Kvedaren Aslak Brekke 100 år
6. oktober 2001 var det 100 år sidan kvedaren, familiemannen og gardbrukaren Aslak Brekke vart fødd. Under landskappleiken i år vart han heidra med konsert. No vert det og eit eige Brekke-seminar i Vinje 23. - 24. november.
Aslak Brekke (Foto: TA) (150x143)

Kvedinga hadde Aslak i familietradisjon, men han tileigna seg mykje viser og songstil frå kvedarar han tykte vel om både innanfor og utanfor heimbygda. No vert det invitert til seminar der ein vil møte folk som har jobba mykje med stoffet til Aslak.

Dagne Groven Myhren vil fortelje frå samarbeidet mellom Aslak og Eivind Groven. Jaquline P. Ekgren vil fortelje og vise døme på korleis ho jobba med boka "Aslak brekke og visune hans". I opplæringa vil me legge vekt på "Lytt og lær", og det vil bli jobba med individuell song. Ein vil høyre mykje på opptak med Aslak og peike på det spesielle i songstilen. Agnes Buen Garnås vil vera rettleiar saman med sonen til Aslak, Karstein Brekke på den eine økta, og Dagne Groven Myhren og Ellen Nordstoga på den andre økta. Midt på dagen vil det vera ein intimkonsert med deltakarar og leiarar på seminaret.

Geirr Lystrup hadde ikkje høve til å vera med denne gongen, men han har trykt opp CD'ar av det han har gjeve ut med Aslak, og den vil verta seld under seminaret. Likeins kassetten frå Buen kulturverkstad.

Etter seminaret vert det ein konsert til minne om Aslak Brekke. Her vil det vera med utøvarar frå familien og andre berarar av songtradisjonen.

Bak seminaret står Nemnda for Aslak Brekke-seminaret, Vinje Kommune/kulturskulen, Norsk Folkemusikk- og Danselag, Landslaget for Spelemenn, Mjonøy, Høgskulen i Telemark, avd. Rauland, og Vinje spelemanslag.

Tid: 23. og 24. november 2001
Stad: Mjonøy, fredag og Høgskulen i Telemark, laurdag

For meir informasjon og påmelding kan du sende ein e-post hit.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Conferences / Seminars, Concerts, Vocal