Norsk folkemusikk og folkedans
Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har gitt Ballade sitt åpningsinnlegg fra seminaret i Norsk kulturråd 21. november 2001. Her presenterer han sine konklusjoner etter å ha forsket på de norske folkemusikk- og folkedansmiljøene, der han berører alt fra jentenes stadig sterkere stilling innen folkemusikken til det gamle skismaet mellom tradisjonsforvaltning og nyskaping. "Ta dei strategiske utfordringane på alvor!", lyder forskerens sluttbudskap til det organiserte folkemusikkmiljøet.

Jenta som nett spelte for oss, Synnøve Sæmundsdotter Bjørset, er ein typisk representant for den nye folkemusikkartisten. Ho er ung, ho er kvinne, frå Vestlandet, og har gått i mangeårig lære hos folkeleg forankra spelemenn. Ho studerer folkemusikk, og er både dyktig soloartist og medlem av grupper som presenterer folkemusikk i ny innfatning med show, speleglede, humor, lett arrangert, sceneutstråling, kvinneleg sensualitet. Ho er forankra i tradisjonen, men går også nye vegar. Ho vil verte profesjonell folkemusikar, og har meldt seg inn i NFD. Vil ho lykkast? Kva skal til for at ho lykkast? Kor viktig er det organiserte arbeidet for at så skal skje? Spelar rapporten til Georg Arnestad noka rolle frå eller til?

Folkemusikktradisjonen sitt liv er at han alltid vert oppløyst og omskapt. Han lever vidare som han alltid har gjort og vert omskapt og omforma i ein variasjon utan like. Tradisjonen er ein dynamisk organisme som ikkje kan styrast. Han søkjer nye former og virkemiddel. Synnøve Bjørset yter sitt vesle bidrag til utvikling og omforming av folkemusikktradisjonen. La ho og dei mange andre unge og dyktige jentene få lov til det.

Nokre faktiske opplysningar om utgreiinga
Sidan det alt vore noko offentleg diskusjon om utgreiinga mi, føler eg behov for å presisere følgjande:

1: Det er sant at det tok lang tid å få denne utgreiinga ferdig. Det hender av og til at orda ikkje vil. Enkelte har sett på dette som ei stor katastrofe, andre har teke det beherska ro. Særleg bra er det uansett ikkje. Og er svært lei for det. Men det tok ikkje tre år å få utgreiinga ferdig. Og utgreiinga kosta ikkje ein halv million kroner. Slik nokon har fortalt til ein ukritisk journalist i NRKs Midt i Musikken. "Never check a good story".

2: Det er heller ikkje slik, som det har vorte hevda, at heile utgreiinga mi er basert på intervju med nokre få utvalde personar i folkemusikkmiljøet. Rapporten min byggjer på ei rekkje ulike kjelder. Kvalitative intervju er dessutan ikkje mindre vitskaplege enn offentleg statistikk. 22 intervju er heller ikkje få i ei kvalitativ undersøking. Gjennom slike intervju får ein tilgang eit anna nivå av meining og åtferd enn det ein får tilgang til gjennom offentlege dokument, vedtak, organisasjonar osv. Begge deler er gode og relevante data, men om ulike aspekt av røyndomen. Det som vert kalla "synsing" eller "sladder" og (kanskje) meiningsbryting er i det heile ei svært legitim kjelde til kunnskap, ikkje minst i ei undersøking der verdi- og ideologibaserte spørsmål er så viktige som på folkemusikk- og folkedansfeltet. Intervjumaterialet er ein viktig og nødvendig del av utgreiinga mi. At alle ikkje likar dei meiningane og synspunkta som informantane målber, er derimot ei heilt anna sak. Det finst ulike diskursar
om folkemusikken i folkemusikkmiljøet. Dette er noko organisasjonane bør ta til vitande.

3: "Dette visste vi frå før" er òg ein gjennomgåande merknad som har kome fram. Ein annan er at det er for mange ord om "gammalt grums og motsetningar i folkemusikkmiljøa". Viss ein visste alt frå før, kvifor har ein då ikkje gjort noko med det, spør eg? Ved sin reaksjon no i etterkant stadfestar ein min påstand om at feltet har vore prega av "kulturpolitisk hjelpeløyse". Utgreiinga inneheld elles ikkje så veldig mange ord om motsetningane i miljøa. Det kunne, og burde kanskje, ha vore brukt fleire og langt sterkare ord om dette. Eit slikt syn har òg vore representert langt inn i referansegruppa. Den bitre striden om gammaldansen er behandla over fire sider. Eg er sjølv utdanna med hovudfag i historie, rett nok økonomisk historie. Å gi eit retusjert bilde av den nyare historia på tvers av det kjeldene fortel, er ei oppgåve som ligg utanfor det eg vanlegvis tek på meg. Og ordskiftet i Nationen sist veke har vist at motsetningane framleis er i levande live. Om nokon skulle tru noko anna. Og gi for Guds skuld ik
kje meg og mi utgreiing skulda, om krangelen no er i gang att.

Eg har nemleg laga ein ganske nøktern, men kritisk, rapport om norsk folkemusikk og folkedans i dagens samfunn. Eg skal vedgå at han kanskje har blitt i lengste laget, har vel mange ord og litt for mange gjentakingar. "Kill your darlings". Men eg er ikkje i stand til å sjå at dei utviklingstrekk og tendensar som kjem fram, kan vere særleg kontroversielle. Dei gjeld heller ikkje påpeikinga og analysen av dei mange uavklara spenningsfelta som folkemusikken og -dansen befinn seg i. Særleg omstridt kan det heller ikkje vere å trekkje fram at arbeidet på feltet tradisjonelt har vore prega av lokalt arbeid, folkeleg engasjement og nær tilknyting til kulturarbeid på bygdene, mens det i dag er langt sterkare fokus på kunstnarleg utdanning, profesjonell yrkesutøving og folkemusikarar som underhaldningsartistar. Den auka kommersialiseringa innanfor musikklivet, set òg sitt klare preg på folkemusikken. Men i mindre grad på sjølve musikken enn på innfatning, innpakking og måten han vert formidla på. Folkemusikken vert i aukande grad på ulike vis integrert i det musikalske samfunnet elles.

At rapporten drøfter kor institusjonalisert opplæringa innanfor dette tradisjonsbaserte feltet bør vere, kan heller ikkje verke særleg provoserande. Når skal spesialiseringa starte? Rapporten avspeglar ein viss skepsis til å starte spesialiseringa i ung alder, og til at dyktige folkemusikkungdommar tidleg skal lausrivast frå sine eigne heimemiljø. Særleg uventa er ikkje dette. Men det rapporten sterkast strekar under, er at folkemusikkmiljøa ikkje har teke dette spørsmålet opp til samla diskusjon.

Profesjonalisering og allminneleggjering
Utgreiinga teiknar elles eit forholdsvis lyst bilde når det gjeld situasjonen for norsk folkemusikk. Stikkorda er profesjonalisering, allminneleggjering, mange nye, unge og dyktige utøvarar. Tradisjonen vert teken vare på, på same tid som musikken og mange musikarar står fram i ny innfatning, som underhaldningsartistar. Man mange utøvarar vender seg òg mot dei gamle kjeldene, og vert oppfatta som konservative. Det er eit stort spenn når det gjeld uttrykk, uttrykksformer og innfatning. Dei mange nye gruppene supplerer solospelet. Eg brukar ordet "allminneleggjering" om utviklinga innan folkemusikken. Eg legg fleire ting i det. Folkemusikken og -musikarane er i aukande grad prega av viktige trekk ved samtidskulturen og meir integrert i musikklivet enn før. Eg konstaterer òg ein - for meg - noko uventa openheit overfor det å gå nye musikalske vegar. Folk har gjort som dei har vilja når det gjeld musikk. Også folkemusikk. Og i dag, kanskje i større grad enn nokon gong før, går dei i ulike retningar. Fleire unge o
g dyktige utøvarar søkjer tilbake til dei gamle kjeldene. Og folkemusikarar set norma for andre musikarar. For 10-20 år sidan var det slik at fattige folkemusikarar vart inviterte av andre musikarar til å reise på turné. Derimot er det i dag eit trekk at mange unge folkemusikarar står fram i ny og moderne innfatning, og legg større vekt på ei uprentensiøs tilnærming, happeningar, sensualitet, erotikk. Heilt nytt er heller ikkje dette; har ikkje folkemusikken alltid hatt sine artistar og showmen? Men no får dei òg sine "show-women"! Det nye i dag er dei mange unge og dyktige jentene som står fram på arenaen. Kanskje er det slik at unge kvinner eignar seg best til å formidle tradisjonell folkemusikk i ei moderne innfatning som appellerer til eit flyktig publikum, som i større grad enn nokon gong før kan velje og vrake i all verdens musikalske uttrykk. Ein del folkemusikarar, særleg dei unge jentene, har lykkast med å ta kulturopenheiten i det seinmoderne samfunnet på alvor.

Det er kult å spele hardingfele, sa to jenter på 13-15 år frå Sogndal som stod fram på Vestlandsrevyen i går kveld. Jentene er meir sjølvstendige enn dei unge gutane. Dei gjer det dei har lyst til. Dei to jentene nekta òg å ta på seg bunad, slik journalisten bad dei om, når dei midt i skuletida skulle spele hardingfele for Vestlandsrevyen. Jentene gjekk ikkje i same fella som då Hallvard Kaasa og Astrid Versto laga framsidebilete til hardingfeleboka si for eit par år sidan. Men journalisten fekk jentene (og meg) med langt opp i lia slik at han kunne filme oss med vakker utsikt over Sognefjorden. Det same gjer forresten VG når dei skal ta bilete av fotballidola Svein Bakke og Jostein Flo i Sogndal.

På det årvisse folkemusikkseminaret for ungdom på Mo i Sunnfjord sist sommar var det 42 deltakarar i alderen 11-19 år. 40 av desse var jenter. 95 pst. For nokre år sidan var det nesten ikkje jenter i det heile. Kven trur de har vore forbilde for jentene? Kven trur de har vist vegen? Jo, ho som har hatt regelvaktarane inn på seg sidan ho var 16 år, på alle platene ho har laga. Ho som i dag seier til dei mange som har vore skarpe mot henne: "Det er greitt at de held på sånn, men eg ber til Gud om at dei som kjem etter meg, ikkje får oppleve dette". Men denne sterkt aukande interessa og oppblomstringa skuldast òg langvarig innsats av eldsjeler i ulike spelemannslag rundt om i landet. Frå mitt eige fylke er det naturleg å nemne Sigmund Eikås, Arne Sølvberg og Håkon Høgemo. Artistar er førebileta, men basisarbeidet vert utført lokalt, i spelemannslaget av dyktige spelemenn, som også er eldsjeler.

Om opplæringsmåter
Dette fører så over til spørsmålet om korleis ein best skal utdanne og lære opp nye folkemusikarar. Det har skjedd mykje på dette feltet siste tiåret - på alle nivå. Eg treng ikkje i denne forsamlinga gå i detalj om dette. Utdanninga her, som på andre kunstfelt, har vorte institusjonalisert og profesjonalisert. Og folkemusikken har vorte akademisert. Men i kva grad er det mogleg og ønskjeleg å overføre all opplæring innanfor dette feltet til institusjonar av ulike slag? Det gjer seg gjeldande forskjellige syn her også. Mange av mine informantar uttrykkjer skepsis til for tidleg spesialisering, bl.a. gjeld dette spørsmålet om ein eigen talent- eller eliteskule for unge utøvarar. Nokre er opptekne av at det er viktig å halde dei unge i heimemiljøet fram til dei nærmar seg slutten av tenåra. Det kjem òg fram ein del interessante refleksjonar kring forholdet mellom den eldsjelsbaserte, frivillige opplæringa i spelemannslaga og 20-minuttstimane i musikkskulane. "Musikkskule-spell" er ikkje akkurat eit heidersord.

Men mest truleg er den tradisjonelle opplæringsmåten så sterkt forankra, i alle fall i mange delar av landet, at institusjonane ikkje kan eller vil overta fullstendig. Og det er korkje mogleg eller ønskjeleg å institusjonalisere dei mange eldsjelene. Dessutan er musikkskulane mykje dyrare enn spelemannslaga. Hovudutfordringa i dag synest ikkje å vere skiping av eliteskular. Hovudutfordringa ligg i få til ein konstruktiv vekselverknad mellom tradisjonell, eldsjelsbasert opplæring i spelemannslag og den "skulske" opplæringa i musikkskular og vidaregåande skule. Mellom tradisjonelt frivillig arbeid på lokalplanet og stjernene som funklar på artistscenen. Her er det tid for strategidiskusjonar innan og, særleg, mellom organisasjonane. Her er det mykje å gripe fatt i. Hittil har det organiserte folkemusikk-Noreg ikkje gjort det. Det er på tide at de gjer det!

For 30 år sidan var det éin mann her i landet som levde av hardingfela. Og det var semje om at folkemusikken burde dyrkast som amatørmusikk. I dag er det dei mange profesjonelle utøvarane og kanskje artistane som pregar feltet. Vi har også fått ein eigen organisasjon for desse. Ein organisasjon som set kunsten i sentrum, og som heller vil ha 250 "framtunge" medlemmer enn 2.500 "baktunge". Fokus og merksemd er flytta frå det jamne, lokale og interne arbeidet i tradisjonelle lag og organisasjonar til dyktige, profesjonelle utøvarar, enkeltartistar og grupper. Kva har så dette å seie på sikt for feltet? Igjen finst det ikkje opplagde svar, men det er til ein viss grad mogleg å prege utviklinga. Forholdet mellom den veksande toppen og det breie laget av spelemenn og -kvinner representerer ei viktig utfordring. Kor sterkt forankra er den nye generasjonen av folkemusikalske artistar i spelemannslag og lokalmiljø? Vil dei kanskje ikkje vere læremeistrar for den neste generasjon av folkemusikkutøvarar? Kor sterkt kan og bør ein innanfor dette tradisjonsbaserte feltet skilje mellom topp og breidde? Kanskje er det eit illevarslande teikn at den mest profilerte organisasjonen seier seg (heilt) uinteressert i dei 2.500 "baktunge" aktørane. "Stjernene må sjå ned mot grunnplanet og allminneleggjere seg", konstaterer éin informant. Frå Telemark rapporterer fleire kjelder at det er vanskeleg å rekruttere unge og nye utøvarar til miljøet. Einarane her har ofte opptrådd på ein eigenrådig og individualistisk måte. Men likevel kjem det nye einarar herifrå, sjølv om dei dyktigaste spelemennene opererer på eit stadig meir lagsuavhengig nivå. Den organisasjonen som er nærmast til å gripe fatt i denne problematikken, er sjølvsagt LfS, som organiserer både dei "framtunge" og dei "baktunge". Kvifor kan ikkje LfS for alvor gripe fatt i dette, i staden for heile tida vere vaktmeistrar på NFD sine premissar. Kvifor liggje så bakpå?

Folkemusikkfestivalar og nye formidlingstiltak
Rapporten kjem - når det gjeld folkemusikken - også med kortare omtalar og vurderingar av ordningane med fylkeskommunale folkemusikarar, folkemusikkfestivalane og dei nye formidlingstiltaka som Den norske Folkemusikkscena og Norsk Folkemusikkatalog. Det vert uttrykt til dels sterk skepsis til det faktum at dei fylkeskommunale stillingane som folkemusikarar, er faste stillingar. Dei burde så absolutt ha vore åremålstillingar. No bidreg dei til å undergrave arbeidsmarknaden for dei mange nye, unge frilansfolkemusikarane, som til skilnad frå ein del av dei eldre etablerte spelemennene, korkje har gard eller grunn å livnære seg av i tillegg. I det heile er det ein god del skepsis å spore til desse ordningane. Men det er truleg ikkje god takt og tone å snakke høgt om dette. Ordninga i Hordaland er forresten nyss evaluert, men evalueringa torde ikkje ta opp til drøfting desse viktige problemstillingane.

Folkemusikkfestivalane, særleg dei internasjonale, lever i utkanten av det primære folkemusikkfeltet. Dei er eit supplement til, ikkje ei erstatning for kappleikane. Dei er ein del av tidsuttrykket i det seinmoderne samfunnet. Ordskifta om profil, innhald og program lyt ein berre leve med. Uansett bidreg festivalane, også dei internasjonale, til sterkare fokus på folkemusikkartistane. "Fjøgl", "Blåmann, Blåmann" og "Kvarts" opptredde i 2000 og 2001 på dei fleste, profil eller ikkje. Utan trekkplaster og toppartistar i grenselandet av den musikkforma festivalen eigentleg skal presentere, så vert det ingen festival. Enten merkevara for festivalen er folkemusikk, jazz eller samtidsmusikk. Det kan forresten vere "betimeleg" å reise spørsmålet om det er "rett" å gi to mill. kroner i statleg festivalstøtte til folkemusikkfestivalar samanlikna t.d. med det som vert løyvd til det organiserte arbeidet på feltet.

Når det gjeld dei to samarbeidsprosjekta som NFD og LfS etter mange års iherdig innsats makta å få til, Den norske Folkemusikkscena (DnF) og Norsk Folkemusikkatalog, reiser nokre informantar spørsmålet om i kva grad det er føremålstenleg å administrere og organisere fram slike tiltak, bl.a. folkemusikkpubar. Klarar ein å trekkje eit nytt publikum, eller vert det heile mest for dei innvidde? Kvifor skal organisasjonane ta kontroll over noko som best kan utvikle seg sjølv? Organisasjonane oppfattar dette slik: Gjer vi noko, vert det oppfatta som kontroll. Gjer vi ikkje noko, vert vi kritisert for det. Så langt synest det elles som om spørsmålet med DnF er om ein klarar å bidra til etablering av nye, varige scener utanfor Oslo. Første året var for mykje av innsatsen konsentrert kring hovudstaden. I motsetning, merkeleg nok, til jazzen, som medvite har bygd opp fem regionale jazzssentra, og som har lykkast med å få betydelege statlege og fylkeskommunale midlar til dette. Men her har det lege til grunn ein langsiktig og medviten felles strategi frå eit samla miljø. Ein tankekross, kanskje, for folkemusikkmiljøet?

Folkedans og "Bygda dansar"
Folkedansen er det all grunn til å rope eit høgt varsku for. Uansett kva ein måtte leggje i omgrepet. Folkemusikkmiljøet sin bitre - og for mange uforståelege - strid om gammaldansen har i alle fall ikkje hjelpt dansen. Mens folkemusikken lever og blømer, er det krise for dansen. Det er ein klar konklusjon i rapporten. Blant informantane er den alvorlege bekymringa for dansen bortimot ei samstemt oppfatning. No kan ein - jf. det eg sa innleiingsvis - likevel lene seg tilbake og seie at dette er "synsing" frå nokre enkeltindivid eg har prata med. No ja, dei kvantitative kjeldene vi har, talar eintydig i same retning. Det er færre som dansar, og gjennomsnittsalderen på dansarane aukar. Arenaene for samversdans er borte. Folkemusikken og -dansen skil lag. Prosjekta, enten dei har heitt "Kom og dans", "Dans deg glad" eller "Norsk dans for 90-åra" har, som Spelemannsbladet nr. 8/99 så riktig konstaterte, "ikkje bore nemneverdige resultat". Mest fordi dei har vore baserte på ideologiske haldningar som har vore i utakt med tida. Det nyaste prosjektet, som også Kulturrådet har løyvd pengar til, heiter "Bygda dansar", og er no i ferd med å starte opp i mitt eige heimfylke, Sogn og Fjordane. Det er eit ambisiøst prosjekt i regi av Rådet for folkemusikk og folkedans og Rff-sentret. Det er beskrive i rapporten min, s. 183-87. Eg vinn ikkje gå i detalj om det her. Men til forskjell frå tidlegare tenkjer ein no også - endeleg - scenedans, framsyning og profesjonalisering. Likevel skal lokale amatørutøvarar og lokale instruktørar vere hovudtufta, som det heiter. Det skal rekrutterast 100 danseglade ungdommar frå kvart fylke etter tur; først i Sogn og Fjordane, deretter i andre fylke. To-fem av desse ungdommane skal kunne etablere seg som tradisjonsdansarar på frilansbasis. Det skal òg knytast dansefagleg høgt kompetent undervisningspersonale til prosjektet, og dessutan fagfolk frå teater- og scenedansmiljø. Men kjernen er lokale ungdommar. Tanken på eit nasjonalt danseensemble vert avvist.

Prosjektet skal gå over tre år i Sogn og Fjordane, det fylket der fylkeskultursjefen alt har laga "si " eiga fylkeskommunale spel- og dansegruppe "Vestafolk". Denne vart starta ved at fylkeskultursjefen skreiv brev til 15-20 dyktige yngre spelemenn/-kvinner og -dansarar og inviterte dei til å vere med i gruppa. Ein gjekk ikkje den lange vegen om dei 100 ungdommane. Denne gruppa, det er forresten ei stund sidan ho no har vore i aksjon, har hittil gjort det folkedansarar flest synest å ha gløymt, nemleg å vise at folkedansen og musikken er ein del av eit erotisk spel, og våga å vise fram at flørten høyrer saman med dansen og musikken. Dei har frigjort seg frå krav om konvensjonar, utan å gå på akkord med form og tradisjon, korkje i spel, song eller dans. Det er dette som er heilt nødvendig i folkedansen i dag. "Bygda dansar" seier ingenting om slike ting. "Bygda dansar"-prosjektet er etter mitt syn, trass sine varsame forsøk på både modernisering og profesjonalisering, for sterkt forankra i tradisjonell ungdomslagsideologi og amatørverksemd. Ein skal slite hardt, trur eg, for å finne dei 100 danseglade ungdommane til og med i Sogn og Fjordane. Eg er òg skeptisk til om NU-instruktørar av ideologiske og andre årsaker maktar å få til den nødvendige moderniseringa av dansen: finne og vise fram gleda, leiken, kreativiteten, improvisasjonen, flørten og erotikken. Dette må få kome sterkare til uttrykk i dansen på kostnad av framvisingsestetikken, dei rette stega og den kollektive disiplineringa. "Bygda dansar" kviler etter mitt syn vel mykje på forestillingar om eit bygdesamfunn som er på hell. Eg skal bli glad om eg tek feil, men eg trur ikkje at eg gjer det. Dessverre, kan eg gjerne seie.

Eg kunne sagt mykje meir om stoda for folkedansen i det seinmoderne Noreg, bl.a. om samversdansen og forvitringa av dansearenaene. Men her må eg vise til rapporten; dansen er behandla særskilt i kap. 6.

Kulturpolitisk hjelpeløyse
Kva så med folkemusikken i kulturpolitikken? Eg viser til det som vart sagt i Kulturmeldinga frå 1981, det er ikkje meir enn 20 år sidan: "Folkemusikk og folkedans har vore ein smålåten sektor….., halden oppe av lokalmiljø og enkeltpersonar". I rapporten har eg gått gjennom alle kultur- og kunstnarmeldingane og dei påfølgjande innstillingane frå den aktuelle stortingskomiteen, dessutan dei siste års budsjettproposisjonar og budsjettinnstillingar. Konklusjonen er rimeleg klar: Dei nasjonale kulturpolitiske styresmaktene har aldri erkjent at dei har eit særskilt ansvar for norsk folkemusikk og folkedans. Ikkje ein gong det nasjonale forvaltaransvaret er erkjent. Det er bortimot oppsiktsvekkjande. Særleg når ein veit at Kulturdepartementet har teke, i alle fall nesten, eit slikt ansvar for den internasjonale musikkforma jazz. Det er elles kulturkomiteen på Stortinget som har gått lengst i å erkjenne eit mogleg nasjonalt ansvar. Det skjedde under behandlinga av Åse Klevelands stortingsmelding "Kultur i tiden".

Mykje av løyvingane og omtalen frå Kulturdepartementet har vore grunngivne med at ein har eit ansvar for folkemusikken som ein sjanger blant mange andre og eit ansvar for dei folkemusikalske aktivitetane. Folkedansen, derimot, er det nesten aldri snakk om i det heile. Men så har då heller ikkje Noregs Ungdomslag før no i år funne ut vi har eit eige Kulturdepartement her i landet. Eg konstaterer òg at dei statlege løyvingane til særlege tiltak og turnéstøtte til folkemusikk har stått i ro i snart 10 år, i ein periode då folkemusikken og folkemusikarane nærmast har bobla over av tiltakslyst, kreativitet og skaparglede.

Eg ser ingen grunn til "å anklage" Kulturdepartementet for denne stoda. Det er heller ikkje mi oppgåve. Derimot brukar eg i rapporten uttrykket "feltets kulturpolitiske hjelpeløyse". Då tenkjer eg på organisasjonane og miljøet samla. Ikkje berre på NU, men i like stor grad LfS, NFD og Rådet. Det tener folkemusikkorganisasjonane til lita ære at dei ikkje har klart å få gjennomslag for det eg har nemnt ovanfor. Eg veit gudbetremeg ikkje ein gong om dei har prøvd. Kanskje har dei vore meir opptekne av å vakte på kvarandre.

Dette fører meg då over til dei fire organisasjonane (inkl. Rådet for folkemusikk og folkedans), som altså tok initiativet til denne utgreiinga. Kap. 4 i rapporten i rapporten gir ein beskrivelse og analyse av det organiserte arbeidet på feltet. Dette vert sett i samanheng med utviklingstrekk innanfor det frivillige organisasjonssamfunnet. På feltet har vi éin ny-konservativ, eliteorientert og velprofilert mikroorganisasjon, éin kriseramma folkeleg organisasjon, som har utsett snuoperasjonen til det kanskje er for seint, éin utydeleg organisasjon med breidde som kjenneteikn, styrke og samtidig veikskap, og, til sist, eit råd med hybride trekk, mange og uklåre oppgåver og funksjonar, og som gjerne vil, men ikkje kan, vere eit samordnande fellesorgan på feltet. Slik er min analyse. Er det rart at feltet har den status det har på det kulturpolitiske området?

Eg har elles betydeleg erfaring frå å vere med å beskrive og analysere kulturfelt som føler seg litt gløymde, og som har vore i strid med seg sjølv. Det normale har vore at dei involverte, i hovudsak organisasjonar av ulike slag, har teke analysar og kritiske merknader til vitande. Dei har innsett og forstått at deira eige sjølvbilde, sjølvoppfatning og handlingsmønster har hatt behov for kritiske korreksjonar. Det synest som om evna til å korrigere eigne oppfatningar og eiga sjølvforståing er lågt utvikla innanfor det organiserte folkemusikk- og folkedans-Noreg. Utgreiinga mi har lagt vekt å skissere og få fram at det gjer seg gjeldande alternative og supplerande diskursar innanfor feltet. Det er høgt på tide at organisasjonane grip fatt i dette. I alle fall om dei ønskjer at feltet skal få ein betre plass på den kulturpolitiske dagsorden. Informantdiskursen om organisasjonane er vesentleg annleis ann organisasjonane si eiga sjølvoppfatning. Men ein kan kanskje slå seg til ro med dette òg, og avfeie det som
"synsing". Uansett, informantdiskursen er heilt tydeleg og bortimot samstemt når det gjeld organisasjonane.

Lykke til!
Det har gått fram av det eg har sagt at denne utgreiinga i liten grad baserer seg på "gammalt grums" og på motsetningar innanfor folkemusikkmiljøa. Eg har laga ein nøktern, edrueleg og kritisk rapport. Når de engasjerer eit kompetent menneske utanfrå, må de rekne med dette. Eg har sett det som ei hovudoppgåve å vere kritisk, men gjerne konstruktiv kritisk. Det har ikkje vore mi oppgåve å ta stilling til og skifte ver og vind mellom ulike fraksjonar, organisasjonar, haldningar og meiningar. Dei konklusjonane eg har trekt, er i hovudsak baserte på teori, analyse og kvalitativ og kvantitativ empiri.

Frå nokre hald, det gjeld særleg NFD, har det undervegs i arbeidet vorte sagt at denne utgreiinga ville kunne føre folkemusikk- og folkedansfeltet mange år tilbake, fordi ho såg ut til å basere seg på gamalt grums og synsing. Eg reknar med at det no går klart og heilt tydeleg fram at utgreiinga baserer seg på heilt andre ting. Eg vonar at organisasjonane, kanskje òg NFD, vil innsjå at denne rapporten sin fremste oppgåve er og har vore kritisk å peike på dei viktigaste utfordringane eit samla folkemusikk- og folkedansmiljø står overfor. Ikkje la dykk lure til å la diskusjonen no i etterkant bli prega av at det er viktig å få slått fast at rapporten er forseinka, at han har kosta så og så mykje, at han har for mange ord, for få konkrete tiltak og for mykje "grums".

Ta dei strategiske utfordringane på alvor. Ver smarte, og ta med dykk dei kritiske vurderingane av eigen organisasjon. Vedgå at de sjølve så langt ikkje har vore dyktige nok korkje i det kulturpolitiske eller i det organisasjonsstrategiske arbeidet.

Lykke til med etterarbeidet!

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Essays, Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Conferences / Seminars, Organizations, Politics