"Landslinjene i folkemusikk må bli landsdekkande tilbod"
Rektorene ved Valle vidaregåande skule og Vinstra vidaregåande skule, Tarjei Haugen og Åge Lesjø, har nå sendt ut en felles pressemelding om fremtiden til de såkalte landslinjene for folkemusikk. "Folkemusikklinjene må bli landsdekkande tilbod", skriver de to blant annet, og stiller seg dermed på linje med Nasjonalt samordningsutvalg (NSU), som har kommet opp med sitt forslag til løsning på den akutte situasjonen etter at Utdannings- og forskingsdepartementet trakk tilbake all statsstøtte til folkemusikklinjene.

Skulane har i dag mottatt referat frå møte den 09.01.02 i Nasjonalt samordningsutvalg (NSU).

Utvalet har drøfta den aktuelle situasjonen etter at Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD) har fråtatt ein del landslinjer dei statlege tilskota.

Valle vidaregåande skule og Vinstra vidaregåande skule vil i samråd med Aust-Agder og Oppland fylkeskommunar be om eit møte med UFD og NSU der dei to skulane vil be om følgjande:

1. Folkemusikklinjene må bli landsdekkande tilbod
2. Skulane må få dekka dei reelle utlegga for kvar elevplass
3. Tilskota til utstyr må oppretthaldast

NSU presiserer at dette inneber at tilbod som før har vore landslinjer, skal ha tilskot per elevplass, men at desse plassane skal betalast av dei andre fylka og ikkje av staten. NSU presiserer og at fylkeskommunane skal dele på utlegga med å halde drifta av linjene i gang.

Valle vidaregåande skule og Vinstra vidaregåande skule har diskutert vedtaket i NSU og vil i hovudsak støtte forslaget til løysing på den akutte situasjonen etter at Utdannings- og forskingsdepartementet trekte tilbake all statsstøtte til folkemusikklinjene.


1. Folkemusikklinjene må bli landsdekkande tilbod

Innanfor vidaregåande opplæring eksisterer det i dag fleire landsdekkande tilbod. Felles for dei alle er at dei kan ta inn elevar frå heile landet og at det ansvarlege fylket kan sende rekning for elevplassane til heimefylka til elevane. Denne ordninga funger utmerka i dag innanfor fleire små fag, og etter vårt syn er det berre denne ordninga som sikrar ein bindande avtale mellom fylkeskommunane.

NSU krev at eit landsdekkande tilbod innfor eit fag berre skal gjevast ved to skular i heile landet. Dette kravet oppfyller folkemusikklinjene i Valle og Vinstra.

Ei overgang frå landslinje til landsdekkande tilbod vil dessutan betre tilpasse folkemusikklinjene til utdanningssystemet i landet vårt.


2. Skulane må få dekka dei reelle utlegga for kvar elevplass

Alle musikklinjer er dyre å drive på grunn av at det nødvendigvis må vere ein del individuelle timar. Dette gjeld sjølvsagt anten ein driv med folkemusikk eller klassisk.

Skulane må difor få refundert frå heimefylka til elevane dei reelle utlegga dei har på å opprette ein elevplass.


3. Tilskota til utstyr må oppretthaldast

Folkemusikklinjene har på like fot med dei andre landslinjene kvart år motteke eit eige tilskot til utstyr. Dette tilskotet har aldri vore stort, som regel har det lege mellom
50-100 000 kr kvart år.

Sjølv om dette på eit skulebudsjett er ein liten sum, gjev det oss høve til å kjøpe inn folkemusikkinstrument frå andre delar av landet, litteratur og musikk innanfor vår sjanger og i tillegg har vi også litt ressursar til å hente inn gjestelærarar som kan gjeve elevane våre ei innføring i mangfaldet og dialektane i norsk folkemusikk.

Skulane ber difor om at tilskotet til utstyr vert oppretthalde, gjerne gjennom ei fordeling mellom fylka.

For Valle vidaregåande skule
Tarjei Haugen, rektor

For Vinstra vidaregåande skule
Åge Lesjø, rektor

Om du vil ytre deg i saken, kan du sende et innlegg i saken på e-post til ballade@mic.no. Nedenfor finner du som vanlig lenker til flere relevante artikler og innlegg om emnet.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Debate, Genre\Folk / Traditional, Organizations, Politics