Bajazz, Factory & slaktardisk
Ballade bringar vidare nye festpill-innstrykk. Norsk Komponistforening markerte sine i Bergen fredag. I Kjøttbasaren ved Fisketorget. Heldigvis nådde ingen av kjøtøks-ljodane frå slaktardisken opp i gallarommet i øvste etasje.

Ametri Strykekvartett satte musikalsk stempel på den 'hype' merittpresentasjonen. Eit multimediashow. Rundt eit bord sat høgst levande unge komponistar. Dei hadde iallefall ein ting til felles: dei blir spelt på Ametri si siste, fyrste og kjempeferske plate (lansert i går). Rundt dei andre borda sat halvdaude journalistar. Rundt eit siste bord sat m.a. Arne Nordheim.

Musikarane spelte i stilige og utfordrande gevantar. Og viste i tillegg ei verbal overbevisingsevne. Komponistane blei ropt ein og ein - ettersom dei ulike verka tona ut.

- Er det ikkje kjekt å sjå spel levande komponistar? Altfor ofte er dei usynlege, forkynte cellisten Tanya Orning. Videopptak surra medan kvartetten spela.

Nytt lydskrift
Arne Nordheim er iallefall ikkje usynleg. Han fekk andre del av Basar-merksemda. Den munn- og tonerappe komponisten er sentral i 2001-utgåva av Årboka til Komponistforeningen - Lydskrift. Ei informativt artikkel av Harald Herresthal og ei rundebordssamtale leidd av Morten Eide Pedersen er verd å merke seg. Eit essay av Eivind Buene om konsert-formen er også nemnverdig. Fleire av dei andre artiklane burde i det minste språkvaskast. Ikkje alt er ljod.

Laurdag kveld inviterte vart Arne Nordheim feira tonalt. Bergen Domkirke var åstad. Opninga og avslutninga av konserten var merkverdige. Midtdelane var stortarta. Opningsverket "Clamavi for Solo Cello" vart spelt av NN. Dramatikken og innlevinga kom skremmande godt fram. Ei tolking som bør bli plate.

"Response for orgel, elektronikk, slagverk" avrunda konserten. Den intense ljoden vart forsterka av dei gamle Domkirkemurane. Særleg var samspelet mellom organist Harald Herresthal og mannen bak miksepulten - Nordheim sjølv - meisterleg. Elektroakustisk musikk med panserkarakter.

Glas eller gris?
- Eg ville at tapen skulle høyrast ut som glas. Kanskje det likna meir grisar, kommenterte Nordheim muntert sitt eige verk. Slik berre han får til - med ein slåande replikk.

Nattjazzen er heller ikkje usynleg. Laurdag ettermiddag gav dei halvvåte tilskodarar fenomenal sigøynarbrass. På Vågsalmenning i Bergen Sentrum. Menn i hatt og brass + ein solist med flott stemme vart utakknemleg akkompagnert av skrallande buekorps. Dei syns sikkert det bergenske rytmefenomenet var sært. Og litt uraffinert.

USF Verftet er fyld med liv under Nattjazzen. Den gamle fabrikkbygningen på Nordnes er fyld av folk og tonar. På dagtid er minst like kjekt. Då er det program for barn. Ein utolmodig og ung kø skulle på konsert igår ettermiddag. Bajazz - Barnejazzen - er eit kjempetilbod! Genialt lagt opp for dei miste - utan at det blir ei gjentaking. Framdragande jazzutøvarar kombinerar barn og sine eigne premisser. "Det bor en baker" heitte Bajazz-konserten igår. Eldbjørg Raknes stod bak tonsettinga av Inger Hagerup-dikt. Saman med Tone Aase, Ståle Storløkken og Bergen Internasjonale Barnekor vart desse songane framførd. For begeistra born og vaksne.

Meir Factory Pliis!
I Grieghallen igår kom det ljod frå alle kantar. Den store salen blei me med på ei undarleg og feilproporsjonert musikalsk. Inn i det argentinske landskapet. Opna med "Jaime Torres y su Gente". Berre deira del varte i 1 1/2 time. Og då heltane kom på podiet - Astor Piazolla Original Quintet - var publikum delvis utslitne. Dei klarte å rista i oss med naturleg og tilbakelent samspel.

I Peer Gynt-salen - på andre sida av Grieghallen fann avslutningskonserten under Music Factory stad. Det franske ensemblet Short Cirquit skreiv eit fint punktum på Music Factory 2001. James Clapperton og Berge Osnes hadde god grunn til å vere nøgde - trass myrke vinterutsiktar i år. Osnes vart også urframførd - ei framføring han kan vere stolt av. Det franske samtidsensemblet spelte også verk av Phillippe Leroux, som var til stades og haldt foredrag tidlegare på dagen. Verket "AAA" var suggererande - iallefall for dansefoten. Konserten vart avlsutta med "Da Capo" av festivalkomponisten Luca Francesconi. Og det var alle i Peer Gynt salen einige om. "Da Capo" også for Music Factory. Og ser fram til Music Factory i 2002.

Av Nicholas H. Møllerhaug Foto/illustrasjon: