Glima med plateslepp-konsert
Folkemusikktrioen Glima kjem no ut med sin fyrste CD-plate, og markerer platesleppet med ein konsert i Granvin kulturhus i Seljord, fredag 19. oktober kl 20.00. Glima er og Månadens artist i Norsk Folkemusikkatalog i oktober.

Her blir repertoaret frå plata presentert gjennom ein times konsert. Etterpå blir det dans, med musikk av Glima og Seljord Spele-manns-lag, og servering av mat, øl og vin.

Torunn Raftevold Rue (hardingfele), Ragnhild Knudsen (bratsj/hardingfele) og Helene Waage (cello/vokal) har arbeidd med materialet til plata i fleire år. Sjølve innspelinga blei gjort i vår, på Sporanes i Rauland, i ei tømre bygd av material frå atelieret til Dyre Vaa. Det er stor spennvidde i Glima sitt repertoar - frå religiøse folketonar og lydarslåttar til feiande springar og halling. Plata inneheld slåttar frå ulike deler av Telemark og Vestlandet. Trioen står sjølv for dei musikalske arrangementa som er nyskapande, men med tydelege røter i gammal slåttetradisjon. Både tittelsporet og trioen har namnet sitt etter gygri (trollkjerringa) i Mælefjell i Telemark. Glima er "månadens artist" i Norsk Folkemusikkatalog i oktober.

To av dei tre musikarane i Glima bur i Seljord kommune, og både Seljord kommune, Seljord Sparebank og Seljord Spelemannslag har støtta CD-utgjevinga, i tillegg til Fond for lyd og bilde og RFF. Dei tre gygrene i Glima synest difor det er naturleg og triveleg å kunne invitere til plateslepp, konsert og dans nettopp i Seljord. Dei lovar ein skikkeleg festkveld og vonar at fleire enn seljordspublikumet vil finne vegen til Granvin denne fredagskvelden.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Concerts, CD Releases