Norsk Folkemusikkformidling: - NRK si Grand Prix-flause
Ola K. Berge driver med artistprofilering og formidling for Norsk Folkemusikkformidling. Han er oppgitt over det han omtaler som manglende respekt, dømmekraft og kompetanse innen folkekultur- og folkemusikkfeltet i NRK, og skriver: - Latvia har som ein ny, gamal nasjon ein heilt annan respekt for eigen kulturarv enn det ein ser i Norge og som manifesterar seg i "kulturinstitusjonen" NRK.

Av Ola K. Berge, Norsk Folkemusikkformidling
Norsk Folkemusikk- og Danselags arrangør- og formidlingsorganisasjon

Norsk Folkemusikkformidling syner til reaksjonane på pauseinnslager i den norske Grand Prix-sendinga, og oppslaget i Dagbladet onsdag 5. mars, "Raseri mot Norge og NRK - Latviere truer med boikott etter Grand Prix-flause" og "...Min mor, som var på besøk fra Latvia, måtte ta nervetabletter etter å ha sett innslaget". At NRK sitt sikker velmeinte latviske folkloreshow ender i ein einaste stor saus med element hovudsakleg henta frå russisk folkekultur overraskar ikkje oss. Tvert imot er det nok eit døme på manglande respekt, dømekraft og kompetanse innan feltet folkekultur og folkemusikk i NRK.

Folkekulturen, og særleg folkemusikk, er ein del av kulturen NRK Fjernsyn aldri har teke på alvor eller teke ansvar for som allmenkringkastar. Det er difor ikkje det spor rart at dei som underhaldningsmaskin dett på rumpa når dei prøver å gå irsk TV og Riverdance i næringa under eit Grand Prix-show. Dei norske TV-sjåarane treng ikkje NRK frykte korreks frå. Dei har gjennom tiår blitt snytt for både norsk og internasjonal folkemusikk og står fram som eit ytterst ukritisk publikum. At det latviske publikumet, derimot, reagerer med sinne og vantru er ikkje vanskeleg å forstå. Dei har som ein ny, gamal nasjon ein heilt annan respekt for eigen kulturarv enn det ein ser i Norge og som manifesterar seg i kulturinstitusjonen NRK. At ein kan trenge nervetablettar for å kome seg gjennom ei Grand Prix-sending, derimot, er vel kjent i begge kulturar.

- Ola K. Berge, artistprofilering og formidling

------------------------

Anmerkning fra Ballade-redaksjonen: Om noen av våre lesere skulle ha blitt nysgjerrige på hvordan ekte latvisk folkemusikk og folkekultur arter seg, anbefaler vi disse lenkene, der man både kan lese om - og høre - latvisk musikk:

Debate, Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\World / Crossover, Media, Organizations, Politics