Music Factory 2003: Samansmelting av ord, orgel og andre klangar
Music Factory finn på ny stad i mai 2003. Festivalen i år startar den 15. mai, rullar til og med den 22., og tangerar storesyster Festspillene med to dagar. Den nyskapande mexikanske komponisten Julio Estrada er festivalkomponist i år. Den verdskjende ungarske organisten Szygmond Szathmary kjem og, og vil møte vår eigen Nils Henrik Asheim i Bergen Domkirke, medan forfattarane Kjell Askildsen og Ragnar Hovland vil lese opp i uvante settingar.

Ein ny og ung leiarduett tek over etter James Clapperton sin heroiske innsats. Nicholas H. Møllerhaug og Øyvind Torvund er fabrikksjefar i 2003. Møllerhaug er skribent busett i Bergen, som frå tid til anna også skriv for Ballade. Torvund er komponist med base i Berlin. Kva som skjer med festivalen i 2004 er utelukka ei sak MFstyret avgjer. Dei kunstnariske leiarane har berre med årets program å gjere.

Music Factory skal i år presentere Julio Estrada. Denne nyskapande mexikanske komponisten er festivalkomponist i år. Han har aldri vore i Noreg før, og blir i Bergen heile to veker. Han skal m.a. leie det tradisjonelle komposisjonsseminaret på Griegakademiet. Eit kobbel av dei framste instrumentalistane i verda kjem. Dei skal m.a. framføre verk Estrada har tilegna dei.

Det mest sensasjonelle i år er eit nytt verk han held på med til barneorkesteret Nattlandsgjengen. Det blir urframførd med Estrada som dirigent. M.a.o. - ein generøs komponistskikkelse. Altså framførd av store orkester i verdseliten den eine dagen og eit barneorkester den andre.

Den verdskjende ungarske organisten Szygmond Szathmary (som har samarbeida i mange år med landsmannen Ligeti) vil også urframføre Estrada. Det flotte orgelet i Domkirken blir åstad. Cellisten Rohan De Saram frå Ardittikvartetten kjem også. Han vil framføre m.a. celloverka til festivalkomponisten. Ei anna begivenhet er den nordiske premieren av 'Sequenza for Cello' av Luciano Berio. Det har Berio skrive til De Saram. Stefano Scodanibbio er rekna som ein av dei framste kontrabassistane i verda. Han er sjølv ein eigenarta komponist. Som kontrabassist har han m.a. samarbeida nært med Luigi Nono, Terry Riley og Steve Reich.

Ei nyskaping frå Music Factory si side blir ei rekke samansmeltingar av ord og musikk. Og utfordringar på og av veldig ladde arenaer.

Her er det særleg forfattarane Kjell Askildsen og Ragnar Hovland vil få mykje å seie. Dei skal båe lese opp i heilt uvante settingar for desse to distinkte forfattarstemmene. Noko dei båe har til felles er stor språkleg musikalitet.

Kjell Askildsen vil sjølv lese opp ei rekke av Tomas F's Nedtegnelser i Bergen Domkirke. Kanskje finns ikkje ein betre stad for opplesing av desse tekstane. For mange er desse eit indarleg portrett av den moderne livskjensla. Han får tonalt hjelp - innimellom lesningane av stor orgelkunst: Zsygmond Szathmary og Nils Henrik Asheim konfronterar orda med friimproviserte tonar. Sistnemnde deler lydrom med Phonophani - ein raffinert elektronika-artist. Han bruker Bach på ein ny måte.

Ragnar Hovland er ein annan representant for ordverda. Han blir også presentert i nye rom og instrumentert opp. Detaljar om desse arrangementa kjem når programhefte blir trykt. Eit stikkord er ein tonal piknik med den gamle HSD-ferga Skånevik - med masse tonalt og kulinarisk tilbehør. Denne ferga tøffar ut i ope hav og attende.

Av meir tradisjonelle og akademiske disiplinar arrangerar MF organist/fri-improvisasjonsseminar i Domkirken. Der blir Szygmond Szathmary seminarleiar. Han er kjend for sine inspirerande improvisasjonsseminar på den verdskjende Darmstadtskulen. Dette blir interessant for langt fleire enn organistar. Driv ein med improvisasjonskunst på gitar eller andre instruement kan ein delta aktivt. Det einaste ein må gjere er å ta med hornet ein speler på. Både dette seminaret og masterclass i komposisjon er opne for alle interesserte.

For dei som ynskjer innsikt i norsk samtidsmusikk blir det også tilbod. Urframføringane av dei to unge norske komponistane Ruben Sverre Gjertsen (busett i Bergen) og Lars Petter Hagen frå Oslo er verdt å notere ned. Den særprega komponisten Arvid Gangsø - busett i Haugesund - blir også presentert ved fleire anledningar.

Internasjonale utøvarar under MF 2003: Julio Estrada (MX/ES) - festivalkomponist, Rohan De Saram (frå Ardittikvartetten) (GB - Sri Lanka), Stefano Scodanibbio (IT) - kontrabassist/ komponist, Szygmond Szathmary (HU) - organist/ komponist, Velia Estrada (MX) - pianist, Kairoskvartetten (DE) - strykekvartett, Sergej Nevskij (RU/DE) - komponist, James Clapperton - pianist og Chicco (UR/DE) - sambartist/komponist.

Norske utøvarar: Kjell Askildsen - forfattar, Ragnar Hovland - forfattar, Nils Økland - fiolinst/hardingfelespelar, Sigbjørn Apeland - organist - trøorganist, Nils Henrik Asheim - organist/ komponist, Phonophani - elektronika-artist/ komponist, John Hegre - gitarist/elektronika-artist/komponist, MF Skånevik - ferge, BIT 20, Steinar Pedersen - pianist
Lars Petter Hagen - komponist, Griegakademiet Sinfonietta, BIT 20 Chamber, Nattlandsgjengen Barneorkester, Arvid Gangsø - komponist og Ruben Sverre Gjertsen - komponist.

Nøyaktige verklister til dei ulike konsertane kjem seinare i det opptrykte MF-programmet.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical\Contemporary, Concerts