Telemarksfestivalen 2001
Telemarkfestivalen 2001 går av stabelen i tida 2. - 5. august 2001, og har som hovudtema "eit moderne folkemusikkprosjekt". Festivalen har eit omfattande og rikhaldig konsertprogram med ei artistliste som no har passert 140 utøvarar. Billettar er lagt ut for sal på Billettservice, Posten og i Gullbring kulturanlegg i Bø.

Telemarkfestivalen kan no presentere eit fullstendig festivalprogram med fleire nyheiter og ekstra godbitar i konsertprogrammet.

Telemarkfestivalen vil vere ein møtestad og ein arena for fornying av folkemusikken - ein stad der det eksperimentelle skal møte det tradisjonelle, der det nasjonale skal møte det internasjonale. Undertittel og tema på årets festival er "eit moderne folkemusikkprosjekt". Telemarkfestivalen har samtidig eit uttalt mål om å arbeide for å få fram dei mangfaldige tradisjonane i vår eigen kultur innan folkemusikk- og dans.

Arrangørane vil trekkje fram følgjande viktige og store satsingar på årets festival:



Nyheiter sidan programmet blei lagt fram i mars: