Statuttar for Farten Valen-stipendet
Her kan komponister og andre interesserte lese mer om Fartein Valen-stipendet, og se på hvilke statutter Sveio kommune har satt opp.

Statuttar for Sveio Kommune sitt "Fartien Valen-stipend"

1. "Fartein Valen stipendet" er oppretta og vert lyst ut av Sveio kommune. Stipendet kan søkjast av komponistar som i hovudsak bur og arbeider i Noreg.

2. Ein jury skal velja ut kven av dei aktuelle søkjarane som skal få stipendet på grunnlag av prosjektskildring, CV og dokumentasjon av tidlegare arbeid. Juryen vert sett saman slik:


3. Den som får tildelt Valen stipendet må arbeide i Sveio i året stipendet gjeld for eller 1 kvartal i året etter. Opphaldet bør strekkje seg over 4 - 6 veker. I samarbeid med eigar, stiller kommunen bustad og arbeidsplass til rådvelde i Valen-heimen.

4. Under dei påfølgjande Valen-dagane, vert stipendmottakaren "Årets komponist". I samband med dette er det ein føresetnad at ho/han vederlagsfritt held eit foredrag over eit aktuelt tema/eller presenterer seg som komponist. Arrangør av Valen-dagane har rett til å ta inngangspengar eller dekka utgiftene sine på annan måte, i samband med framføringa. Arrangøren dekker stipendmottakar sine reise- og opphaldsutgifter etter nærare avtale.

5. Dersom stipendopphaldet resulterer i ein ferdig komposisjon eller anna skriftleg arbeid, må stipendopphaldar forplikta seg tilå donera eit eksemplar til sveio kommune og eit til valen-heimen.

6. "Fartein Valen stipendet" skal lysast ut årleg eigna, musikkfaglege publikasjonar. Søknadsfrist er 15.mars.

7. Stipendet vert kvart år avgrensa av midlane avsette av kommunestyret ved handsaminga av årsbudsjettet..

Vedtatt i Sveio kommunestyre sak 6/99, 15.02.99

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Classical, Awards, Funding, Application deadlines