Konferanse om kultureksport: - Rikdom utan kultur er degenerering
Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske meiner norske kunstnarar er for forsiktige, og at dei no må byrje å krevje meir. Det sa han i ein offensiv tale på den årlege konferansen til Norsk kulturråd. Korleis få næringslivet til å investere meir pengar i kultur var spørsmålet for konferansen, der ein også tok opp det store eksportpotensialet for norsk kunst og kultur. Ballade vidareformidlar her ein kommentar frå Norsk Folkemusikk- og Danselag.
Vigdis Moe Skarstein, 2005 (Foto: www.07-06-05.com) (270x218)

Leiar i Norsk kulturråd, Vigdis Moe Skarstein, opna konferansen med å fortelje at talet på innvilga søknader sett i samanheng med den totale søknadsmengda har gått merkbart ned dei seinare åra. Medan talet på søknader aukar jamnt, har løyvingane til Kulturrådet stått stille gjennom fleire år.

Stadig fleire ønskjer å leve som frilansande kunstnarar. Situasjonen er mest kritisk for bildekunst, fri scenekunst og musikk.

Trass i ei hyggeleg påplussing til Kulturrådet på Statsbudsjettet for 2006, mellom anna to millionar meir i ensemblestønad og ein million meir til innkjøpsordninga for fonogram, vert gapet mellom talet på kvalifiserte søknader og tilgjengelege midlar stadig større. Denne situasjonen er bakgrunnen for temaet på konferansen til Kulturrådet i år - " Fond for kultur" - korleis få nye finansieringsmodellar i skjæringspunktet offentleg og privat kapital til kunst og kultur.

Lite i samanhengen

- Saksbehandlarar på lågaste nivå i Utdanningsdepartementet fordeler midlar av same størrelse som vi har til dei store budsjettpostane til kultur. Eg er svært nøgd med å ha plussa 166 millionar kroner på kulturbudsjettet, men dette er veldig lite pengar i den store samanhengen. Hadde vedtaket om barnehage-makspris ned frå 2700 til 2200 kroner blitt utsett ein månad, ville det tilsvare rundt 300 millionar kroner, nesten det dobbelte av påplussinga til Kulturbudsjettet, sa ein offensiv Trond Giske til konferansedeltakarane.

Armlengdes avstand

Mange innan kulturfeltet er skeptiske til kultursponsing frå næringslivet. Det vart peika på at næringslivet i stadig større grad er opptekne av kva dei får att for kultursponsing og konflikten mellom kunstnarleg integritet og marknadstenkjing. Prinsippet om armlengdes avsand, som ligg til grunn for Kulturdepartementet sine løyvingar til Kulturrådet, må også gjelde for private fond, vart det påpeika. Konferansen handla da også meir om stiftingar og fond frå privat næringsliv enn sponsing av spesielle arrangement eller grupper. Fleire tok opp mangelen på kompetanse om kunstfeltet i næringslivet, og meinte det er eit problem at det som har marknadsappell frå før er det som slår gjennom.

- Mi erfaring er den at norske kunstnarar jamnt over er positive til sponsing, men at så fort det er snakk om noko som smakar av sært, smalt og upopulært kan ein berre gløyme private pengar, sa leiar for Norsk Komponistforening, Synne Skouen.

Den store hvite flokk

Olemic Thommessen frå Familie- og kulturkomiteen har lenge vore ein talsmann for meir privat finansiering av kulturlivet, og han meiner det råder visse feilslutningar om dei «reine» offentlege pengane.

- Ein luller seg inn i fantasien om offentlege midlar som den store hvite flokk. Eg meiner vi treng eit mangfold av fond, både private og offentlege. Det er problematisk at det er så stor konsensus kring kvalitetskriteriet i offentlege løyvingar.

Erik Rudeng som er direktør for Fritt Ord stilte også spørsmål ved synet om offentlege pengar som nøytrale.

- Det er naivt å tenkje statlege pengar som det einaste rette, oljepengar frå Aserbajdsjan har ein eigen dunst, etter mi meining.

- Degenerering av samfunn

Erik Rudeng trakk fram ein samfunnstrend som er utprega i Norge samanlikna med andre europeiske land:

- Det er eit gap mellom den sterkt auka private handlefridomen og ressursane til kunst- og kulturlivet. Og dette gapet som vert stadig større vert ikkje tetta igjen av verken næringslivet eller oljefondet. Rikdom utan kulturambisjonar er degenerering av eit samfunn, sa Rudeng til brakande applaus frå salen.

Det siste poenget trakk også Trond Giske fram i sitt innlegg.

- Eg synest det er rivande gale at rike ikkje skal gje tilbake til samfunnet som har gjort dei rike. Eg oppfordrar dykk til å ty til dødsangsten deira. Korleis kan dei sikre seg at dei vert hugsa, sa ein opplagt kulturminister.

Bortsett frå Gro Reppen, banksjef i Sparebanken Vest, var det private næringslivet tilsynelatande totalt fråverande, og det bar konferansen også preg av. Slik sett vart ikkje konferansen ein arena der ein kunne drøfte korleis kunst og næringsliv kan møtast til gjensidig nytte for kvarandre.

At kunst kan vere næring i seg sjølv, fekk i alle høve Roy-Arne Johannessen frå Hermetikken Næringshage i Vadsø forklart. Med entusiasme, tru og pågangsmot har dei klart å bygge opp ein næringshage med blant anna eit galleri som foreløpig sel kunst over alle forventningar.

- Og dette er i Vadsø, ein by med 6500 innbyggjarar, poengterte Johannessen i innlegget som nærast vart eit vekkelsesmøte for desillusjonerte kulturarbeidarar.

Artikkelen er opprinnelig publisert på www.folkogdans.no, og bringes videre på Ballade med velvillig tillatelse.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate, Politics