Eit enormt trøkk i Førde
Folkemusikkfestivalen i Førde har selt 2000 fleire billettar i år enn i fjor. Med 31 000 besøkande er dagleg leiar Hilde Bjørkum svært godt nøgd etter fire intense dagar. Samtidig er planlegginga for neste år alt i gang. Då skal Førdefestivalen vere vertskap for den europeiske kringkastingsunionen EBU, som sender 10-15 folkemusikkgrupper frå heile Europa til Førde.

- EBU har valgt ut Førde Internasjonale folkemusikkfestival som vert for "Contemporary folk music festival", eller samtids-folkemusikk, og alle EBU-landa sender ei gruppe kvar til festivalen, seier Hilde Bjørkum. Den europeiske festivalen har berre vore i Norge ein gong før og Bjørkum trur at samarbeidet med EBU vil bli svært nyttig for folkemusikkfestivalen.

- Dette må bety noko for TV-dekninga og eg antar det blir sendingar over EBU-nettet, men mest på radio. Eg veit ikkje enno kor omfattande det blir, men vi må leggje opp til eit nært samarbeide med NRK. Dette er svært spennande for oss og eg trur vi bør kome godt ut av det økonomisk òg, seier Bjørkum, som trur EBU har valgt Førdefestivalen fordi den har eit godt ry og tek godt vare på artistane.

I år kom 250 folkemusikarar frå alle verdsdelar til Førde for å delta på den fire dagar lange festivalen. Bjørkum trur programmet har truffe publikum særskilt godt i år: - Vi har aldri hatt så mange utselde forestillingar før. Elleve konsertar har gått for fulle hus og vi kunne sikkert ha sett opp ekstraframsyningar på fleire arrangement, som Draumkvedet i Førde kyrkje.

Andre populære arrangement var flamenco-forestillingane, folkedansteateret Svik, irske Danu, Norway Now, Black Peru, White cockatoo performing group og Over alle grenser.

- Ein av ambisjonane no blir å vidareutvikle det nyskapande arbeidet innan folkemusikk, saman med andre kulturinstitusjonar, samtidig som vi tek vare på den tradisjonelle folkemusikken, seier Bjørkum.

- Det har vore eit enormt trøkk på festivalkontoret med stor pågang og lange køar, fortel Bjørkum. Det var ikkje seld så mange festivalpass som vanleg i forkant, men på torsdag tok det heilt av og sia opningsdagen har det vore selt 500 festivalpass. Det er mulig vi må auke kapasiteten neste år på både på festivalkontoret og andre stader, men dette er noko vi må sjå på i forhold til økonomien.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er Norges største fleirkulturelle musikkarrangement. 240 artistar frå 15 land og 5 kontinent er engasjert til årets festival. Festivalen byr på over 70 programpunkt dei 4 festivaldagane.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Folk / Traditional