Stilling ved Griegakademiet
Også Griegakademiet i Bergen søker etter ny arbeidskraft. Dette gjelder stillingen som førstekonsulent ved Institutt for musikk.

Ved Griegakademiet, Institutt for musikk, er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent (studiekonsulent) frå 01.01.2001. Griegakademiet, Institutt for musikk, har som overordna mål å utvikle profesjonell musikalsk utøving, refleksjon og formidling gjennom utdanning, kunstnarleg utviklings-arbeid og forsking.

Instituttet har i dag 120 studentar på grunnutdanninga (inkludert studentar ved Ole Bull Akademiet på Voss), 26 studentar på hovudfag, 20 fast vitskapleg tilsette, 7 administrativt tilsette, om lag 20 timelærarar og like mange praksislærarar. Studiekonsulenten ved Griegakademiet, Institutt for musikk, har ein sentral administrativ og fagleg posisjon både i planlegging og gjennomføring av verksemda. Studiekonsulenten rapporterer til underdirektør og skal vere ein studiefagleg saksbehandlar på høgt nivå.

Stillinga er tillagd ansvar for undervisningsadministrasjon, som inkluderer arbeid med studieplanar, studierettleiing, konsert- og formidlingsverksemd, utøvande og pedagogisk praksis, opptak, eksamens- og timeplanlegging m.m. Søkjarar må ha høgare utdanning på minst cand.mag.-nivå med eit eller fleire relevante fag i fagkombinasjonen, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje.

Det vert lagt vekt på relevant praksis og kjennskap til universitetet.

Instituttet nyttar det studieadministrative datasystemet Felles Studentsystem (FS), og det er ønskjeleg at den som vert tilsett har røynsle med bruk av data i planlegging og administrasjon. Det vert kravd koordinerings- og leiareigenskaper kombinert med evne til å arbeide sjølvstendig. Musikkfagleg kompetanse vil bli tillagd vekt.

Løn etter lønssteg 38-42 (kode 1067), etter kvalifikasjonar. Ved spesielle tilhøve kan det verte aktuelt med høgare avlønning. Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Underdirektør Ragna Sofie Grung Moe, tel. 55 58 69 63.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Som vedlegg til søknaden må søkjarar sende inn utvida søkjarskjema. Skjemaet kan ein finne på internett, på denne adressa, eller ein kan få det tilsendt ved å vende seg til instituttet, tlf. 55 58 69 50.

Søknad, som inneheld fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare verksemd, vedlagt stadfesta kopi av vitnemål og attestar, skal sendast til Griegakademiet, Institutt for musikk, Lars Hillesgt. 3, 5015 Bergen, innan 15.11.2000. Søknaden skal merkast 00/3048.

Av - Red. Foto/illustrasjon: