Landslaget for Spelemenn søker arrangementskonsulent
Landslaget for Spelemenn lyser ut ei 1/1 nyoppretta stilling som arrangementskonsulent. Arbeidsoppgåvene vil vere knytt direkte opp mot våre to store arrangement Landskappleiken og Landsfestivalen, og mot Landslaget for Spelemenn sentralt.

Landskappleiken og Landsfestivalen er to årlege arrangement som ambulerer rundt om i landet - med Landslaget for Spelemenn (LfS) som hovudarrangør og lokale medlemslag som tekniske og praktiske arrangørar.

Dei tre viktigaste oppgåvene tillagt stillinga blir å
- få til overføring av eit breitt spekter av kunnskap og erfaring frå arrangør til arrangør frå år til år
- arbeide for å skaffe sponsorar til arrangementa og organisasjonen
- ha eit spesialansvar for marknadsføring/PR, både for dei to arrangementa og for LfS.

Arbeidsoppgåvene vil bli nedfelt i ein meir detaljert jobbinstruks.

Søkaren må ha gode samarbeidseigenskapar og samtidig kunne arbeide sjølvstendig, vere kreativ og ha god kjennskap til IKT.

Den daglege leiinga i LfS har kontor i Musikkens Hus i Oslo saman med ei rekkje andre musikkorganisasjonar. Dette representerer eit miljø med ein svært brei kompetanse innan musikklivet generelt. Ein tar sikte på at også denne stillinga skal lokaliserast til Musikkens Hus, men det vil vere mogleg å diskutere andre kontorløysingar.

Lønn etter avtale. LfS har kollektiv pensjonsforsikring for sine tilsette. Nærare opplysningar om stillinga kan de få v/ dagleg leiar i LfS, tlf.: 22 42 45 92 / 950 85 647

Søknadsfrist: 20. februar .

Søknaden vedlagt attestar og vitnemål, sendast til

Landslaget for Spelemenn,
Tollbugt. 28, 0157 Oslo.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Music Industry, Festivals, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Positions