EYFO med avslutningskonsert på Osafestivalen
European Youth Folk Orchestra er samansett av 11 unge folkemusikkutøvarar i alderen 20-28 år frå 9 ulike europeiske land. Hardingfeleutøvaren Åse Teigland er norsk medlem i orkesteret, og musikken kjem frå dei einskilde utøvarane sine eigne tradisjonar og heimland. Sundag 13. oktober spelar dei under Osafestivalen på Voss.
EYFO, Voss (Foto: Jan Lothe Eriksen) (220x160)

Åse Teigland er norsk medlem i European Youth Folk Orchestra (EYFO), som skal spele avslutningskonsert på Osafestivalen i oktober.

På konserten får ein høyre alt frå rolege barnesullar sunge med enkelt tonefølgje til ei heftig spansk suite med heile gruppa! På vegen fram er ein innom norsk brureslått, svensk polska, fransk bouree, italiensk masurka - og mykje meir. Arrangementa er av musikalsk leiar Pär Moberg frå Sverige.

I mai i år vart CD-plata "Enfants terrible" gjeve ut på det italienske selskapet Ethnosuoni. Plata er ei samling av konsertopptak gruppa har gjort.

Orkesteret hadde verdspremiere i Vercelli i Italia i juni 2001, og er skipa av European Network Of Traditional Music and Dance", der NFD er norsk medlem. EYFO vert driven med støtte frå EU-kommisjonen sitt Culture 2000-program.

EYFO er Anna-Kristina Widell, Sverige (nyckelharpe), Pär Moberg, Sverige (arrangement, dirigent, saksofon og didgeridoo), Johannes Uhlmann, Tyskland, (diatonisk accordeon- melodeon og fele), Åse Teigland, Norge (hardingfele), Anna Tabbush, England (vokal, fløyte og fele), Holly Sheldrake, England (fele, vokal og piano), Marco Domenicetti, Italia (blokkfløyte og piffero), Jerome Liogier, Frankrike (dreielire), David O'Connell, Irland (bozouki og gitar), Piia Kleemola, Finland (fele, bratsj og kantele) og Pablo Martin, Spania (perkusjon).

Åse Teigland frå Utne i Hardanger, som er Noregs representant i The European Youth Folk Orchestr,a er ein av landets unge, dyktige hardingfelespelarar. Solomusikken er hennar hovudinteresse, men ho satsar også på å bruka instrumentet i ulike samansetningar. Dette har ført ho ut på mange konsertturnear. Ho er elles medlem av gruppene Åtte potte og Skrekk, og ho har vore på Rikskonsertturne i fleire fylke.

Denne artikkelen er publisert i samarbeid med Norsk Folkemusikk- og Danselag, som du kan lese mer om ved å gå hit.

Av Jan Lothe Eriksen Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Folk / Traditional, Concerts, Concerts\Outside Norway