Skuffelse hos Norsk Folkemusikk- og Danselag
"Skuffande og sjølvmotseiande" heter det i Norsk Folkemusikk- og Danselags pressemelding, som ble sendt ut i formiddag. Styreleder Halvard Kaasa etterlyser en vilje til å omsette ord til handling, og det påpekes at forslaget til budsjett innebærer en faktisk reduksjon av tilskuddet til den viktige IT-satsingen Norsk Folkemusikkatalog.

Vår nye kulturminister har tidlegare gitt uttrykk for at ho ville gje kulturbudsjettet eit monaleg påslag, og i ministeren sine pressemeldingar heiter det under overskrifta "Regjeringen satser på kunst og kultur" at budsjettet har fått ei auke på 5 prosent.

Ho fastslår vidare "... at globalisering og ny informasjonsteknologi krever bevisst og aktiv satsing på den nasjonale kulturen, på norsk språk og norske verdier i et nytt millenium..."

Men auken på 5 % i kulturbudsjettet utgjer reelt sett berre 1% når ein tek omsyn til overføringa av Lottotilsynet frå Justisdepartementet, og korrigerer for prisstigning m.v.

- Kulturministeren følgjer ikkje opp sine eigne uttalte mål om satsing på informasjonsteknologi og nasjonal kultur. Kulturdepartementet sitt budsjettforslag inneber inga reell auke i løyvinga til Norsk Folkemusikk- og Danselag, men ei faktisk nedskjering av tilskotet til IT-satsinga Norsk Folkemusikkatalog med 10%. Dette gjer at oppfølgjinga av Norsk Folkemusikkatalog overfor utlandet blir vanskeleg. Me er utålmodige og kan ikkje forstå at ikkje orda i større grad kan omsetjast i praktisk handling, seier styreleiar i Norsk Folkemusikk- og Danselag, Halvard Kaasa, i ein kommentar til forslaget til kulturbudsjett for 2001.

Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) manglar ressursar til å følgje opp aukande internasjonal etterspurnad etter utøvarar innan folkemusikk og dans. Satsinga på NORLA har vist kva bevisst satsing over tid kan føra til.

Med Norsk Folkemusikkatalog (http://www.folkogdans.no ) - som er eit samarbeidsprosjekt mellom Landslaget for Spelemenn og NFD - og det nordiske samarbeidet om Nordisk Folkemusikkatalog (http://www.folknorth.org ), ligg det til rette for ei samnordisk satsing på nordisk tradisjonell og moderne folkemusikk mot utlandet. Dette vil gje auka merksemd om norsk tradisjonsmusikk og fleire arbeidsoppdrag i utlandet for kunstnarane som arbeider i dette feltet. Men då trengst ressursar for å følgja dette arbeidet opp og å styrkja innsatsen - ikkje nedskjering i budsjett som alt er tronge.