Hovefestivalen er konkurs
HOVEFESTIVALEN: I formiddag avgjorde Aust-Agder tingrett at Hovefestivalen er slått konkurs. Det var Skatt Sør som i desember begjærte dette, med eit ubetalt krav på 1,3 millioner kroner i meirverdiavgift som grunngivnad. Festivalstyret har imidlertid ikkje gitt opp tanken om ein framtidig Hovefestival. – Vi har gjort alt som sto i vår makt i denne vanskelige situasjonen. Dessverre strakk ikke tiden til. Nå er det opp til Festival Republic eller andre å avgjøre om historien om Hove skal fortsette, seier festivalsjef Morten Sandberg i ei pressemelding.
Hovefestivalen (luftfoto) (350x)

Av Ida Habbestad

Den første Hove-festivalen gjekk av stabelen i 2007 – ifølgje mediene framsto den som ein suksess både publikumsmessig og musikalsk sett. Men trass dei til saman 72 000 besøkande hadde den første festivalen etter endt arrangement eit underskot på 6 millionar kroner.

I mai gjekk Arendal kommune inn med eit lån på 3 millionar kroner for å dekkja underskotet, og årets festival kunne gå av stabelen som planlagt.

Men også 2008-festivalen gjekk med underskot, nok ein gong kring 6 millionar kroner.

Arendal kommune hjelpte også denne gongen til, og sletta fire millionar kroner i gjeld. Føresetnaden for dette var at samtlege kreditorar gjekk med på akkord på 35%. Etter at Oslo Live meldte at dei ville betala kravet frå Quart-festivalen, annonserte festivalleiinga at neste års festival ville gå etter planen..

Momskravet på 1,3 millionar kroner sto imidlertid ubetalt, og 8. desember i år vart festivalen begjært konkurs av Skatt Sør.

I tillegg til dette kravet har festivalen òg hatt annan uteståande gjeld. Ifølgje Fedrelandsvennen skulda Hove leverandørgjeld etter akkord på 4-5 millionar kroner samt artistskatt på 2,1 millioner kroner; faktorar som alle var av betydning for avgjersla i Aust-Agder tingrett i dag.

Bookingsjef Toffen Gunnufsen kunne ikkje overtyda dommaren om at økonomisk grunnlag for vidare drift var til stades. Ifølgje Agderposten godtok han derfor konkursbegjæringa i dag.


Vegen vidare?

Festivalstyret har imidlertid ikkje gitt opp tanken på at festivalen kan førast vidare, og i ei pressemelding seier festivalen at dei ei tid har vore i samtaler med Festival Republic om ei vidareføring.

Dessverre ble prosessen mer tidkrevende og komplisert enn noen av oss hadde forutsett. Vi ble ikke ferdig i tide til dagens møte i skifteretten. Dette er beklagelig, ikke minst med tanke på alle leverandører, ansatte, politikere og andre støttespillere som har bidratt på veien mot å få dette på plass, seier Sandberg i ei pressemelding.

Vi har gjort alt som stod i vår makt i denne vanskelige situasjonen. Dessverre strakk ikke tiden til. Nå er det opp til Festival Republic eller andre å avgjøre om historien om Hove skal fortsette. Vi føler et ansvar både for publikum og for leverandørene. Det viktigste nå er at festivalen lever videre i en eller annen form. Dersom Festival Republic skulle ønske å ta opp tråden etter oss, er det ingenting som ville glede oss mer.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Music Industry, Festivals, Genre\Popular Music