa i VO-arbeidet.

På hovudkontoret i Bergen vil det vere to sakshandsamarar som skal ta seg av registrering, rapportering og utbetaling.

Arne Amland er studiesjef i NMF, og vil ha det overordna ansvaret for VO-formidlinga. Han lovar NMF sine korps god hjelp og enklare rutinar samt betre utbytte av pengar som er avsett til studieverksemd.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Wind Band, Organizations