Telemarkfestivalen 2002 - eit moderne folkemusikkprosjekt
Under mottoet "Eit moderne folkemusikkprosjekt" kan Telemarkfestivalen presentere to nye bestillingsverk, samt to urframføringar og fleire komande stjerner på folkemusikkhimmelen. Eit av bestillingsverka er "Blå Morene" med Karl Seglems FolkJazzEnsemble.
Karl Seglem (120x172)

Festivalen stadfestar med dette sin posisjon som ein av dei fremste arenaene for det nye som rører seg innan sjangeren. Folkemusikken står i dag fram som ei livskraftig og vital musikkform. Og Telemarkfestivalen er ein arena som gjev artistane rom til å boltre seg innanfor den rike tradisjonen samtidig som ein gjev dei fridom til å vise fram sine eigne samtidsuttrykk.

Ei viktig satsing for Telemarkfestivalen i 2002 vil vere å ta samtidsfolkemusikken på pulsen; frå etablerte artistar som serverer det ypparste av kvalitet til yngre nyskapande musikarar som går sine eigne vegar. Kreativiteten og kontakten mot andre kunstuttrykk er større enn nokon gong - festivalen vil i år mellom anna legge vekt på møte med musikarar med minoritetsbakgrunn. Eventyr og forteljartradisjonen vil òg få ekstra fokus i år, og det er spesielt gledeleg at Prinsesse Märtha Louise står for den offisielle opninga av festivalen.

Bestillingsverk/ urframføringar under Telemarkfestivalen 2002 er m.a. "Blå Morene" av Karl Seglems FolkJazzEnsemble, "La historia de Carlos" - Carlos Jeldes si livshistorie med m.a. Mari Boine, "Flomål" - viser frå Nord-Norge ved Ola Bremnes med Susanne Lundeng og band, og "Gåtesong" - eit kvedarmøte mellom Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Anders Halvorsen. Det vert elles og konsert med det rocka folkemusikkbandet Gåte på Kroa i Bø 2. august.


Telemarkfestivalen 2002 presenterer også desse internasjonale artistane: Julie Murphy/ Fernhill (Wales), Krishnas Kusine (Iran, Sri Lanka, India, Nor), Sinkelipass (Sverige), Three`s a Crowd (Irland), Oleman (Sverige, Norge), Joanne Murray (Skotland), Daniel Sandèn-Warg (Sverige), Mellbom (Noreg, Sverige).

Av spesielle prosjekt kan me nemne seminar om forteljarkunst,og festivalsøndag på Kvennøya med eventyrforteljing, folkedans og sirkus. Opningskonserten går føre seg torsdag 1. august, og meir informasjon finn du på denne lenka.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Folk / Traditional, Conferences / Seminars, Concerts