Signal om nordisk alkymi

"Som eit alkymistisk manuskript frå dei skjulte gemakkene i eit avsidesliggjande nederlandsk kloster. "Det er eit før-første-inntrykk Ballade sin utsending i Berlin, Nicholas H. Møllerhaug sit med. På laurdag går alkymien frå å vere bok til å bli røynd. Då opnar Magma Festivalen i Berlin med ei kronprins-saks. Magma er den største enkeltframvisninga av nordisk moderne musikk på kontinentet nokonsinne. Eit kjempeløft: Det er som å løfte eller flytte heile Norden til Berlin for ei heil veke, iallfall musikalsk sett. Derifrå kjem Ballade til å sende ut signal om det som er spådd i denne tjukke programboka.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

manuskript

Av Nicholas H. Møllerhaug - Berlin:

Aldri har så mange nordiske komponistar og utøvarar organisert vore samla i Berlin. Det er ei hending ein reknar med at kjem til å få store ringverknadar i etterkant av festivalen.

Blant berlinarar og dei mange tilreisande som kjem til Magmafestivalen denne veka er forventingane store. Ein grunn er variasjonsbreidden på det omfattande programmet. Alt frå intens nordiske noise av Lasse Marhaug til klassikaren Per Nørgård frå Danmark. Stororkester som Oslo Filharmonien og Berlinerfilharmonikarane gjer storformatskonsertar i Storsalen i den legendariske Berliner Filharmonien. Cikada, Scharoun, Kromata og Kaput er blant ensembla som kjem. Er det rart ein gler seg?

Ved sidan av alt dette finn det stad ein unik aktivitet i mindre skala, til dels kor og orgelkonsertane i den mest innadvendte symbolstadane i Berlin: Kaiser-Friedrich-Gedächtniskirche. På sein kveldstid får derimot den nordiske eksperimentelle musikken fritt spelerom. Då er det kunstnarar som Sissel Endresen, Poing og mange andre som speler ut.

Sjølve primus motorane bak dette programmet har gjort ein stor jobb for å få dette til - særleg Gunda Djupvik og Rolf Gupta og staben deira. Hilde Hobæk-Hanssen og Hallgjerd Aksnes har gjort ein fin jobb med å skrive eit vellukka programhefte. Det er i seg sjølv godt lesestoff på kalde haustkveldar - det gjeld også vevsidene. Altså noko å glede seg over også for dei som ikkje kjem seg til Berlin.

Historisk er Berlin ein by med tunge tjukke røter som går nordover. Idèen om å kjøyre dei nordiske musikkdagane til Berlin er difor ikkje rein trendy hype. Det er ikkje berre fordi 'alle' er i Berlin. Kanskje litt. Nei, me var der faktisk før 'alle' - eller førre gong 'alle' var der - i åra før Hitler.

Viss ein ser tilbake på nordiske komponistar med Berlin som base finn ein mange. Årets store norske jubilant, Fartein Valen, var ein av desse. Kontakten Berlin-Norden har Norden blitt forma av. No ser det ut til at Berlin får ein sterk dose forvandling som svar.

Ballade.no kjem til å sende ut signal, meldingar, reportasjar om nettopp denne forvandlinga - eller alkymien om du vil.

Første signal frå Magma 2002 kjem i Ballade på måndag.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om begivenheter

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten