BrassWind med 11 urframføringar i Bergen

Til helga er det klart for BrassWind 2006 på Teatergarasjen i Bergen. BrassWind er ein årleg musikkfestival for windband, brassband og profesjonelle aktørar, der konsertinnhaldet er retta mot samtidsmusikk for korps og ensembler. Under den tredje Brass Wind urframfører 5 korps heile 11 nye verk av norske og utanlandske komponistar. - Eg trur det er effekten som eg vona på for mange år sida, at det skulle dukka opp mange stadlege arrangørar som kunne ta initiativ. No går det nesten av seg sjølv! seier kunstnarleg leiar, Torstein Aagaard-Nilsen, om arbeidet med å skaffa til veges dei 11 nye komposisjonane.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

BrassWind 2006/Foto: NMF

Av Ida Habbestad

Torstein Aagaard Nilsen er kunstnarleg leiar av BrassWind, og Ballade spør han om motivasjonen bak denne festivalen?

- Det er jo opplagde grunnar til å arrangera ein festival, forklarer Aagaard-Nilsen. - Gjennom ein weekendfestival skapar ein jo eit sterkare fokus kring det ein held på med, enn ved enkeltståande arrangement. Me ynskte å skapa ein møteplass, litt etter den gamle stevnemodellen, som jo er ein tradisjonell korpstradisjon der ein møtest, er sosiale, og spelar for kvarandre.

- Men då me starta festivalen i 2004, var den største motivasjonen å laga ein arena der ein kunne få framført eit repertoar som ein ikkje høyrer på vanlege konsertar og konkurransar. Dei beste amatørkorpsa har som tendens at det som skal gjerast av vanskeleg repertoar, skal knyttast opp mot ein konkurranse. Difor har det etterkvart vorte ei nisje for spesialskrivne verk, som skal ha i seg konkurranseelement. Eitt av måla her, er å unngå desse konkurranseelementa, og å skapa ein arena der ein kan gjera dei aller beste konsertverka utan at det skal målast i poengskala.

Viktig nyskaping i korps-Noreg
BrassWind har altså som intensjon å auke interessa for originalskriven korpsmusikk frå vår eiga tid, og å stimulere komponistar til å skrive ny musikk for korpsmediet. I ei omtale av festivalen, skriv Aagaard-Nilsen:

“Dei siste 15- 20 åra har dei fremste musikkorpsa i Noreg oppnådd eit profesjonelt musikalsk nivå og amatørmusikarar er nyfikne og opne for nytt og spanande repertoar. Dette har resultert i stadig nye, originalskrivne musikkverk for korps, og ei auka interesse for samtidsmusikk generelt og korps spesielt. BrassWind festivalen vart difor tatt i mot med opne armar av ei samla korpsrørsle. Av Norges Musikkorps Forbund er festivalen omtalt som ei av dei viktigaste nyskapingane i korps-Noreg!”

Manger Musikklag frå Radøy i Nordhordland står som arrangørar for festivalen.

- At det er Manger Musikklag som går i bresjen for nyskaping på brasscena i Noreg er eit resultat av godt arbeid i 25 år, meiner Aagaard-Nilsen, og skriv vidare i sin omtale:

“Arbeidet byrja tidleg på 80-talet då den engelske dirigenten Michael Antrobus opna verda for trauste Radværingar med "rar og merkeleg" musikk. Det er difor ekstra gledeleg at nettopp Michael Antrobus gjestar festivalen laurdag kveld (30. september) med sitt nye korps, Oslofjord Brass, eit korps som dei siste åra har arbeidd seg heilt opp i toppen av elitedivisjonen” .

11 urframføringar
Samarbeidet med Michale Antrobus må definitivt ha vore utgangspunkt for noko positivt, og dette kjem tydeleg til syne ved at musikklaget dei siste åra har bestilt eit nytt verk kvart år.

Dette har gjeve positive ringverknader, og i sitt tredje år kan festivalen by på heile 11 urframføringar. Komponistane Dagfinn Koch, Craig Farr, Terje Isungset, Ketil Hvoslef, Ørjan Matre, Bjørn Kruse, Bojidar Spassov og Torstein Aagaard-Nilsen er representerte.

Det er ganske imponerande å få laga så mange nye stykke for windband og brassband i løpet av eitt år?

- Eg trur det er effekten som eg vona på for mange år sida, at det skulle dukka opp mange stadlege arrangørar som kunne ta initiativ. No går det nesten av seg sjølv! seier ein nøgd Aagaard-Nilsen.

- I tillegg til Manger Musikklag, byrjar også Norges Musikkorps Forbund å bli aktive. Dei har ein veldig riktig tenkjande musikksjef, som kjem frå den klassiske verda sjølv, om som kjenner komponistar som ikkje nødvendigvis er nisjekomponistar. I somme tilfelle har også solistar som likar å samarbeida med komponistar, teke initiativ til å få skrive nye verk.

Dei profesjonelle set standard
Festivalen er òg eit høve til å få med seg dei profesjonelle aktørane. I år er det Forsvarets Musikkorps Vestlandet som deltar, dei står for opning- og avslutningskonserten. Ein vil òg kunna oppleva solokonsertar med enkeltmusikarar frå korpset gjennom helga.

Dette skapar ei viktig linje frå amatørar til profesjonelle, meiner Aagaard-Nilsen.

- Dei same dirigentane dirigerer både dei beste amatørane og dei profesjonelle, og det er til inspirasjon for amatørkorpsa. Dei profesjonelle set ein standard, som me gjerne vil ha på festivalen!


I 2006 kan ein høyra urframføringar av fylgjande verk:

Dagfinn Koch:
- Versuch über Schatten, Farben und Licht (tinga av Manger Musikklag)
- Translucence (framførast av Oslofjord Brass)

Craig Farr:
- Call of the Cthulhu (tinga av Krohnengen Skolekorps)

Terje Isungset:
- Four Moods (tinga av Damsgård og Kjøkkelvik skolers musikkorps)

Ketil Hvoslef:
- Ferry Music (revidert utgåve) (tinga av Manger Musikklag)

Ørjan Matre:
- Paradoxical Leftovers (tinga av Norges Musikkorps Forbund)
- Hunting Low and High (tinga av Tormod Flaten, euphonium)

Bjørn Kruse:
- Voodoo (tinga av Norges Musikkorps Forbund)

Bojidar Spassov:
- Volatile (tinga av BrassWind)

Torstein Aagaard-Nilsen:
- Den Tredje Bølgen (tinga av BrassWind)
- Triade - The Angels of Destruction (revidert utgåve) (tinga av Dragefjellets Musikkorps)

For fullstendig program, sjå www.brasswind.no

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten