Musikkuttrykket Ballade

Ballade betyr eigentleg dansevise. Det kjem av det latinske ordet ballare som betyr å danse. Men vi kunne likeså godt kalla dei forteljingsviser, for alle balladar fortel spennande, dramatiske eller morosame historier.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Balladane er ein europeisk folkevisegenre. Og vi kallar dei ofte mellomalderballadar, for dei har si rot i mellomalderen, sjølv om dei fleste er vorte festa til papir i langt nyare tid.
Nokre balladar er heilt eventyrlege. Åsmund Fregdegjevar fortel om ein helt som slåss mot troll og reddar ei jomfru. Men det dei kan også vere meir realistiske.

I eventyra går det alltid bra til slutt. Det er ikkje like sjølvsagt i balladane, og ofte møter vi menneske i sorg og tragedie i desse visene. Bendik og Årolilja, Olav Liljekrans, Liti Kjersti og Villemann og Magnhild vedkjem oss på ein annan måte enn Askeladden, prinsessa og trollet. Sjølv om visene er gamle, maktar dei å røre oss framleis. Tekstene er poesi som har halde seg levande gjennom mange hundre år.

Balladane er folkeviser som har levd i munnleg tradisjon. Det betyr at vi ikkje veit korleis dei høyrdest ut i utgangspunktet. Dei har forandra seg mykje gjennom hundreåra og finst berre i variantar. Balladane har nokre få faste strofeformer. Forteljestilen er knapp, raffinert, men også krevjande. Her er ingen utpensling av unødvendige detaljar. Det er som ein lyskastar som berre lyser opp dei avgjerande høgdepunkta i forteljinga. Dei meir daglegdagse hendingane innimellom må vi berre tenkje oss til.

Dei fleste land i Nord-Europa har gitt ut balladetradisjonen sin i vakre og voluminøse bokverk. Men i Noreg har vi ikkje noko større balladebok enn M. B. Landstads Norske folkeviser frå 1853 (ny utgåve 1968).

Norsk visearkiv arbeider saman med Dokumentasjonsprosjektet på universitetet for å skape ein database med alle norske balladeoppskrifter. Denne databasen finn du her.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om politikk & debatt

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten