- Førdefestivalen skal endra folk
Tek ein vare på det kunstnarlege innhaldet, får ein også innovasjon, meiner Hilde Bjørkum i Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.

Av Ida Habbestad, Førde

Under sitt innlegg under Førdekonferansen, presenterte festivaldirektør Hilde Bjørkum høva for oppstarten av festivalen som har halde stand i 21 år.

Arrangementet kom til i 1990, stifta av entusiastiske fagfolk, og møtte ikkje nokon overtydande interesse i kommunen ved oppstart, fortalte Bjørkum. Men etter mykje nedlagt arbeid har festivalen ein mannsalder sidan hatt besøk frå 4000 artistar frå over 100 land.

- Me snakkar mykje i norsk kulturliv om det frivillige arbeidet og engasjementet. Det er fantastisk viktig, men aller viktigast er fagkompetansen i botnen; det som skal vera innhaldet i festivalen. Tek ein for lett på dette, vert ein ikkje truverdig ovanfor sitt publikum, sa Bjørkum, og etterlyste meir diskusjon omkring det faglege innanfor festivallivet.


Sterke opplevingar er styrken
Festivalen eksisterer i eit spaningsfelt mellom ynsket om å presentera folkemusikk i verdsklasse og presset frå kommune og lokalt næringsliv om å stadig veksa større og verta meir kommersiell, fortalde Bjørkum.

- Kommune og næringsliv ynskjer seg sjølvsagt mest mogleg aktivitet, størst mogleg omsetjing og publikum. Dei ynskjer at denne vesle plassen skal få alt som større plassar har. Eg meiner at vi skal ha det dei andre ikkje har; og eg trur det er derfor 42% av publikummet vårt frå andre regionar. Og at det kjem presse frå 15 land.

For Førdefestivalen, som gjerne opererer med verdsnamn som er ukjende for nordmenn, er det viktig å byggja kredibilitet.

- Målet er at publikum på Førdefestivalen skal få minst ei oppleving som dei hugsar i mange år framover. Kjernen i festivalen er dei sterke opplevingane – Førdefestivalen skal endra folk. Det er dei sterke opplevingane som er kunstens oppdrag og styrke.



Festivaldirektør Hilde Bjørkum under opningsdagen. Foto: Knut Utler/Førdefestivalen

Kulturinstitusjonar er spesielle
Som ein replikk til gårsdagens debatt om kulturnæringar, der ein mellom anna stilte spørsmål om i kva grad ein skal gje større institusjonar stønad og om ein skal stø dei over tid, eller gje støtte i ei avgrensa periode, hadde Bjørkum fleire innvendingar.

Sjølv om det er gjeve uttrykk for at kulturnæringar ikkje har andre behov enn vanleg næringsverksemd, er kulturinstitusjonar spesielle, var hennar påstand.

- Vi må dra halvparten av budsjettet vårt frå andre plassar enn det offentlege. Men det er utopisk å tenkja seg at festivalen skal bera seg utan offentlege midlar. Alle dei store profesjonelle kulturinstitusjonane i Noreg har ei offentleg stønad i botnen. Dei klarer seg ikkje utan, men er likevel så viktige for oss som menneske og samfunn at dei er vel verd satsa på. Det meiner eg må med i betraktinga.

Bjørkum meiner at Innovasjon Norge og næringslivet elles – dersom dei verkeleg ynskjer å satsa på kultur – må forstå at kulturinstitusjonane står for annan verdiskaping enn den reint pekuniære, sjølv om dei ikkje klarer seg utan stønad.

- Det å tenkja at dei skal klara seg sjølve, skapar eit fattig Noreg. Det må satsast på institusjonane, ikkje minst på dei store og tunge som verkeleg betyr noko for Noreg også i utlandet.


For lite til administrasjon
Eit siste punkt festivaldirektøren trakk fram, var den utfordrande situasjonen som mange av kulturinstitusjonane og kulturnæringane i Noreg står i.

- Festivalar er risikabel business, sidan så stor del av inntekta vår kjem i løpet av så kort tid. Det er mange små institusjonar i kultur-Noreg. Me er få i administrasjonane og mykje er personavhengig. Eg meiner dette er ei stor utfording for kulturlivet. Me er skjøre, ikkje så gode på dokumentasjon, og det er fare for at ting kan endra seg mykje berre ein endrar administrasjonen litegrann. Der treng me å bli betre.

Bjørkum peika på dei mange historiene frå festival-Noreg som viser at kostnadskontroll er viktig – at dokumentasjonskunnskap er viktig, og at dette igjen handlar om å gje høve for at administrasjonen er stor nok også til den kunstnarlege leiinga.

- Me snakkar mykje om at det er for mykje pengar til administrasjon i kulturlivet i Noreg. Sjølv meiner eg det er for lite til administrasjon. Dei personane som har det kunstnarlege ansvaret vert ofte sitjande med andre oppgåver.

- Eg trur det er mykje å vinna på å gje den kunstnarlege leiinga rom til å vera kreative og dermed også innovative. Tek ein vare på det kunstnarlege innhaldet, får ein også innovasjon, sa Bjørkum.


Music Industry, Festivals