- Tid for kulturpolitisk anerkjenning
Laurdag 16. mars arrangerar Norsk Folkemusikk- og Danselag ope møte i Telemark rundt Kulturrådets utgreiing Om folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Noreg. Møtet er gratis, og byr m.a. på paneldebatt mellom professor Per Mangset, professor Odd Are Berkaak og hardingfeleutøvar Anne Hytta.

I november la Kulturrådet fram utgreiinga Om folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Noreg (Georg Arnestad, Norsk kulturråd sin rapportserie nr 27). Her blir det slått fast at "det er ingen andre enn norske kulturpolitiske styresmakter som kan ta på seg eit særskilt forvaltningsansvar for norsk folkemusikk og folkedans. Kulturpolitisk er det her vi finn den store skilnaden mellom folkemusikken og andre musikksjangrar. I liten grad har dette vorte erkjent av norske kulturstyresmakter. Vi finn dessutan i dokumenta frå storting og regjering heller ikkje noka eksplisitt kulturpolitisk anerkjenning av folkemusikk som profesjonell kunst."

Kulturdepartementet førebur ny kulturmelding. Kvifor er "eit særskilt forvaltningsansvar for norsk folkemusikk og folkedans" viktig? Kva vil ei "eksplisitt kulturpolitisk anerkjenning av folkemusikk som profesjonell kunst" innebere? Og kva med dansen?

Program laurdag 16. mars:


Tid: Laurdag 16. mars kl 10.00
Stad: Parketten, Bø Hotell, Bø i Telemark
Pris: Gratis, evt. mat betaler du ved registrering. På

Påmelding og informasjon:
E-post: nfd@folkogdans.no
Tlf: 22 42 32 90

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Debate, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Conferences / Seminars, Organizations, Politics