Norsk Folkemusikk- og Danselag søker prosjektutviklar
NFD har ledig eitt års prosjektstilling for utvikling av ein ny årleg festival/ bransjetreff for klassisk tradisjonsmusikk og dans i Kristiansand/ Agder-regionen, som skal innehalde konsertar med klar tradisjonsmusikkprofil (norsk og utanlandsk), fagseminar for sektoren og kulturpolitisk konferanse. Festivalen skal etablerast med god forankring i regionen, og med basis i NFD sitt internasjonale nettverk.

Prosjektutviklaren sine oppgåver vil mellom anna omfatta:


Me søker etter ein nøyaktig, omgjengeleg og kontaktskapande person, gjerne med kjennskap til det norske miljøet innan folkemusikk og dans. Vi vil legge vekt på følgjande kvalifikasjonar:

Arbeidsstad vil vera Næringshagen i Valle kommune. Tiltreding 1. august 2004. Løn etter avtale.

Send søknad med kopiar av attestar og vitnemål til: Norsk Folkemusikk- og Danselag, P.b. 440 Sentrum, 0103 Oslo. Søknadsfrist er 25. mai 2004.

For meir opplysning ta kontakt med dagleg leiar Jan Lothe Eriksen på telefon 22423290, eller på e-post nfd@folkogdans.no.

Norsk Folkemusikk - og Danselag - landslag for slåttespel, kveding og bygdedans - har som sitt fremste føremål å halde oppe dei ubrotne folkemusikk- og bygdedanstradisjonane i Noreg, å fremje norsk folkemusikk og bygdedans som fullverdige kunstformer, og ivareta utøvarane sine faglege, økonomiske, sosiale og kunstnarlege interesser. Laget driv Norsk Folkemusikkformidling og Norsk Folkemusikkatalog (http://www.folkogdans.no/), og er aktiv deltakar i Nordisk folkemusikkomite og European Network of Traditional Music and Dance.

I samarbeid med og stønad frå Cultiva (Kristiansand Kommunes Energiverkstiftelse), Bykle kommune, Setesdal regionråd, Valle kommune og Vest-Agder Fylkeskommune skal NFD no i gang med å utvikle ein ny festival for tradisjonelle folkemusikk i Kristiansand/Agder-regionen.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Music Industry, Dance, Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Positions