Don Martin og Pirate Bay
DEBATTINNLEGG: I et intervju på Ballade, og senere i en kronikk i Aftenposten, stiller Don Martin i Gatas Parlament seg kritisk til platebransjens håndtering av ny teknologi og fildeling, noe han omtaler med begrepet "maskinstorming". Ragnar Bjerkreim, styreleder i NOPA, mener dagens system for distribusjon av musikk er for komplisert. – Det er for mange ledd mellom lyttarane og musikkskaparane, skriver Bjerkreim i dette innlegget.
Ragnar Bjerkreim_bak (Foto: eget) (260x)

Av Ragnar Bjerkreim

Låtskrivaren og artisten Don Martin i Gatas Parlament slår i ein kronikk i Aftenposten 27. september eit slag for piratideologien og gratis musikk på nettet.

Ideologien til Pirate Bay er å legitimera tjuveri for at folk skal kunna lytta til musikk på mp3-spelarar. Eg tykkjer at det å stela musikk frå produsentar, låtskrivarar og artistar er aggressivt. Hvis det å seia nei til å bli rana er å vera moralist, då er eg moralist.

Musikkbransjen er ikkje maskinstormarar som har noko imot mp3-spelarar eller anna ny musikkteknologi. Snarare tvert om. Musikkprodusjon er gjennomteknologisert for mange år sidan. Det som er alvorleg i dag, er at inntektene til nordiske låtskrivarar har gått ned med 146 mill danske kroner sidan 2001. Inntektsbortfallet til plateselskap, artistar, musikarar og musikkstudio kjem i tillegg. Denne tilbakegangen kan i stor grad tilskrivast ulovleg fildeling.

Eg er samd med Don Martin i at systema for musikksalg på nettet i dag ikkje er gode nok. Men svaret er ikkje at ulovlege nettstader skal distribuera verdsrepertoaret fritt. Don Martin har full rett til å leggja ut sin eigen musikk gratis dersom han også eig innspelinga. Dette vert det kanskje lite inntekter av på sikt. Difor trur eg ikkje dette er vegen å gå.

I dag er distribusjonen av musikk for komplisert, og det for mange ledd mellom lyttarane og musikkskaparane. Ein samla musikkbransje arbeidar på spreng for å forenkla tilgangen til musikkfiler samstundes som alle som har rettar i filane, får sitt vederlag.

Eit nytt og framtidsretta system vart presentert i Danmark i april 2008. TDC (Danmarks svar på Telenor) tilbyr sine kundar 1.4 millionar musikkfiler til nedlasting på PC, mp3 og mobil. Dette skjer utan at forbrukarane treng å slå kodar eller finna fram kredittkort. Låtskrivarane, artistane og plasteselskapa får sin royalty i dette systemet. I Sverige er det planar om å byggja opp liknande system.

I Noreg er det ei lang rekkje nettbutikkar for musikk og nye metodar for musikkdistribusjon dukkar stadig opp. Det siste nye er samarbeidet mellom Telenor og Platekompaniet. Norske musikkonline.no (Phonofile) har over 105 000 filer med norsk musikk som vert distribuert over heile verda. Phonofile starta opp dette arbeidet for åtte år sidan. iTunes er den viktigaste og mest kjente aktøren på dette området både her i landet og internasjonalt. Musikkonline.no har ein langt bedre lydkvalitet enn piratstadane Pirate Bay og Kazaa, der lydkvaliteten er meir variabel.

Kva med gratis mp3-spelarar til alle og høgare pris på musikkfilene? Det kunne medført at vi som låtskrivarar kanskje kunne laga betre musikk og tekst. Å verdsetja åndsverk høgare er kanskje vegen å gå i ei tid der alt er tal og teknologi. Vi som lever i dagens teknologiørken her i vesten, hungrar etter innhald, etter god musikk, litteratur og kunst.

Eg vil invitera Don Martin til å bli medlem av NOPA som organiserer 680 norske låtskrivarar. NOPA samarbeidar også nært med TONO og NCB. Vi forvaltar kollektive midlar frå TONO til komponistar og tekstforfattarar. Desse kollektive midla er tufta på solidaritet mellom alle verdens opphavsmenn og opphavskvinner. Vi står saman om å få inn inntekter til TONO og NCB. Ein slik solidaritet kan føra til at nye og betre musikkverk ser dagens lys.

Don Martin og Gatas Parlament har laga mange gode låtar, og eg håper dei klarer å leva av musikken sin. Ingen komponist eller låtskrivarar i Noreg har klart å leva av inntektene frå musikksalet frå dei er 25 til 67 år. Mange av oss lever godt i perioder.

Men med samhald og økonomisk støtte frå kollektive midlar gjennom TONO, NOPA, NKF (Norsk komponistforening) og musikkfonda, kan det i framtida skapast god norsk musikk.

Ragnar Bjerkreim er styreleder i NOPA, Norsk forening for komponister og tekstforfattere.

Les intervju med Don Martin på Ballade, og hans kronikk Ut å stjæle skiver? i Aftenposten.


Music Industry, Debate