Spøk til side: Er krigen virkelig slutt?
- Det begynner å snøre seg til for Kristopher Schau. Det er ingenting å le av, skriver Marit Eikemo i denne kommentaren om Kristopher Schau, "Et Norge I Krig" og NRK. - Der andre skil mellom godt og dårleg, skil NRK mellom underhaldning og "dystre ting", mener Eikemo, som også hevder at "Et Norge i Krig" rett og slett sprengte "NRK sine programkonsept og målgrupper til helvete – det som dei sikkert har brukt så mykje tid på å tenke ut". - Det blei for dystert for NRK. Det ville mest sannsynleg Erik Bye også ha vore, dersom han dukka opp i dag med eit intenst ønske om å ta folk på alvor, skriver Eikemo.

Av Marit Eikemo

Kristopher Schaus nye tv-serie, som visstnok skal handle om dei sju dødssyndene, er blitt altfor dyr for TV 2.

Schau har tidlegare vist at han ikkje firer på krava eller jatter med leiinga for å sikre seg ein plass i eteren. No kan dødssyndene hans i verste fall ende sine dagar som ein påkosta, nedstøva pilot.

Mange vil kanskje puste letta ut over dette. Ikkje eg. Eg ser alvorleg på situasjonen, og håper Dagbladet har rett når dei skriv at NRK held døra på gløtt, etter eit mildt sagt kjølig forhold mellom statskanalen og Kristopher Schau.

For vel eit år sidan blei Schaus «Et Norge i krig» tatt av lufta etter berre ein sesong på P3. Det blei for dystert, skal vi tru den muntre toppleiinga i NRK.

Schau hevda på si side at det var John G. Bernander, og ingen andre, som overkøyrde resten av NRK-systemet og nekta han sendeflate.

Det vil ikkje eg spekulere vidare på, men eg tenker mitt som alle andre.

Då humordebatten var på sitt mest tempererte i haust, førte Dagsavisen ein slags oversikt over «mobbehumorens historie». Her blei Kristopher Schau nevnt to gonger.

Vi snakkar altså om ein av dei mest utskjelte og mistenkeleggjorte komikarane i Norge i dag – og kvifor i all verda han har fått denne statusen. Er det på grunn av den eine kommentaren om Arve Opsahl sin amputerte fot for fleire år sidan? Eller er det fordi Schau gjer så mange ekle ting med sin eigen kropp at folk automatisk trur han er like ekkel mot alle andre?

"Når alt er ironi, smuldrar meininga opp, og då står vi der utan haldepunkt og medmenneskeleg varme", skal vi tru kritikarane sitt evige mantra.

Vel, då kan eg fortelje om vaksne menn frå den såkalla ironigenerasjonen som stoppa bilen under ei av Schaus krigssendingar, parkerte på ein sideveg, slo handflatene på rattet og ropte ut eit forbitra "FAEN!". Årsaka var eit intervju som Schau gjorde med ei ung kreftsjuk kvinne, ei mor som snart skulle forlate alt i denne verda.

Samtalen var blotta for sentimentalitet og mjuke, inderlege programleiarstemmer som trur dei forstår. Det var ei nøktern tilnærming til eit stort menneskeleg drama som fekk folk til å stoppe bilane sine, rope ut i desperasjon og stille seg heilt grunnleggjande spørsmål ved livet og døden.

Det blei for dystert for NRK. Det ville mest sannsynleg Erik Bye også ha vore, dersom han dukka opp i dag med eit intenst ønske om å ta folk på alvor. Blir det bra tv av dette da, ville den muntre toppleiinga i NRK mest sannsynleg sagt.

Det er fullt mogleg å oppfatte Kristopher Schau som ein seriøs mann, som går til oppgåvene med intens konsentrasjon og eit ope sinn: Kva skjer dersom eg stappar heile munnen full av tyrkisk pepper? Kan ein mann (ikkje berre kvinner) tenke på fleire ting samstundes, til dømes både sykle, smøre brødskive og snakke i mobil? Korleis smakar ein våt hund? Kor mykje er det mogleg å forfalle fysisk og mentalt i løpet av ei veke? Kva skjer dersom ein legg sjela si ut for sal på ein nettauksjon?

Motivasjonen er alvorleg nok, sjølv om ikkje alle aksepterer han. Truleg handlar det om å halde keisemda unna og såleis unngå det totale samanbrotet.

Ein kan seie mykje om Schaus meir og mindre vellykka eksperiment, men dei bidrar neppe til at ungar mobbar kvarandre meir i skulen. Det er heller ingenting som tyder på at Schau driv eit kalkulert spel for å vekke oppsikt eller posisjonere seg sjølv.

Tvert imot har han sagt at tv ikkje er hans tekopp, fordi det krev så mykje øving. "Det er ikkje slik eg likar å arbeide," sa radiomannen i etterkant av Team Antonsen. I staden heldt han fram det direkte, umiddelbare uttrykket, ikkje minst direktesendinga, sitt store potensial: det som plutseleg oppstår, det uventa, det som bryt med det innøvde og automatiserte.

Etter at Fuck for Forest-gjengen hadde gjort sitt under Quart-festivalen, kunne ikkje media trykke samleie-bileta ofte nok. På Kveldsnytt var dei heilt ville etter å vise dei levande bileta. Dette seier mykje meir om media sin moral enn Kristopher Schaus, som dermed oppnådde det han ville.

Sjølv kryssa han fingrane for at nokon skulle kalle opptrinnet for plumpt. "Då hadde eg ikkje hatt fleire argument. Det er det einaste argumentet eg kunne tatt til meg, for plumpt var det," sa Schau i radioprogrammet Sånn er livet.

Schau er den første til å innrømme at han har gjort mykje tull for NRK. Med «Et Norge i Krig» følte han for første gong at han gjorde noko som hadde litt samfunnsmessig nytte, som han sjølv formulerte det. Det skulle han kanskje ikkje ha gjort. Etter kva eg forstår har han vore arbeidsledig sidan.

Schau var sikkert ein fin fyr å forhalde seg til for NRK-leiinga så lenge han maska på med dei rare, komplett uforståelege tinga som appellerte til ungdommen. I den augneblinken han tok steget vidare – og tok til å blande seg inn i det verkelege livet – blei han for farleg for NRK. Plutseleg blei han heilt umogleg å plassere.

Mest sannsynleg blei "Et Norge i krig" for alvorleg til å vere underhaldning. Samstundes var det for mykje underhaldning involvert – P3, Kristopher Schau, kul musikk – til at det kunne bli tatt på alvor.

Der andre skil mellom godt og dårleg, skil NRK mellom underhaldning og "dystre ting". Også denne innsnevrande måten å tenke på fortel meir om media enn om Kristopher Schau. "Et Norge i Krig" sprengte rett og slett NRK sine programkonsept og målgrupper til helvete – det som dei sikkert har brukt så mykje tid på å tenke ut.

Programmet, som hadde undertittelen "et antihumanistisk program for frustrasjon og forakt", skulle vere ein kontrast til "tannlause, fordummande" kulturuttrykk av typen feel-good filmar og livsbejaande litteratur. Det skulle vere ein leksjon i verdas triste tilstand.

Under lanseringa fyrte Schau knallhardt ut mot media og den skamma dei påfører folk som ikkje greier å innfri dei perverterte ideala frå avisene: "Avisenes søndagssatsingar viser kor jævlig innhaldslaust Norge er blitt. Det er ein kvalm omkransing av ingenting. Det gir lesaren dårleg samvit på feil grunnlag. Gi heller lesaren dårleg samvit for at bestefar deira var med å kaste taterar på sjøen, enn at dei ikkje har eit lite bonzaitre, eller kva det heiter."

Etter ei slik overhaling, vil toppleiinga i ein kvar mediebedrift lene seg tenksamt tilbake og stille det filosofiske spørsmålet: Kan nokon med ei slik innstilling til livet lage god tv og radio?

Det er freistande å svare med eit nytt spørsmål: Er det mogleg å lage noko som helst bra utan ei slik innstilling til livet?

Marit Eikemo har arbeidet som journalist i en årrekke. Hun er fast spaltist i Bergens Tidende og Klassekampen. Eikemo har inntil nylig vært redaktør i Syn og Segn, og også jobbbet som informasjonskonsulent ved Bjerknessenteret i Bergen. Hun er nå ansatt som ny informasjonsleder for Festspillene i Bergen - en stilling hun tiltrer 1. mars 2006. Artikkelen er bragt videre med velvillig tillatelse av Klassekampen, der den opprinnelig sto på trykk 31. desember 2005.

Av Marit Eikemo Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate, Media