Kristin Gravaune fekk Eckbo Legaters folkemusikk 2002
Styreleiar i Telemarkfestivalen, Kjell Bitustøyl, og museumsstyrar på Bø Museum, Finn Rønning, overrekte laurdag 3.august Eckbo Legaters Folkemusikkpris for Unge Folkemusikere til den 15-årige toraderspelaren Kristin Gravaune frå Oppdal.

Utdelinga av prisen er eit samarbeid mellom Telemarkfestivalen og Bø Museum. Prisen er nasjonal og blir gjeve ut ein gong i året, under Telemarkfestivalen. Juryen består av Eivind Eckbo dy, Leif Rygg, Asbjørn Storesund og Kjell Bitustøyl.

Eckbo Legater seier det slik: "Prisen har til formål å inspirere unge utøvere av folkemusikk. Den er følgelig ingen pris for kulturens utøvere i tradisjonell forstand, men en påskjønnelse for dens formidlere. Prisen kan tildeles enkeltpersoner under 18 år som på en spesielt god og aktiv måte har bidratt til økt oppmerksomhet og bevissthet om folkemusikkens uttrykk".

Kristine Gravaune fekk kr. 15.000,- og diplom.

Kristin var i Førde på Landsfestival den helga ho fekk prisen, og var i Bø bare ei kort stund. Prisvinnaren presenterer seg for publikum og presse i full breidde under festivalen neste år. Kjell Bitustøyl understreka at den flotte utviklinga dei siste åra i aldersgruppene Kristin høyrer til. - Det er mange gode unge på kappleikane nå, sa han. - Deltakarane blir stadig yngre, korleis skal dette ende!

Kristin Gravaune frå Oppdal er 15 år. Mora meldte seg på eit toraderkurs då Kristin var 10 år, Kristin blei også med, og det tok ikkje lang tid før Kristin gjekk forbi alle saman. Ho hadde spela piano før det.Same året som Kristin byrja å spela, dvs 1998, deltok ho på Landsfestivalen i gammaldansmusikk og blei der nr. 4 i yngste klasse. Seinare har ho delteke der fleire gonger og fått gode plasseringar: 2 andreplassar,1 tredjeplass

Kristin har vunne klassa for durpspel/torader på Titanofestivalen 3 gonger. Ho har òg vunne durspelklassa på Trøndelagskappleiken fleire gonger. Kristin har vidare fått gullmedalje og sølvmedalje på i durspel junior i NM som blir arrangert av Norske Trekkspilleres Landsforbund

I 2001 gav Kristin ut sin eigen CD - "Det blå rommet", halvparten av melodiane er eigne komposisjonar. Ho har per dato komponert ca 70 melodiar. Kristin fekk i 2000 Adressavisas Heidersrose, som går til trønderar som har gjort seg bemerka. I 2002 tok Kristin imot Adressavisas kulturstipend på kr. 25 000. I Norsk Barneblad nr. 18 - 2001 prydar ho forsida, og historia fyller to sider i bladet.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Folk / Traditional, Awards