Manger Musikklag med ny norsk musikk

Manger Musikklag er eit av noregs leiande brassband. No er dei igang med eit nytt stort samtidsmusikkprosjekt, der dei skal spele inn bestillingsverka "Graffiti" av Knut Vaage og "Divergence" av Jostein Stalheim. Plata, som kjem til våren, inneheld også verk av Torstein Aagaard-Nilsen, Ketil Hvoslef, Kaare Dyvik Husby og Marcus Paus. 7. oktober vert det ein forsmak på repertoaret på Manger ungdomsskule.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Manger Musikklag

Manger Musikklag er no igang med eit nytt stort prosjekt med ny, norsk samtidsmusikk. MML har heilt sidan 80-talet vore i front når det gjeld å bestilla nye verk og har urframført verk av m.a. Yngve Slettholm, Terje Rypdal, Ruth Bakke og Torstein Aagaard-Nilsen. I fjor deltok MML på Atunnalefestivalen i Bergen med eit program som utelukkande inneheldt norsk samtidsmusikk.

12.-14.oktober skal MML i studio og gjere CD-innspeling med ny norsk musikk med dirigent Bjørn Sagstad. MML har gjort to nye bestillingsverk, "Graffiti" av Knut Vaage og "Divergence" av Jostein Stalheim. I tillegg vil CD-plata innehalde verk av Torstein Aagaard-Nilsen, Ketil Hvoslef, Kaare Dyvik Husby og Marcus Paus. Til våren blir det CD-slepp med stor konsert i Bergen, og med urframføring av ""Graffiti"" og ""Divergence".

MML er inni ein hektisk øvingsperiode, og søndag 7.oktober ynskjer dei alle velkomen til ein forsmak på CD-plata med huskonsert på Manger ungdomsskule kl.16.00.

Bjørn Sagstad kjem frå Meland kommune og har sjølv bakgrunn som kornettist i Manger Musikklag. Han har studert direksjon ved Bergen Musikkonservatorium og Royal Nothern College of Music i Manchester, og har dirigert ei rekkje brassband, millitærkorps og andre ensemble på høgt nivå. Sagstad har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale konkurransar, og har også hatt engasjement i m.a. Bergen Filharmoniske Orkester og Trondheim Symfoniorkester.

Manger Musikklag blei skipa i 1922. Heimesida deira finn du her.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om amatørmusikklivet

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten