Einar Økland: "Kven glitrar frå tone til tone..."
I Bergen Domkirke i går var det Fartein Valen-konsert med Bergen Domkantori, organist Tor Grønn og forfattar Einar
Økland. Den sistnemde las opp ein Valen-suite kalla "Morgonblått - Havgrønt - Nattsvart" til preludiumet, fugen og pastoralen. Ballade har her den store gleda av å bringe vidare dette diktet, som var bestilt av pilota.fm og Ny Musikk bergen.

Einar Økland (Foto: Samlaget) (198x300)

Av Einar Økland

Morgonblått - Havgrønt - Nattsvart (Tre to-delte Fartein Valen-satsar)


I

M o r g o n b l å t t (1)


lampen utan lys
kan stå i ro i mørket
til sola skin på den

når sola skin på lampen
held lampen
fast på mørket
til mørket skin frå den


M o r g o n b l å t t (2)


kven glitrar frå tone til tone

frå kvar tones nullpunkt
til kvar tones nullpunkt

slik at det tonar frå
tone til
tone
over
kvar tone

kven går så stilt forbi


eg går så stilt

om
eg hadde større kraft
gjekk eg endå stillare
forbi

-------------


II

H a v g r ø n t (1)

min gud
min gud
kvifor
har du forlate meg

mitt barn
mitt barn
kvifor
har du forlate meg

min kropp
min kropp
kvifor
har du forlate meg

fordi
du skal spørje
fordi
du skal svare
fordi
du skal finne deg sjølv

åleine
forpint
fortapt
til fånyttes frelst



H a v g r ø n t (2)

hit
og ikkje lengre
kom eg

men hit og mykje lengre
kjem eg
når den veldige armen peikar

utover havet på tvers av vinden
mot noko eg ikkje ser

ingen stad har eg sett
lengre enn til desse fingrane som blir borte yst ute
der underarmen av porselen støyter dei frå seg som strekar

og armen som peikar herifrå utover
dønningane som rullar inn
er min

stå her og bere denne veldige armen
at eg
som kom hit med to gamle armar
står her med ein
at eg

når eg ser ned
gjennom overarmen
som er av blankt og grønt glas
ser eg ned

på dei visna og skeive stråa i sprekkene her på den storkna steinknausen
endå dei ikkje lenger lever står stråa opp på tvers av vinden og vitnar
om sine linjer

fingrane ytst på den veldige armen er teikna
med desse linjene

eg kjenner ingenting
anna enn ei veksande glede
som kverv or meg slik livet kverv
or eit visnande strå
endeleg

er det eg som går heim
er det heim eg går
når eg går heim

er det heim eg går
når eg kjem tilbake
hit

til dei visne stråa på knausen
til vinden over og havet nedfor og endeløysa utover
innover

stråa som aldri meir skal vekse teiknar seg på auga mitt
mens armen av glas og porselen løfter dei endelause fingerlinjene
ut mot det endelege der blikket kvile
/

------------------

III

N a t t s v a r t (1)

lampen utan lys
kan stå i ro i mørket
til sola skin på den

når sola skin på lampen
held lampen
fast på mørket
til mørket skin frå den

N a t t s v a r t (2)

lyset går gjenom glaset utan
å knuse det
lyset går gjennom vatnet
i glaset
utan å bli vått
lyset lar seg kaste mot
glaset og bøyer
sin bane utan å brotne

medan eg grip inn i mitt mørke
medan eg løfter mitt glas
i mørket
medan eg drikk mitt vatn
i mørket

eg ser glaset til glasets ære
eg drikk vatnet til vatnets ære
eg ser lyset til lysets ære
mens mørket tonar

-----------

Einar Økland er født 1940, og bur i Valevåg. Han tok embetseksamen i psykologi i 1965, og har vore forfattar på heiltid frå 1967. Han har gitt ut ca. 40 bøker i ulike sjangrar sidan debuten som lyrikar i 1963. Han har m.a. vunne Nynorsk barnelitteraturpris (1975), Norsk kritikarlags barnelitteraturpris (1979), Språklig Samlings litteraturpris 1985, Norsk Barnebokforums pris (1987), Aschehougprisen (1988), Nynorsk litteraturpris (1993) og Samlagsprisen (2000). Samlinga "Dikt i utval" kom på Det Norske Samlaget/Den norske Lyrikklubben i 2002.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Concerts, Organizations