Legg ned organisasjonane!
DEBATTINNLEGG: Folkemusikkmiljøet har vært inne i en rivende utvikling de siste årene, men organisasjonene har ikke klart å følge opp, hevder Frode Rolandsgard i Landslaget for Spelemenn. I dette innlegget tar han til orde for en helt ny organisering av folkemusikkmiljøet: - Kanskje det riktige er å legge ned alle organisasjonane og teikne organisasjonskartet på nytt? Det er lite som skil organisasjonane ideologisk i dag, mener Rolandsgard.
Frode Rolandsgard (330x305)

Av Frode Rolandsgard
Landslaget for Spelemenn

Som tilsett og engasjert medarbeidar i LfS har eg tankar om utviklinga av Folkemusikk-Noreg. Dette innlegget er mitt personlege syn, og er ikkje organisasjonens offisielle.

Folkemusikkmiljøet har vore i rivande utvikling dei siste åra. To område har vore avgjerande for denne utviklinga: Godt drivne folkemusikkfestivalar frå starten av 1990-talet og ei profesjonalisering av utøvarar gjennom høgskulesystemet.

Desse to faktorane har vore sterke motorar i utviklinga av folkemusikkfeltet. I denne perioden meiner eg at organisasjonane ikkje har klart å følgje opp, på grunn av splittinga og konkurransen mellom dei. No er eg grundig lei av å sjå på ineffektivitet innanfor sjangeren vår.

Den korporative organisasjonsdanninga

Forskar Jørgen Langeland ved Universitetet i Oslo kom i januar med ein rapport om profesjonelle jazzmusikarar og Norsk jazzforum. Han skriv at eit viktig premiss for suksessen til norsk jazz er den korporative organisasjonsdanninga.

Dei ulike gruppene som Norsk jazzforum skal femne, har fleire felles enn motstridande interesser, og ved å stå samla har dei fått til ein tillitsbasert, korporativ avtale med staten, der Norsk jazzforum forvaltar dei offentlege løyvingane. Utan eit felles løft frå eit samla nasjonalt jazzmiljø på 1990-tallet, er det ”ikke godt å si hvor jazzen hadde stått i dag”, skriv Langeland.

Langeland spør også jazzmusikarane om dei er tente med at Norsk jazzforum skal vera deira interesseorganisasjon (dvs. fagorganisasjon) eller om denne rolla kan overlatast til Musikernes fellesorganisasjon, kor eit stort fleirtal alt er medlemmer.

Trass i at vi har vel så mange profesjonelle utøvarar (LfS-undersøking våren 2007) heng vi langt bak jazzen både i offentleg status og i storleiken på offentlege løyvingar. Vi saknar mellom anna sårt ei ad hoc-støtteordning og ikkje minst midlar til regionale sentra. Departementet har tidlegare signalisert munnleg (på Folkelarm-seminaret i 2005) at folkemusikkfeltet bør sjå på organiseringa si.

Nytt kart?

Kanskje det riktige er å legge ned alle organisasjonane og teikne organisasjonskartet på nytt? Det er lite som skil organisasjonane ideologisk i dag.

Eg ser for meg ein organisasjon der både lokale lag og amatørar, profesjonelle utøvarar, festivalar, folkemusikkscener, regionale sentra og andre interesserte er medlem, og der ein organiserer administrasjonen etter arbeidsoppgåver. Formålet er administrativ innsparing (mindre dobbeltarbeid – kva skal vi med to blad, to daglege leiarar, to sekretærar?), auka effektivitet (spesialisering av folk innanfor organisasjonen) og auka politisk slagkraft.

På toppen skal vi ha ein direktør og eit lite sekretariat med kontorstøttefunksjonar innan rekneskap og medlemshandtering.

Nye avdelingar

Ei avdeling bør ha ansvar for tiltak for profesjonelle – (men Musikernes Fellesorganisasjon (MFO) og andre fagorganisasjonar bør vera fagorganisasjonen). Viktige tema for denne avdelinga vil vera opphavsrettar, TONO, formidlingsteneste, showcase-arrangement, folkemusikkatalog, kurs og seminar for dei profesjonelle. Innanfor feltet vil det vera utruleg mykje å hente ved å samordne ressursane og folka.

Ei avdeling bør vera arenaorientert: Denne avdelinga bør drifte Folkemusikkscene-nettverket, Landskappleiken og Landsfestivalen. Dessutan bør dei ha tett kontakt med dei store folkemusikkfestivalane og tale deira sak. Arrangørutvikling er også ei viktig sak.

Ei avdeling bør fokusere på lokallag, tradisjons- og rekrutteringsarbeid. Her finn ein brorparten av traderingsarbeidet, sommarkurs, arbeid med kulturskular og den store øvingsaktiviteten ein har rundt om i heile landet.

Dessutan ei informasjonsavdeling med overordna ansvar for informasjonsarbeid, nettsider, fagtidsskrift, årbok og PR-arbeid for dei andre avdelingane.

Ei slik organisering av det framtidige folkemusikkartet, der vi tek bort noverande dobbelbemanning innanfor administrasjon, vil i seg sjølv frigjera midlar, slik at vi vil trenge eit utval for å fordele dei etterlengta ad hoc-støttemidlane og dei auka tilskota frå kulturdepartementet.

Dette innlegget står også i siste utgaven av Spelemannsbladet, og er gjengitt her på Ballade med deres velvillige tillatelse.

Av Frode Rolandsgard Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate, Genre\Folk / Traditional, Organizations, Politics