Autodidakt i Grieghallen

INNLEGG: Eit dynamisk langstrakt orkesterverk nesten stilleståande dynamisk kledd inn i styrkegradar som ppp og p. Stille og nedpå og meditativt.. Då blir det bråk. Ikkje i konsertsalen, men etterpå. Her i spaltene. Det er naturlova, skriv Nicholas H. Møllerhaug, som bestilte Geir Jenssens verk “Shhoctavoski “ til Borealis-festivalen.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Nicholas Møllerhaug 09

Eg var leiar for Borealis då festivalen i forfjor sendte inn Kulturråds-søknaden om stønad til “Shhoctavoski “ av Geir Jenssen aka Biosphere. Søknaden om bestillingsverket kom som ein av fleire bestillingsverk-søknadar. Alt som vanleg. Det ironiske er at me ikkje berre fekk støtte til Geir Jenssen sitt nye verk i denne runden men også til eit nytt verk av Torstein Aagaard-Nilsen.

Det sistnemnde verket blei urframførd av BIT20 Ensemblet kvelden før “Shhoctavoski“ blei urframførd i Grieghallen. Eg var personleg svært nøgd med båe verka – og tykkte det var strålande døme på kva to diametrale men pålitelege tonekunstnarar kan gje av andsverk på ein og same festival. Den same grunnideen har me hatt mange gonger under oppbygginga av Borealis. Og det har ofte klaffa. Pang.

Så eit par ord om betingingane for bestillingsverk. For at Borealis skal kunne bestille eit nytt verk må me ha med oss samarbeidspartnarane. I Aagaard-Nilsen sitt tilfelle måtte BIT20 gje sitt samtykke. Programkomiteen i BFO var svært positive til vårt forslag om Jenssen. Me var alle samde om at Biosphere ville skape ei fin dramaturgisk spaning i konserten. Med støtte frå programkomiteen i BFO sendte me inn bestillingsverksøknaden til Kulturrådet. Og så venta me i spaning på avgjerda i Kulturrådet. Utan deira støtte ville ikkje Jenssen sitt verk blitt noko av. Gleda var stor over at det faglege utvalet i Kulturrådet vurderte både Jenssen og Aagaard-Nilsen så positivt.


Prosessen bak det nye verket av Biosphere byrja så tidleg som i 2002. Då kom “Shenzhou” – plata som Jensen gav ut basert på samplingar av orkesterpartia i Debussy sitt meisterverk “La Mer”. Geir arbeidde naturlegvis slik han alltid hadde gjort – med ei formfornemming som har blitt hans varemerke. Ei fornemming av form ein også kunne oppleve i Grieghallen for nokre veker siden.

Då eg oktober same år arbeidde på Ultima - då Salvatore Sciarrino var festivalkomponist – fekk eg gleda av å møte Jenssen ei rekke gonger. Eg var tolk og assistent for Sciarrino desse vekene og var overalt der den italienske komponisten blei framførd. Eg skreiv også eit par tekstar om Sciarrino – bl.a. denne. Og der han blei framførd – der var også Jenssen. Han studerte og granska Sciarrino sin musikk nøye – og fann noko i dette universet han ikkje fann andre stadar: Mønster, stemningar, dynamikkar, historiske sitat og refereransar etc. Etter at me hadde diskutert sentrale Sciarrino-verk som Lohengrin, Perseo e Andromeda, Luci mie traditrici, Vanitas – blei eg overtydd om at Jenssen var langt meir på bølgelengd med Sciarrino enn mange andre her tillands. Og det kan ein ikkje oversjå.


Difor spurde eg han ved neste krossveg – på ei kafê i Tromsø vinteren 2003 (då Ny Musikk avhaldt landsmøte der) om han kunne tenke seg å “skrive” for orkester ein gong. Altså ikkje gå omvegen via lydspor frå andre innspelingar men jobbe direkte med orkesterets lyd. Han sa ja men var sterkt betenkt. Så gjekk det ei lang tid. Og lange økter med tvil. Me venta på den rette anledninga. I mellomtida studerte han Sciarrino og hans estetikk. Kombinert med ekstreme fjellekspedisjonar.

Og her kjem ein til det interessante ved problemstillinga Aagaard-Nilsen set. Estetikken. Om ein tek ein for-dummies-versjon av Sciarrino sin revolusjonære estetikk – som han har skrive om i boka “Le forme della Musica” - ligg denne i ein form for djupøkologi så mange nemner når dei snakkar om den italienske meisteren. Bilete som “den svakaste gnissinga frå føtene til ein trost”, “lyden av to isbrear som såvidt gnikker i einannan”, “lyden av gåsefjær ein vinterdag”. Sciarrino sin ekstreme tilnærming til det å spele svakt har gjort alle rasande. Musikarane rasande. Kritikarane rasande. Dirigentane rasande. Komponistkollegaene rasande. Kvifor skal ein sitje med eit stort orkester når dei ikkje får spele så sterkt som berre eit slikt orkester kan. Ei rekke av verdas framste utøvarar har øydelagd Sciarrino sin musikk i konsertsalane fordi dei les mf der det står ppp. Heldigvis finns det unnatak her men no er det ikkje dei me drøfter.


Då kan ein ikkje forvente anna når ein tonekunstnar med formfornemminga til Biosphere angriper orkesterpartituret med same tilnærming som Sciarrino: eit dynamisk langstrakt orkesterverk nesten stilleståande dynamisk kledd inn i styrkegradar som ppp og p. Stille og nedpå og meditativt. Då blir det bråk. Ikkje i konsertsalen, men etterpå. Her i spaltene. Det er naturlova. Berre spør Sciarrino. Som også er autodidakt.



Nicholas H. Møllerhaug – Programsjef Festspillene i Bergen. Festivalsjef i Borealis 2004-2008.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

2 lokale kommentarer til denne artikkelen

 

 
 
NOK EN GANG OM DET Å VÆRE AUTODIDAKT.
Skrevet 14.04.2009 15:05 av Dagfinn Koch

Man må gjerne la være å studere komposisjon selv om det er rikelig med muligheter for det i inn- og utland hvis evnene er der. Men jeg personlig synes det er trist at de som har/hadde muligheten ikke er/var så interessert at de forsøker å lære seg noe. Og man kan da også studere på egenhånd, men det kreves en god del verktøy. Ikke minst dette å kunne tenke akademisk.

Det er en sjeldent utbredt "angst" blant en del rytmiske "komponister" å studere. De er redde for å miste det som er genuint dem selv. De som er inne i dem; følelser, autentisk, ekte, ærlig og sånn... Altså; "genuint dem selv" blir uttrykt gjennom et materiale basert på en blanding av tonale kadenser (Rameau) og droner (tibetetanske munker). I mangel av instrumentferdigheter og tidvis fantasi, hentes det inn (også stjeles det) samples fra kjente verk, dog for det meste uten å vite hvordan det de sampler er laget.

For meg er det er ikke noe adelsmerke å være audodidakt, det er i mine øyne latskap hvis man egentlig hadde hatt muligheten til å lære noe. Og som vi ser i den pågående diskusjonen, fører Geir Jenssens manglende skolering til et kulturkrasj med den i mine øyne meget begavede komponisten Aagaard-Nilsen. Jenssen kjenner ikke kodene i seriøs klassisk skreven musikk, derfor vil han ikke kunne skjønne hva Aagaard-Nilsen egentlig mener, og en diskusjon blir vanskelig.

P.S: Kan man anse det å være audodidakt som en konstant tilstand? Er man ikke per definisjon ikke audodidakt hvis man prøver å lære seg noe, eller sagt på en annen måte, det er avgjørende ikke å hente impulser noe sted i fare for å miste det som er "genuint" en "selv". D.S




Svar på kommentar

 
 
BEGREPSAVKLARING
Skrevet 14.04.2009 20:39 av Kristoffer Jul-Larsen

Kjære Dagfinn Koch, til ditt P.S.: Å være autodidakt er nok en konstant tilstand, med mindre den autodidakte på et eller annet tidspunkt oppsøker en mer eller mindre formell læringssituasjon (personlig læremester eller upersonlig institusjon). Den autodidakte er ikke redd for å «hente impulser», men bestemmer selv hvilke impulser som skal hentes. Olav H. Hauge var en autodidakt dikter og oversetter, men hentet impulser fra hele verden. Dette til opplysning.

Svar på kommentar

Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten