Ein fråfallen trombonist
Laurdag 4. oktober sto Berit Opheim på scena i Universitetet Aula, og song Lasse Thoresens nye verk "Løp, lokk & linjar" - ei av månge urframføringar under Ultima i år. Her fortel Nicholas H. Møllerhaug om den eksperimenterande og suverene kvedarinna og pedagogen frå Voss, som sjølv seier: - No veit eg litt meir om stemma mi.
Berit Opheim (210x210)

Av Nicholas H. Møllerhaug

Kvedaren Berit Opheim er ein av dei korpsrørsla mista. Ho har allikevel aldri gløymt ut kva trombonen betydde for ho. Den musikalske oppsedinga er viktig - anten ein spelar trombone eller elbass. Idag er Opheim ei eksperimenterande og suveren kvedarinne frå Voss. Ei dame med uvanleg instrumentkjensle.

Det fruktbare samarbeidet mellom Lasse Thoresen og Opheim er eit av symptoma på dette. Urframføringa av 'Løp, lokk og linjar' under Ultima i år blir nok ein musikalsk bauta. Ikkje minst at hennar karakteristiske stemme er solistisk fokus for Thoresen. Ho har eit varmt og stødig stemmeuttrykk - ei stemme Thoresen lenge har hatt stor sans for. Då Opheim byrja å studere på Norges Musikkhøyskole starta samarbeidet.

Openheit og samarbeide på tvers av genrane karakteriserar Berit Opheim. Ikkje minst er openheita til omgjevnadane stor. Ho er kjend for å spør og vere nysgjerrig. Ho undersøker omgjevnadane på ein aktiv måte - berre slik får ein svar. Dette er uvanleg innanføre det seriøse klassiske musikklivet. Det er slik den folkelege tradisjonen har gått vidare - frå slektsledd til nytt ledd. Yngre menneske har banka på og spurd om å få lære noko. Ein har lærd bort - det er difor ein lever. Det å spør er essensielt her. Nett som Opheim tidleg i studietida si oppsøkte Thoresen på Musikkhøyskolen oppsøkta ho også kvedarar. Ho fann etterkvart fram til eldre mennesker på Voss. Menneske som kunne ha noko verdifullt å gje vidare. Kunnskap, tonar og forteljingar. Ein viktig plass har den gamle kvedaren Olav Fletre. Berit Opheim vart kjend med han då han var berre 95. Umiddelbar kontakt oppstod mellom den unge jenta og den gamle mannen. I løpet av det fem år lange venskapet lærde ho mengder med songar og forteljingar. Ikkje minst vart ho kjend med eit stort menneske. Slike som han fanns det mange av før i tida. Og læresituasjonen var ein heilt annan enn på læreanstalten.

- Det var veldig sterkt, fortel Opheim. - Olav var ein av dei gamle som sat kringom i husa sine. Dei gamle har så mykje å gje - trist om dei ikkje får gje. Ikkje berre melodiane og tekstane var viktige då eg traff han. Like viktig er minnet om alt ikring. Bestefarsklokka som tikka med djupe gamalmekaniske tikk. Fargen på skjorta hans. Kaffien. Alt var viktig for møtet. Alt dette tenker eg på idet eg tenker på songane han gav meg. Det er ein fin måte å hugse nokon på. Eg gløymer aldri hundreårsdagen hans. Då skipa me svær fest for han. Kort tid etterpå døydde han.

Opheim finn sjølv fram til koordinatane sine. Etter at ho spelte i korps, byrja ho å studere. Ho studerte då song med trombone som biinstrument på Musikkonservatoriet i Bergen. Paralellt var ho med i Bergen Domkantori. Etter ei stund openberra det seg ei ekspesjonell stemme i den blide vossajenta. Ho byrja å oppsøke andre miljøer heilt på eiga hand. Stor hjelp og stønad fekk ho frå ein komponist busett på Voss - Per Indrehus. Han lærde veldig mykje vidare til Berit og gradvis kom ho i kontakt med dei rollene ho er kjend for idag. No nådde den folkemusikalske horisonten og gjorde furore med nyskapande idèar. Heilt sjølvstendig navigerte ho inn i eit heilt framandt område. Idag er det mange som trur at ho har vore oppsedd på folkesong. At ho heilt sidan barndomen har kveda. Det har ho altså ikkje. Under studia på musikkonservatoriet vart ho kjend med ein annan original musikar - Nils Økland. Samspelet med han kom til å bety mykje. Dette starta i 1988.

Gjennom Økland kom Opheim borti eit miljø kor alt improviserte. Økland hadde i årevis spelt 'spontanmusikk'. Denne musikken opna opp ei musikalsk verd for Berit Opheim. Ei verd kor utruleg mange impulsar var regelen - inkje var ulovleg berre det var snakk om god musikk. Etter det har ho spelt utalege konsertar saman med Nils Økland. På den siste soloplata til Opheim viser denne breidden seg totalt. Plata 'Fryd' inneheld klassiske folkesongperler sidestilt med eksperimentell vokal. Dette gler mange lyttarar seg til å høyra mykje meir av. Eit endå større norsk publikum hugse nok 'Dåm' - samarbeidet mellom Opheim, Sondre Bratland og Oslo Kammerkor.Få tenker på korpsmusikaren Opheim når ein høyrer songen hennar. Tilfeldigheitane ville at ho kom til å bruke stemma si så mykje som ho verkeleg gjer. Ho byrja i Bergen Domkantori under Magnar Mangersnes. Ho kordebuterte som sopran i Missa Solemnis av Beethoven. Ei skrekkeleg utfordrande og høg sopranstemme.

- Det var ein dramatisk kordebut. Eg trudde eg skulle miste stemma - og svann fort via 2.sopranen ned i altdjupet. På stemmeprøven hjå Mangersnes spurde han meg: "syng du sopran eller alt?" Då svara eg: veit ikkje! Difor starta eg så høgt. No veit eg litt meir om stemma mi.

Idag lærar ho bort kvedarkunnskapane til studentar og born. Bornegruppa Småkvedarane dreiv Opheim i åtte år - inntil for to år sidan. Kvedarskulen på Ole Bull Akademiet på Voss er ein stor suksess. Slikt tek tid. I månadane føre urframføringa av Lasse Thoresen sitt verk har ho no fått permisjon.

I verket til BIT 20 og Opheim har både stemmedjupet og -høgda ei viktig rolle. Opheim har fått klare rammer for kva ho skal synge. Thoresen veit godt kva han ikkje vil ha. Verket inneheld elles tydelege folkemusikalske motiv. Mellom anna har Thoresen brukt kulokkar og fuglekvitter. Komponisten og songaren har allereie arbeidd veldig nært for å prøve ut stemmebruken. Frå før har Opheim framførd eit anna bestillingsverk av han. Det skjedde i Warzawa i 1998.

Det er uansett ei stor begivenheit å på ny få gleda av eit så spesielt musikalsk møte. Me kan jo håpe at Thoresen også skriv inn ein liten trombonetrudelutt. Men: berre i tilfelle Berit får lyst til å spele ein slik. Antakeleg er det massive verket - heile førti minuttar med tonar - meir enn nok. På ny vil me bli ført inn i dei tonale yttergrensene: Ultima Thule. Sjølve intensjonen bak Ultimafestivalen - med eller utan trombone.

Denne artikkelen står også å lese i det 206 siders gratis programheftet til Ultima, som ligger ute i disse dager, og er gjengitt med velvillig tillatelse av Ultima og forfatteren.

Av Nicholas H. Møllerhaug Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Folk / Traditional, Genre\Classical, Interviews, Concerts