OFO med fokus på Sjostakovitsj og Wallin

Fredag lanserte Oslo-Filharmonien sitt sesongprogram for 2006/2007. Med profilering av dei to komponistane Sjostakovitsj og Wallin, varslast det her om ei spissare vinkling av programmet enn tidlegare. Dessutan vert det lova fleire større utearrangement, for at orkesteret skal verta meir synleg utad. - Også en kulturinstitusjon må fortelle historier, og vi tror vi gjør det ved å belyse spennvidde og viktighet i musikken - og å sette en dagsorden, seier direktør i Oslo-Filharmonien, Morten Walderhaug.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Jukka-Pekka Saraste 2 2005 (Foto: Scanpix)

Av Ida Habbestad

Det er spanande tider i Oslo-Filharmonien. Publikum har såvidt byrja stifta kjennskap med den nye sjefsdirigenten, Jukka-Pekka Saraste, som kjem for fullt til hausten, og etter gode kritikkar og mykje merksemd kring torsdagskonserten, var det godt nøgde representantar frå orkesteret som møtte pressa fredag.

Her vart sesongprogrammet for 2006/2007 lansert, innpakka i ny visuell profil og med ny logo. Walderhaug fortalde om sesongprogrammet at det er oppbygt kring tre søyler:

- Den viktigste og mest betydelige av disse er Jukka-Pekka Saraste. For orkesteret er sjefsdirigenten av avgjørende betydning, og Saraste er en kunstner med en fantastisk integretet, energi og myndighet. Vi har gjort et statement når vi har skrevet under på et samarbeid i 5 år - i musikkverdenen er dette nesten en liten evighet. Vi synes det er et signal fra Saraste om hvilke ambisjoner han har for Oslo-Filharmonien, og et signal fra oss om at vi tror vi har funnet den rette mannen, fortel Walderhaug.

Tydelegare profilar
Dei to andre søylene er komponistane Dmitrij Sjostakovitsj, og Rolf Wallin, som begge vert profilerte gjennom framføringar av eit større antal verk.

- Også en kulturinstitusjon må fortelle historier, og vi tror vi gjør det ved å understreke noe som virkelig er med på å belyse spennvidde og viktighet i musikken, - og å sette en dagsorden, seier Walderhaug.

Sjostakovitsj er eit naturleg val - avdi han har sitt 100-års jubileum dette året, og vert feira over heile verda. Orkesteret vil presentera i alt 11 verk av komponisten i komande sesong, og lovar både standardrepertoar og verk som ikkje tidlegare er framførte i Noreg. Dei vil mellom anna presentera Sjostakovitsj som filmkomponist, med det nyleg funne verket "Det nye Babylon".

...også av det nye
Valet av Rolf Wallin som den andre komponisten, vitnar om mot til å skapa rom for den notidige generasjonen. Walderhaug meiner det ikkje handlar om å fylla pålagde kvoter:

- Dette er mye mer enn et pliktløp, vi mener Rolfs produksjon er viktig og betydningsfull. Jeg er veldig glad for at vi har en norsk komponist som vi med stolthet kan presentere neste sesong.

Wallin er representert med 10 verk i løpet av sesongen. Fleire av desse er førstegangsframføringar i Noreg, men det finst òg presentasjonar av tidlegare framførte verk. I februar framfører orkesteret slagverkskonserten "Das war schön", som er bestilt i samarbeid med Wiener Mozartjahr 2006 - og som er inspirert av Mozart.


Frå 10. til 12. mai vert det arrangert ein Wallin-festival, der det i tre konsertar vert presentert både orkester- og kammerverk av komponisten. Det vert nok ei urframføring, denne gongen av eit verk for multimedia og orkester, skrive i samarbeid med den belgisk/flamske scenekunstnaren Josse de Pauw.

Utvekslingskonsertar og utearrangement
Ein annan ting som pregar sesongen, er ein større grad av utveksling mellom dei norske orkestra. Orkestra i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger vil vitja einannan og gje konsertar i kvarandre sine byar på same tid - for å syna fram eit breiare spekter av orkesterkulturen i heile landet.

Dessutan lovar orkesteret ein større del av utearrangement for å verta meir synlege i byen. Dette har mellom anna vore eit ynskje frå hovudsponsor Hydro, etter suksessen i fjor med framføringa av "Ringenes Herre" i Frognerparken. Orkesteret kunne vidare melda at omfanget på samarbeidet med Hydro er utvida i denne perioden til å gjelda fire mot normalt to år, noko som gjev orkesteret ein større planleggingshorisont.

Jukka-Pekka Saraste
Den nye sjefsdirigenten var sjølv til stade, og uttrykte store forventningar til arbeidet med orkesteret:

- Jeg opplever en oppriktighet og hengivenhet for kvaliteten i musikken, noe jeg alltid har satt pris på i Oslo - det var unikt alt for 20 år siden, seier Saraste, som understrekar at den samtidige musikken óg er ein viktig del av orkestrets program:

- Om et orkester ikke har en relasjon til samtidsmusikken, mister det et segment av sin legitimitet. Og selv om jeg ikke vil drepe noen med for mye av det, vil jeg fokusere på alt som har kvalitet.

Dette kjem tydelig til syne i orkesterets sesongprogram, som ut over Wallin presenterer komponistar som Lindberg, Berstad, Thommesen, Boulez, Dallapiccola, Berio, Nordheim, Karlstrøm, Messiaen, Penderecki og Varèse.

- En ting jeg alltid har ønsket å gjøre, skjer mot slutten av sesongen, hvor jeg vil sette opp Edgar Varèses ("Ameriques") og Beethovens "Eroica". Dette er eksempler på ekstremer for to ulike komponister - som begge i sin tid gjør forsøk på å ekspandere. Det er galskap fra begge, men uten denne galskapen hadde man ikke kommet videre, seier Saraste.

Saraste uttrykkjer elles at han meiner orkesteret som medium ikkje er utdøyande, men at den kjemien som oppstår mellom utøvarar og publikum vil halda forma levande også i det vidare:

- Jeg er veldig optimistisk til denne formen som institusjon, formen er ikke døende. Men vi må være selvkritiske, for eksempel til hvordan vi bygger vår energi i hver konsert. Det er ikke en dans på roser, utfordringene er der.

For ytterlegare informasjon, kan ein gå inn på
orkestrets heimesider.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten