Lysår frå Saga Solreiser
"Festa Napoletana"' var eit anna innblikk i Middelhavskulturen. Lysår frå katalogspråket til Saga Solreiser. Festspillforestillinga i går kveld var ei fargerik, lystig, lærerik og sanseleg opptreden. På ein saftig dialekt.
Festa Napoli (250x166)


Lett som fløyel: "La Cappella della Pieta de'Turchini" gav oss ei flott forestilling. Orkesteret med originalinstrument fulgte solistane med spel lett som fløyel. Fleire i salen meinte orkesteret mangla ei tydeleg bassgruppe. Tvert imot! 'Mykje bass' er i dag blitt ein farsott. Dette ensemblet flørtar ikkje med teknokulturen. Sjeldan høyrer ein så godt teorbespel. Solistane song med tydeleg tekstuttale + mimikk. Mimikk er eit kjennemerke på italienske scenekunstnarar. Kostyma skal dei også ha skryt for: med sterke fargar og flotte stoff.

Tradisjonelt drag-teater
Andre del var utdrag frå operaen "Li Zite n'Galera". Operakomedie med alle ingrediensar. Uvant var det at kvinnene blei spelt av menn og omvendt. Drag-teater har lange røter i middelhavsområdet og austlege kulturar.

Me mangla omsetjingar av tekstane. I Noreg snakkar ein norsk. Napoletansk er det endå færre som snakkar. Så sær er denne dialekten at folk i Nord-Italia har problem med å forstå. Slik som den italienske dama etter forestillinga i går.

- Napolitansk er som eit anna språk. Heilt uforståeleg.

Av Nicholas H. Møllerhaug Foto/illustrasjon: