Fjord Cadenza med ny musikalsk giv
Fjord Cadenza på Skodje har utvikla seg til å verte eit viktig norsk musikalsk senter. Med symfoniorkester for første gang er sommarens musikalske eventyr det niande i rekkja, og varer frå 1-8 juli. Her kan du lese meir om dei einskilde solistane og musikarane frå Noreg, Europa og USA.

For å møte nye utfordringar i undervisninga, som har vakse i eit betydeleg omfang, har Fjord Cadenza styrkt staben sin av høgt kvalifiserte instruktørar og solistar. Ved 15 konsertar vil unge og talentfulle musikarar og solistar frå inn og utland gi store musikalske opplevingar for eit stadig aukande publikum frå fjern og nær.

Arild Remmereit er ny kunstnarleg leiar. Han bor i Wien, og er internasjonalt kjent og respektert som dirigent. Han vil sørgje for at dei unge musikkstudentane som kjem til Fjord Cadenza både frå høgskular og musikkskular får høve til individuell opplæring og utfordrande samspel i symfoniorkester. Arild Remmereit, frå Brattvåg, har samarbeidd med fleire velrenommerte orkester og operaer verda rundt. I Noreg har han fleire gonger dirigert Oslofilharmonien, og han har gjesta symfoniorkester i Trondheim, Bergen og Stavanger. Arild Remmereit vil også halde dirigentseminar under årets Fjord Cadenza.

Lev Klitchkov - fiolinist, er den kjende konsertmesteren ved Filharmonien i St. Petersburg, eit av verdas leiande symfoniorkester og internasjonalt kjend for sin uvanleg vakre strykerklang. Lev Klitchkov vil stå for opplæring av Fjord Cadenza strykarane og delta som konsertmester i orkesteret og i kammerkonserten.

Sergej Cherniadiev - cellist, kjem også frå Filharmonien i St. Petersburg, der han er stemmeførar av cello-gruppa. Han vil også undervise Fjord Cadenza strykarane og vere gruppeleiar i orkesteret, og delta i fleire konsertar.

Illona Jansons - pianist frå St. Petersburg, er dotter til den kjende dirigenten Mariss Jansons. Ho gjer stor karriere med sitt klaverspel som kammermusikar, og vil instruere i klaver og delta i fleire konsertar.

Yngve Gåsøy - tenor, bor i Wien og har gjort ei gigantisk songkarriere i Europa. For tida vert han feira med hovudrolla i musikalen "Mozart" på "Theater an der Wien", der m.a. Beethovens opera Fidelio i si tid vart urframført. Yngve Gåsøy er opprinneleg frå Vikebukt i Romsdal.

Nadia Tzvetkova - sopran, deltok med stor suksess i Fjord Cadenza for tre år sidan. Til sommaren er ho tilbake for å gje instruksjon til songstudentane, og delta i fleire konsertar. Ho er frå Bulgaria, men bor i Paris og gjer for tida ei fin karriere i Europa.

Magne Fremmerlid - bassbaryton, er kjend for dei fleste. Han vil gje instruksjon i song og delta i konsertane. Magne Fremmerlid er fast tilsett ved den Norske Opera, og deltar i Fjord Cadenza for femte år på rad.

Terje Nymark - klarinettist, opprinneleg frå Langevåg men no mangeårig fast tilsett førsteklarinettist ved Oslofilharmonien. Han skal både leie instruksjonen av treblåsarar og medverke saman med desse i konsertane.

Stig Molvær - hornist, også frå Langevåg, skal instruere elevar på messinginstrument til orkesteret. Han bor i Harstad, og er førstehornist i Forsvarets Musikkorps. Han har vore instruktør for messingblåsarane i Fjord Cadenza i fire år. Eit resultat er den populære Gomer-kvintetten, som opptrer under Fjord Cadenza.

Sixten Nordström, musikkdirektør fra Malmö, og vide kjent, er med oss for tredje gong. Han vil vere konferansier for konsertane og halde sine instruktive og populære "Pre Concert Talks". Sixten Nordström organiserer og leier årets Nordiske Talentpresentasjon. Desse er utvalde: Per Ivarson (17 år) - trompetist, frå Sverige, Marttina Ahlstrøm (18 år) - fløytist, frå Finland og David Coucheron (16 år) - fiolinist, frå Noreg. Desse unge musikarane skal ha eigen konsert i samspel med Sixten Nordström. Dei vert også med i Fjord Cadenza-orkesteret.

Julie Coucheron (14 år) var ein av finalistane i fjorårets Fjord Cadenza Nordiske Klaverkonkurranse. Ho vil akkompagnere bror sin, David Coucheron i eigen Virtuoskonsert. David Coucheron studerer ved det kjende Curtis-instituttet i USA. Ola Kvernberg skal framføre fiolinjazz i eigen konsert. Han har vore seks år ved Fjord Cadenza, og var den første som fekk Fjord Cadenza stipendet i 1994. Ola er no landskjend musiker med sin swing-jass i improvisert samspel med sitt eige band.

Stephen Hicks - kantor, vil halde eigen kyrkjekonsert. Han er kjent i Europa som ein framifrå konsertorganist. Han har i fleire år vore organist i Brattvåg, og no på Røros.

Arnhild Vik - pianist, er fast Fjord Cadenza akkompagnatør, no for sjette året på rad.

Tomra Brass vil vere kjernen i Fjord Cadenza Concert Brass som medverkar under Fjord Cadenza sitt seminar for dirigentar og ved konsertar. Arnfinn Dalhaug, kjent dirigent og musikkskulerektor i Ulsteinvik er leiar.

Ålesund Kammerkor vert kjernen i Fjord Cadenza Festivalkoret, og det vert høve for songarar frå andre kor å melde seg på. Eit førebuande seminar i regi av Fjord Cadenza akademiet med Arild Remmereit som instruktør vert halde i April. Solveig Håvik, som arbeider ved musikkskulen i Skodje, er kunstnarleg leiar for kammerkoret. Den store staben med høgt kvalifiserte instruktørar gjer det no mogleg for Fjord Cadenza å imøtekome ynskjet frå studentane om eit større individuellt undervisningstilbod på fleire instrument. Undervisninga vil omfatte seminar for kammermusikarar, tre- og messingblåsarar, pianistar, dirigentar, songarar, kor og operashop.

Fjord Cadenza ventar eit stort publikum til Skodje første veka i Juli, og vil også gjere kjent at 800 billettar alt er selt til to konsertar som skal haldast i Oslo den 9. august.

Av - Red. Foto/illustrasjon: