Med sprengkraft

Under CD-tittelen ”Norske imperativer” presenterer Håkon Austbø på bydande vis utdrag frå den norske tradisjonen av klavermusikk. - Verkene er hver for seg gedigne klaververk som jeg er stolt over at vi har her i landet, seier han til Ballade.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Håkon Austbø 09-1

Av Ida Habbestad

Den norske pianisten Håkon Austbø hadde i mange år Nederland som base for sin internasjonale konsertverksemd. For få år sidan flytta han heim, og pendlar i dag mellom bustaden i Oslo og professor-dagar ved konservatoriet i Stavanger.

Heimkomsten har ikkje spelt noka stor rolle for aktivitetsnivået: Ein boks med CD-ar er nettopp levert på døra når me møter han i heimen hans på Ekeberg, og pianisten blar nyfikent gjennom heftet til produktet som utgjer hans innspeling nummer 30.

Tidlegare har Austbø gjort omfattande fordjupingar i Messiaen, Debussy, Janacek og Grieg. Då har tanken vore å presentera komponistane sine samla klaververk, medan utgangspunktet for denne innspelinga har vore å sjå eit utval norske komponistar i lys av kvarandre.

Det er snakk om fire kraftige verk, omfattande og eksplosive på kvar sine vis, fortel pianisten. Tittelen ”Norske imperativer” er rommande i så måte: Omgrepet ’imperativ’ er i ordboka definert som verbet si bydande form, og dinest som ein allmengyldig regel for menneskeleg handleform – noko som kan binda ein til å handla på ein bestemt måte.

- Da jeg var på jakt etter en tittel, slo det meg at imperativet var et uttrykk som godt kunne betegne alle komponistene: Alle er veldig bydende, seier Austbø.

Han gjev døme gjennom den eldste og truleg mest markante av komponistane, Fartein Valen.

- Man oppfatter kanskje ikke Valen som bydende i første omgang. Men jeg mener at stilen hans er svært tvingende. Den er konsekvent og det emosjonelle spekteret er stort. Altfor ofte oppfatter og spiller man musikken hans med tanke på det eteriske. Men det er altså mye sprengstoff i denne musikken. Et emosjonelt sprengstoff, seier pianisten ettertenksamt.


Eigenart
I den atonale polyfonien ligg sterke spaningar, og det er i desse ein verkeleg kjem i kontakt med Valen, meiner Austbø. I dissonansen kjem emosjonar til uttrykk; sterke lengsler, ei djup smerte, eller for den del ei kraftig glede. Det heile innpakka i komplekse system, med eit stillferdig menneske bak.

Under tittelen finst imidlertid eit paradoks, sidan eit poeng ved plata er å syna lærar/svein-tilhøvet mellom komponistane. Men ingen av komponistane kan vel seiast å ha laga levereglar som skulle vera gjeldande for andre enn dei sjølve?

- Nei, Valen fant sin egen stil, på samme måte som både Klaus Egge og Finn Mortensen etterhvert fant sine, egne uttrykk. Det imperative ligger mer i dette at de holder så bestemt på det som er deres eget – innenfor det atonale tonespråket, svarer Austbø.


Fartein Valen med hest

Kva er det så som kjenneteiknar og skiljer Valen sin atonalitet frå Egge og Mortensen sin tilsvarande?

- Hos Valen mener jeg det finnes en skjult sprengning, gjemt inne i intervallene. Uttrykket hans manifesterer seg ikke så mye i ytre gester som hos Egge eller Mortensen. Temaene hans er tydelige, og det er i polyfonien og spenningen mellom de dissonerende intervallene at musikken oppstår.

- Egge er friere i omgang med det polyfone. Han er innfløkt i måten han bruker det musikalske materialet på, og han er ikke systematiker som Valen. Der Valen gjerne kretser rundt de samme tonene – partiturene hans er som puslespill av små motiver som stadig settes sammen på nye måter – blir motivene mer bearbeidet hos Egge. De oppstår ikke på samme tone, men i lengre linjer. Av og til kan man ane et tonalt skjema – til og med noe som minner om et sonateformskjema, som i denne sonatens første sats. Han har også frigjort seg fra tonaliteten på en annen måte enn Valen: Han kan bruke modalt materiale, temaene hans kan være folketonepregede. Han oppsøker ikke dissonansen like grunnleggende, bare når han trenger den. Man kan vel si at han plasserer seg nær Bartok i verkene fra denne perioden.

- Når det gjelder Mortensen, går han aldri helt inn i den serielle musikken (komposisjonar der det musikalske materialet i utgangspunktet er ordna i seriar som tonehøyder el. rytmiske strukturar, red. anm). Heller ikke i dette verket. Vi finner ”vanlige akkorder” i verkene hans, men de er satt sammen på en tonalt sett fremmedgjort og ulogisk måte. Videre gjør han en utstrakt bruk av kromatikk og kløstre (klynger av noter, red anm) – slike elementer som vanskelig lar seg forene med tonalitet. Og han har et fugetema som er sinnsykt!


Utettervend i undergrunnsklima
Austbø reiser seg, går til det eine av to flyglar i stova og demonstrerer – nettopp eit tema som sprikar i alle retningar. Med sine store sprang, kling det drøytt samanlikna med meir konvensjonelle tema. Austbø spinn tråder attende til Bach som òg laga dristige tema; og kunne sikkert teke oss med i ei omfattande gjennomgang av historiske fugetema – men me snører forsiktig attende til dagens emne.

For kvar meiner Austbø at den yngste og einaste nolevande av komponistane, Rolf Wallin, høver inn eit slikt bilete?

- Han er vel den vennligste av dem, svarer Austbø, enkelt.

Dei øvrige verka har klassiske titlar og undertitlar, dei fleste som peikarar mot form. Me finn ei snedig overlapping, mellom avslutninga på Egge-verket: ”Finale Quasi una Fantasia” og over i opninga på Mortensen sin sonate – også den med undertittel som ein fantasi. Her er ein ”Gigue”, eit ”Nachtstück”, ein eterisk song samt ei eruptiv fuge; samtlege tilhøyrande ein klassisk tradisjon.

Med titlane til Rolf Wallin er det annleis. Dei varslar, alt før me har lytta til tonespråket, noko anna: med undertitlar som ”Seek”, ”Push”, ”Stab” og ”Quit”.

For dagens publikum er han vel meir utådvend, forsøkar intervjuaren.

- Ja, det kan man si, svarer Austbø. - Samtidig foregår det hele på et plan hvor det fremdeles er få som interesserer seg, og da mener jeg ikke nødvendigvis publikum, men mediene. Per Boye Hansen har påpekt noe korrekt i Klassekampen: Før var den klassiske musikken del av allmenn dannelse. I dag er både samtidsmusikken og resten av den klassiske musikken blitt mer av en undergrunnsbevegelse. Det har skapt en situasjon som jeg mener er problematisk.


Andre del av dette intervjuet finn du her.
Lanseringskonsert for plata finn stad i Gamle Logen, 22. november kl. 14.00. Meir informasjon på deira heimesider.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten