Folkemusikkgruppa Dvergmål på turné for Rikskonsertene

Rikskonsertane samarbeider denne våren med folkemusikkgruppa Dvergmål om ein konsertturné med helgasongar av Elias Blix. Den norske kyrkja har nyleg fått si eiga kulturmelding, og i fylgje denne bør kyrkja etablere eit eige kunstsenter for å styrkje kulturengasjementet. Rikskonsertane ynskjer å vere ein aktiv medspelar i arbeidet med å bruke kyrkjerommet til kulturføremål, og samarbeider blant andre med kyrkjer i Nordland med denne konsertturneen.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Dvergmål, 2005

Konserten med Dvergmål inneheld eit utval helgasongar av Elias Blix (1836-1902) og fleire av songane priser våren og lyset. Dvergmål byrja alt i 1997 å sysla med tekster av Blix i folketonedrakt. Blix-konserten blei laga til 100-årsmarkeringa for at Blix døydde i 2002 og vart til CDen "Song i himmelsalar" i 2004 utgjeve på Grappa Musikkforlag as.

Dvergmål (eit gamalt ord for ekko) er ei ung folkemusikkgruppe som i 1996 med brask og bram gjekk i studio og spelte inn "Visor og kvæde frå Blåberglandet", og endte med å bli Spelemannpris-nominert. Medlemmene i Dvergmål er: Jon Anders Halvorsen (song, harmonium, frå Lunde i Telemark busett i Oslo), Marit Mattisgard (song, langeleik, frå Valdres), Øyonn Groven Myhren (song, lyre, seljefløyte, frå Oslo), Turid Spildo (song, hardingfele, frå Granvin i Hardanger, busett i Reykjavik).

Elias Blix, fiskarsonen frå Gildeskål i Nordland blei Noregs fyrste store nynorske salmeskald, i tillegg til å vera professor i hebraisk ved Universitetet i Oslo og kyrkjestatsråd ein periode. Songane og salmene til Blix blei fyrst møtt med spott og hån, fordi mange syntes at skaparverket ikkje kunne lovprisast på slikt eit språk. Fyrste gongen ei Blix-salme blei bruka i den norske kyrkja var under joledagsmessa i Lårdal i 1884, og det var eit lovbrot. Men etterkvart blei salmane godkjende til kyrkjebruk, og endå viktigare: særs omtykte blant lek og lærd. Snart slo salmar som "No livnar det i lundar", "Barndomsminne frå Nordland" og "No koma Guds englar" seg fast i songminnet til mang ein nordmann.

Tre av medlemmene i Dvergmål skal også vitja Nordland hausten 2005 i samband med ei folkemusikkoppsetjing av Tryllefløyta. Jon Anders Halvorsen har rolla som Prins Sveinung (Pamino), Øyonn Groven Myhren har rolla som Ung Silja (Tamina) og Marit Mattisgard er terne.


Rikskonsert-turné 2005:

27. april: Alstahaug kirke, Sandnessjøen
28. april: Ytteren kirke, Mo i Rana
29. april: Gildeskål kirke, Inndyr
30. april: Kjerringøy kirke, Kjerringøy
1.mai: Bodø Domkirke
3.mai: Laget Idrettshus, Risør
4.mai: Lyngdal kulturhus, Lyngdal

Turneen er støtta av Fondet for utøvande kunstnarar og Rådet for folkemusikk og folkedans. Interesserte kan lese mer på www.kveding.net, og på www.grappa.no.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om folkemusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten