Årbok for norsk folkemusikk 2002
Årbok for norsk folkemusikk kjem i år ut for 11. gong. Ein spelemann og ein spelemannstradisjon av eit heilt spesielt slag, Salve Austenå og Tovdalsspelet, er noko av innhaldet i årets utgåve. Seinare i sommar kjem Austenå og med eigen CD.
Folkemusikkårboka 2002 (177x249)

Ein spelemann og ein spelemannstradisjon av eit heilt spesielt slag blir presentert i årets utgåve av Årbok for norsk folkemusikk. Den tyske musikaren og musikkforskaren Hans-Hinrich Thedens tok i fjor doktorgraden på Salve Austenå, nå busett i Åmli i Aust-Agder, og Tovdalsspelet. I årbok-artikkelen blir dette stoffet presentert i noko popularisert form og supplert med eldre og nyare foto og litteraturtilvisingar. Seinare i sommar vil Salve Austenå (f. 1927) og speltradisjonen han representerer, bli å høyre på ein eigen CD.

Årbok for norsk folkemusikk kjem i år ut for 11. gong. Det er Norsk Folkemusikk- og Danselag som gir ut boka, og Tore Skaug i Kviteseid er redaktør. Han har sjølv signert eit større intervju med Agnes Buen Garnås som meir enn nokon har ført den vokale folkemusikktradisjonen inn i vår tid og som tidlegare i år blei heidra med Kongens gull for innsatsen sin.

Vidare er det artiklar om Aslak Brekke, den kjende kvedaren frå Vinje som blei heidra med seminar og konsertar i samband med 100-årsjubileet i fjor. Folkemusikkårboka for 2001 handla eine og åleine om ein annan 100-årsjubilant, komponisten, folkemusikkforskaren og spelemannen Eivind Groven. Også i årets utgåve er det stoff om Groven. Dagne Groven Myhren skriv meir om radiomannen, mens pianisten og komponisten Wolfgang Plagge skildrar klangkunstnaren Groven.

Elles i årboka: Artiklar om felemusikken i Gudbrandsdalen, om slåttenamn i Numedal og ein oppslagsdel med informasjon om ny litteratur og nye folkemusikkinnspelingar. Ein underfundig reisereportasje er også å finne i årets årbok, svenske Svante Höge fortel om ei pilegrimsreise frå Midt-Sverige til Besso på Hardangervidda, der spelemannen Knut Hamre kvar sommar tek imot folkemusikkvener frå inn- og altså utland.

Kontaktperson for årboka er Tore Skaug, tlf 35 05 32 01 / toskaug@online.no

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Organizations, Press