Bandindex lev vidare
Norwegian Bandindex er i sitt fjerde år på nett og har hatt ei rivande utvikling sidan starten med 200 registrerte bandlenker. Webmaster/redaktør og utviklar Holger Lockertsen reknar med at 2000 registrerte norske artistar blir runda i løpet av få veker. Her kan du lese om nye tenester på sida.

Bandindex.no er langt frå dotcom-daud. Siste nytt av funksjonalitet på sidene er diskografi for kvar artist, og med artistinfo, lenkesamlinga, nyhendelenker og konsertoversikta har NBI utvikla seg til å bli ein av dei største og beste informasjonsdatabasene om norsk musikk på nett.

NBI er utvikla og drevet utelukkande på hobbybasis av Holger Lockertsen, og bakgrunnen for suksessen er at artistane kan registrere info om seg sjølv og andre, lenker til nettsider, konsertar, plater, osv. on-the-fly. Med så mange og aktive medlemer som NBI har sikrar ein at informasjonen er riktig til ei kvar tid.

I tillegg til den informasjonen som artistane sjølv registrerer, jobbar Holger kontinuerleg med å registrere nyhendesaker, konsertmeldingar og platemeldingar om artistane i ulike nettmedia. Her blir alle handsama likt - om bandet er A-ha eller om det er eit usignert fjortisband frå Steinkjer.

Konsertguiden er av mange rekna som den beste i Noreg, og er unik pga koblinga mellom arrangement-, artist- og konsertstadinformasjon. Direkte lenker til billettsal hos Billettservice lagast automatisk når ein registrerer arrangement som også finst der. NBI har dessutan ei av landets beste oversikter over konsertstader. Mange artistar brukar faktisk konsertstadoversikta i NBI til å planleggja turnéar og koma i kontakt med aktuelle arrangørar. Konsertguiden har i over to år også vore tilgjengeleg på WAP, og er ein av dei meir nyttige waptenestene som finst.

NBI har hatt ei stor auking i besøkstal i 2002 og har nær dobla talet på sidevisningar i april i forhold til desember 2001, og det er ingenting som tilseier at auka skal stoppe enda. Marknadsføringsbudsjettet er ikkje-eksisterande, men fleire og fleire musikkinteresserte lenker til NBI og dei fleste større portalane har lenke til NBI lett synleg.

Holger Lockertsen har full jobb som utviklar i Pixelduck AS ved sidan av, og kan diverre ikkje driva NBI som yrke. Det er for lite pengar å tene på innhald på nett seier han sjølv. Den vesle vinninga han har på annonsar går vekk i spinninga på drift, og dei mange hundre timane han har brukt på utvikling kan han truleg sjå langt etter å få betalt for. Det er eiga musikkinteresse som er drivkrafta bak tiltaket, og løn får han i form av positive tilbakemeldingar frå brukarane...

Her finner du Norwegian Bandindex - ein av Ballade-redaksjonens daglege hjelpemidlar..

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Music Industry, Genre\Popular Music