Konsert med Eikanger-Bjørsvik Musikklag
Et av Norges mest profilerte brassband, Eikanger-Bjørsvik Musikklag, holder onsdag 12. mars konsert i Teatergarasjen i Bergen. Det allsidige ensemblet, som speler transkripsjonar av klassiske verk, så vel som originalskriven musikk, jazz og 70-talspop, har under Howard Snell sin rettleiing vunne fleire internasjonale konkurranser.
Eikanger-Bjørsvik Musikklag (180x250)

Howard Snell har vore sjefsdirigent i Eikanger-Bjørsvik sidan 1986 og er hovudkraften bak EBML si formidable musikalske utvikling. Han byrja karrieren som solotrompetist i London Symphony Orchestra (LSO). I åtte av desse åra var han styreformann i orkesteret, og ein sentral aktør i prosessen der LSO blei eit leiande symfoniorkester på verdsbasis. I 1978 slutta han i LSO for å bli dirigent på heiltid.

Særs få brassband har hatt gleda av Snell si rettleiing opp gjennom åra. Ingen andre korps har hatt eit lengre samarbeid med Snell enn Eikanger-Bjørsvik. Snell har komponert og arrangert store mengder musikk for brassband. Men 12. mars er han nok ein gong attende der korpset liker han aller best: Som dirigent for sine elevar gjennom mange år i EBML.

Elgar Howarth (biletet) har vore knytta til korpset i ti år. Saman har EBML og han mange minneverdige konsertar bak seg, og to cd-ar er det blitt. Howarth er ein verdskjend komponist og dirigent, men har òg gjort nokre av dei beste transkripsjonane som finnest for brassband.

Ikkje minst har han transkribert "Bilete frå ei Utstilling" av Modest Mussorgskij (1839-1881), som utgjer første halvdel av konserten. Verket er mest kjend i orkesterversjonen Maurice Ravel laga. Men Howarth valde å ta utgangspunkt i Mussorgskij sin originale pianoversjon då han transkriberte musikken for brassband.

Arkitekten og målaren Victor Hartmann døydde i 1873, berre 39 år gammal. Han var ein god ven av Mussorgskij, som tok seg særs nær av tapet av venen. Året etter blei det arrangert ei utstilling av måleria til Hartmann. Mussorgskij vitja utstillinga, og blei inspirert til å skriva musikk som skildrar ti av måleria til Hartmann. Satsane er bundne saman av eit promenadetema som illustrerer vandringa komponisten gjer frå bilete til bilete.

Frode Rydland, Svein Henrik Giske og Reid Gilje er den musikkskrivande troikaen som til dagleg arbeider innanfor rekkjene i EBML. Frode og Svein er kornettistar, Reid er fast dirigent. Saman har dei skrive mykje musikk spesielt for Eikanger-Bjørsvik.

Til konserten 12. mars syr dei saman det ypperste EBML kan tilby av sitt underhaldningsrepertoar. Bla.a får me høyre "Art of the states" - ei reise I Amerikansk underhaldingsmusikk. Programmet vart skrive til fjorårets Siddis Brass, og tar publikum med på ei musikkhistorisk reise frå Negro Spirituals, via dixiland og ragtime til moderne jazz.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Concerts, Wind Band