Om samtidsmusikk og orkesterkultur - del 2
- BFO har ein lang tradisjon i presentasjon av samtidsmusikk, og det er ein tradisjon vi held fast på. Vi prøver ulike grep for å få det til, skriver BFO-direktør Lorenz Reitan. Han er usikker på hva Ballades Ida Habbestad mener med "en levende orkesterkultur": - For nokre blir det vel aldri godt nok det ein gjer, men Ida Habbestad kan vere sikker på at i all programmering så prøver vi å plassere samtidsverk der det er mogeleg og naturleg, skriver Reitan.

Av Lorenz Reitan, Adm.dir. Bergen Filharmoniske Orkester

Dette er overskrifta på det svaret Ida Habbestad har til mitt innlegg i den saka ho sjølv trakk fram i Ballade sine spalter den 27. januar.

I mitt innlegg peikte eg på at ho opererte med ufullstendige tal når det gjeld Bergen Filharmoniske Orkester sin presentasjon av samtidsmusikk/moderne musikk i den sesongen vi er inne i. Dette innrømmer Ida Habbestad og skuldar på at ho ikkje fann dei verka ho ”gløymde” på orkesteret sine internettsider. Ei merkeleg forklaring all den stund alle verk vi skal presentere – med unnatak av to festspelstykkje - ligg på internettsidene.

I tillegg har vi eit trykt program for heile sesongen som er særs detaljert. Når ho ikkje har gitt seg tid til finne alle detaljane om det ho skriv om, så prøver ho å gje BFO skulda for det: det var visstnok så vanskeleg å finne ut av internettsida. Til det er det berre å seie at ein må faktisk kunne vente av ein journalist at faktagrunnlaget for det ein skriv er korrekt, og det tykkjest her naturleg å sitera Ibsen: ”Når utgangspunktet er som galest blir resultatet ofte originalest.”

Ida Habbestad vil vekk frå detaljar og over på dei store og prinsippielle spørsmål. Så vidt eg skjønar henne har det med profilering å gjere. Gjerne det. I same augneblinken gjer ho eit poeng av at det er defensivt å ta omsyn til dei kriteria for programmering som Kulturdepartementet set opp for orkestra. Då blir det marknadsorientering og ettergjeving. Eit merkeleg argument.

For det fyrste så blir orkestra langt på veg finansiert av nettopp Kulturdepartementet. Dette tek vi på alvor, og i dei kriteria som departementet har sett opp skal vi nå både eit breit publikum og finne rom for samtidsmusikk. Det står ikkje korleis dette skal skje, det er det opp til orkestra sjølv å finne ut av. I nokre høve blir samtidsverka plasserte på eigne konsertar, og erfaringa med det er tydeleg: eit markant fråfall av publikummarar. Det er mogeleg at profileringa på det viset er så tydeleg at sjølv ein stressa journalist kan oppdage at det er samtidsmusikk ein spelar, men det er deprimerande både for komponist og orkester å skue ut over glisne benkerader når det er aktuelle og interessante ting ein presenterer.

Alternativet kan vera ”sandwich-metoden”, å pakke verka inn mellom Mozart og Mahler, og den har synt seg effektiv i mange høve. Og tilhøyrarar som elles ville ha valgt bort samtidsmusikken får han med seg på dette viset. Det er ofte svært positive reaksjonar frå folk som elles ikkje har eit nært forhold til denne musikken i slike høve. Men sjølv med denne metoden ser ein fråfall av tilhøyrarer. Seinast då BFO sin sjefsdirigent urframførde Kalevi Aho sin kontrafagottkonsert saman med Mahlers 6. symfoni. Til å vere ein konsert med Andrew Litton som alltid dreg særs gode hus, var besøket beskjedent. Diverre må ein trekke konklusjonen at det var samtidsverket som skremde bort folk. Vår erfaring er likevel at ”sandwich-metoden” er den mest effektive om ein skal nå publikum.

I samband med samtidsverk – ikkje minst utframføringar – prøver vi alltid å få komponisten til å presentera verket for publikum. Nokre gonger har det skjedd i konsertsalen i direkte samanhang med fremføringa, andre gonger i forkant av konserten. Slik profilering av komponist og verk er blitt meir og meir populær, og absolutt ein veg å gå, etter vårt syn. Pressa lar seg og lettare rive med når vi har slike attåtarrangement. Vi arbeider sterkt for å få pressa interessert i dei moderne verka vi presenterer, og både i høve Knut Vaage sin pianokonsert og den nemde konserten av Aho kom det større artiklar i t.d. Bergens Tidende om verka. Dette må vel vere god formidling av samtidsverk?

Det er sikkert andre måtar å profilere samtidsverk og moderne stykkje på, og vi skal prøve å gjere internettsida vår endå klårare med omsyn til å finne ulike verktypar. Dei som har interesse av samtidsverk vil då kanskje lettare kunne finna konsertar med slike stykkje.

BFO har ein lang tradisjon i presentasjon av samtidsmusikk, og det er ein tradisjon vi held fast på. Vi prøver ulike grep for å få det til. Til dømes har vi eit krav til gjestedirigentar som kjem til oss for første gang at dei skal ha norsk musikk (i dei fleste høve tyder det samtidsmusikk) på programmet. Vi har og i fleire år hatt ein komponistkonkurranse for unge tonekunstnarar i samband med De Unges Konsert, og når vi reiser utanlands har vi alltid med musikk av nolevande norske komponistar på programmet.

Kva Ida Habbestad eigenleg meiner med levande orkesterkultur er sanneleg ikkje så lett å skjøna. For nokre blir det vel aldri godt nok det ein gjer, og programpress og –ynskje får vi frå alle kantar. Eit døme fekk me nyleg i NRK sin programpost ”Ring inn musikken” der ein lydar etterlyste meir musikk av Sjostakovitsj på BFO sine konsertar. Det er faktisk eit publikum som og har sterke preferansar og ynskje. Som eg skreiv i mitt forrige Ballade-innlegg så blir utfordringa ofte å finne den rette mixen. Men Ida Habbestad kan vere sikker på at i all programmering så prøver vi å plassere samtidsverk der det er mogeleg og naturleg.

Av Lorenz Reitan Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate, Genre\Classical