Utanlandske innkjøparar til Folkelarm
Folkelarm vart starta av Landslaget for spelemenn i 2005 for å bøte på problemet med å få presentert norske folkemusikkartistar for konsertarrangørar og festivalar. No meldar arrangørane at eit samarbeid mellom Landslaget for spelemenn, Førdefestivalen og Oslo World Music Festival skaffar mange potensielle innkjøparar til folkemusikk-arrangement.


Folkelarm blir arrangert på Fabrikken i Oslo helga 29. - 30. september 2006.

Her blir det ca. 30 showcasekonsertar med norske og nordiske folkemusikkartistar, seminar og bransjetreff, møte for Nordisk folkemusikkomité og utdeling av Norwegian Folk Music Award – Folkelarmprisane.

Folkelarm vart starta av Landslaget for spelemenn i 2005, mellom anna for å vere ein presentasjonsarena for folkemusikkartsiari øve til bransjen - noko ein har mangla innanfor folkemusikksektoren etter at det nordiske bransjetreffet Norrsken vart lagt ned for nokre år sidan.

- Folkelarm 2005 vart ein innanlandsk suksess, men drog få utanlandske representantar, seier Frode Rolandsgard i i LfS ogFolkelarm. - I 2006 har vi funne ei løysing på dett.

Etter initativ frå knutepunktfestivalen Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og i samarbeid med Oslo World Music Festival (Rikskonsertane) har Folkelarm-arrangørane fått lagt årsmøtet i European Forum for Worldwide Music Festivals (EFWMF) til Oslo og Folkelarm.

- Dette gjer at om lag 20 europeiske festivalar innan genrane folk, world, og roots music vil få eit eineståande møte med norsk folkemusikk, seier Rolandsgard. - Å få EFWMF til Folkelarm kan sjåast som ei viktig investering i framtidige oppdrag for norske folkemusikarar. Dette er såleis ei langsiktig satsing som på sikt kan gje mange spelejobbar i Europa.

EFWMF (www.efwmf.org) er ein nettverksorganisasjon for over 40 viktige festivalar innanfor folk/trad/verdensmusikk i Europa. Nettverket driv felles informasjon og marknadsføring og fagleg erfarings- og kompetanseutveksling. Nettverket gir ut eit internasjonalt tidsskrift eit par gonger i året, har felles stand på den store årlege verdensmusikkmessa WOMEX og ei heimeside med kontaktinformasjon til alle medlemsfestivalane.

Norske medlemer i nettverket er Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Oslo World Music Festival.

Folkelarm meldar at dei også vil invitere utanlandske journalistar til Oslo, for å setje ytterlegare fokus på tradisjonsmusikken.

- Også svenske og danske interesseorganisasjonar for folkemusikk er kontakta og invitert til å sende artistar til Folkelarm. Dette vil gjera at ein får ein brei og interessant presentasjon av heile det nordiske folkemusikkuttrykket, meiner Rolandsgad

Samarbeidspartnarar for Landslaget for Spelemenn er Førde internasjonale folkemusikkfestival, Oslo World Music Festival, Norsk kulturråd og Music Export Norway.

Meir info kan du lese på www.folkelarm.no.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Music Industry, Export, Festivals, Genre\Folk / Traditional, Conferences / Seminars, Organizations, Outside Norway