Gunnar Stubseid ny rektor ved Ole Bull Akademiet

Styret i Ole Bull Akademiet har tilsett Gunnar Stubseid (54) som ny rektor etter Jostein Mæland, som går av med pensjon 1. januar 2003. Stubseid har dei siste 4 åra vore undervisningsleiar ved Ole Bull Akademiet.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Gunnar Stubseid (Foto: Norsk Folkemusikkkatalog)

Gunnar Stubseid er frå Bygland i Setesdal. Han er utdanna ved musikklina ved Bergen lærarhøgskule, og er magister i etnologi frå Universitetet i Bergen. Magistergradsavhandlinga hans, "Frå spelemannslære til akademi", tek han føre seg den handlingsborne kunnskapen og opplæringsmetoden som Ole Bull Akademiet byggjer på, og han viser korleis spelemenn har lært slåttar gjennom generasjonar, og ved hjelp av gehørslæring og ein eigen metodikk har teke vare på og ført vidare den rike slåttetradisjonen vår.

Stubseid er sjølv utøvar på hardingfele, og har hatt ei rekkje konsertar både i inn- og utland. Han har gitt ut og medverka på mange plater, både som solist og i samspel med andre musikarar, fått Spelemannprisen (1979) og er nominert tre gonger til denne prisen. Han har skrive bøker og artiklar med folkemusikkrelaterte emne, og har hatt framståande verv i ulike råd, utval, lag og institusjonar.

Styret tilsette også Håkon Asheim (40) som kunstnarleg og pedagogisk leiar for "Spelemanns- og kvedarskulen". Dette 2-årige utøvarstudiet, som er eit samarbeid mellom Ole Bull Akademiet og Griegakademiet, gjev 40 vekttal ved Universitetet i Bergen. Det er no 8 studentar ved dette studiet, og frå hausten 2003 er det mogeleg å byggje på dette studiet til ein bachelor-grad i folkemusikk.

Håkon Asheim er frå Oslo. Han er utøvar både på hardingfele og vanleg fele, og har sterke band til folkemusikken i Valdres. Han er cand. philol. med musikk hovudfag frå Universitetet i Oslo. Hovudfagsoppgåva hans tek føre seg "konsert-tida" i norsk folkemusikk, med utgangspunkt i konsertspelemannen Olav Moe frå Valdres. Han har også "General Diploma" etter eitt års studietid ved Kodály-instituttet i Ungaren. I tillegg til pedagogisk verksemd har han arbeidd som vitskapeleg assistant ved Norsk folkemusikksamling, Universitetet i Oslo, vitskapeleg assistant ved Norges Allmennvitenskapelige Forskingsråd, ved Norsk Lydinstitutt i Stavanger og som amanuensis ved Arne Bjørndals Samling, Universitetet i Bergen.

Asheim har skrive artiklar om folkemusikk, transkribert slåttar for prosjektet "Slåtter for vanlig fele" (bind 5) og gitt ut plater med slåttemusikk. Han tek til i stillinga 1. januar 2003.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om folkemusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten