Manger Skulemusikklag med ny musikk

Manger Skulemusikklag reiser til Oslo i helga for å spele samtidsmusikk. Som tittelforsvarar i NM for skulekorps skal dei spele "Myte for brassband", komponert av dirigenten for korpset, Torstein Aagaard-Nilsen. Konserten er i Oslo Kongressenter på laurdag.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Skolekorps (Foto: NMK)

Manger SML har jobba med nyare musikk i fleire år allereie, og dei komponerte blant anna eit eige verk for seg sjølv for nokre år sidan. Dei har vore med på musikkorpsforbundet sin Frisk Pust-satsing, der dei fekk spele
improvisert musikk med eit Donald-blad som noter!

Dei første ti åra etter at dei vart stifta, var Manger Skulemusikklag eit janitsjarkorps, men midt på 70-talet gjekk ein over til rein brassbandbesetning. Frå å vera eit "vanleg" skulekorps ein berre såg og høyrde på 17.mai og julekonsertar, utvikla Manger Skulemusikklag seg på 70- talet til å verta eit av dei leiande skulekorpsa i landet. Deltaking i mange konkurransar var sjølvsagt med på å heva det musikalske nivået. I 1980 tok korpset sin første NM-tittel i 2. divisjon brass. Seinare har det blitt mange sigrar, også i den gjevaste divisjonen. Frå 1989-1995 innkasserte dei 6 sigrar i første divisjon. Det heile vart krona med EM-siger i Skottland i 1990.

Som dei fleste andre skulekorps har også Manger Skulemusikklag vore gjennom bølgjedalar. Etter fleire år med dårleg rekruttering var korpset i 1997 heilt nede i berre 16 medlemar.På nytt vart store krefter sette inn på opplæringssida og korpset har dei siste åra heva seg frå 3. divisjon til 1. divisjon. Gode dirigentar og eit tett samarbeid med Manger Musikklag, Manger Folkehøgskule og Musikkskulen har vore naudsynt for å greia dette. I 2004 vart korpset Noregsmeistrar i føsrste divisjon.

Manger Skulemusikklag er ikkje berre eit skulekorps, men ein svært viktig organisasjon for Manger. Foreldregruppa i skulemusikken er i dag involverte i dei fleste større arrangement på Manger, som 17. mai, julegateopning, senterdagar, dansegalla og konsertar i Radøyhallen.

Korpset tel idag 38 musikantar.

Verket Myte er i fem satsar og fortel historia om Sigurd Fåvnesbane. - Det har mange toneganger som ikkje er vanleg for skolekorps å spele, seier dirigent og komponist Torstein Aagaard-Nilsen.

Manger Skulemusikklag skal spele i Oslo Kongressenter laurdag ca. Kl. 14.30 med komponisten som dirigent.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om amatørmusikklivet

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten