"Norges best bevarte kulturhemmelighet"
Eikanger-Bjørsvik Musikklag kaller seg "abrassadørene fra Nord-Hordaland", men får altså ingen støtte av hjemkommunen Lindås. Her kan du lese søknaden om tilskudd til EM-deltakelse.
Eikanger-Bjørsvik Musikklag (180x250)

Lindås Kommune
Ordførar Odd Tøsdal
Rådhuset
5914 Isdalstø

SØKNAD OM TILSKOT TIL INTERNASJONALT REPRESENTASJONSOPPDRAG

Eikanger-Bjørsvik Musikklag (EBML) er som Noregsmeister 2001 invitert til å representera Noreg i Europameisterskapen for brassband i Brüssel 5.mai 2002. Vi vil i dette høvet søkje om stønad frå Lindås Kommune, pålydande kr 50.000,-

Kvifor er så EM for brassband eit viktig prosjekt? Arrangementet er definitivt ei av dei mest prestisjetunge representasjonsoppgåvene eit norsk musikkorps kan få. Deltaking og gode resultat gjev stor merksemd langt utanfor Europa, og er ein aktiv marknadsføring av vårt heimeområde. Eikanger-Bjørsvik Musikklag har over mange år opparbeidd stor respekt og velvilje på europeisk nivå, og promotert Noreg som ein kulturnasjon. Dette ønskjer vi også å gjere i Brüssel, spesielt med tanke på at EM for brassband i 2003 er lagt til Bergen. Eikanger-Bjørsvik kom i fjorårets meisterskap på ein andreplass, og er blant favorittane til siger i EM 2002. EBML har som det einaste norske brassband vunne EM-tittelen to gonger tidlegare - i 1988 og 1989.

Vidare vil vi argumentera at EBML, til tross for definisjonsmessig status som amatørensemble, held eit musikalsk nivå som ligg godt innanfor tilsvarande i det profesjonelle miljøet. Bandet består i hovudsak av unge folk med stort talent, og enormt engasjement. Ein del av utøvarane er i tillegg profesjonelle musikarar utanom, og har nytta EBML som ein viktig reiskap i si musikalske utvikling. Som dokumentasjon av den unike musikalske kvaliteten kan vi visa til det faktum at Eikanger-Bjørsvik er hyra av Festspillene i Bergen, til å gjera ein ballett saman med Carte Blanche, under leiing av Jo Strømgren. Framsyninga er opningsnummer ved neste års festspel - dei 50.ande i rekkja - og har fått namnet Lux Eterna eller "det evige lyset". Dette er ein refleksjon rundt "dagliglivet i himmelen". Som forklaring på kvifor Strømgren ønskte Eikanger-Bjørsvik Musikklag, sa han - "...de er Norges best bevarte kulturhemmelighet".

Som det går fram av det vedlagte budsjettet, utgjer deltaking i Europameisterskapen ein stor økonomisk belastning. Store delar av prosjektet vert finansiert i form av eigendelar, sal av annonser (profilering i aviser, plakatar, flygeblad og liknande) og lodd, samt konsertinntekter. Dette krevjar mykje tid og pengar av den enkelte, og syner det store engasjementet som medlemmane har for meisterskapen. Totalt er det likevel ikkje nok til å finansiera heile prosjektet. Vi er difor avhengig av diverse stønad.

Vi vonar at Lindås Kommune verdset den innsatsen som EBML gjer under Europameisterskapen og elles, og at de har høve til å hjelpa oss med naudsynt finansiering av prosjektet.


Vennleg helsing
Eikanger-Bjørsvik Musikklag


Øystein Hagesæther, Formann
Sissel Hennø, Marknadssjef

Vedlegg: 1. Prosjektskildring, 2. 2. Kort presentasjon, 3. Referansar, 4. budsjett

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Competitions, Wind Band, Organizations, Politics