Nicolas Fink meiner at dei som byggjer eit kor må overtyda folk om at dette er ein kvalitet dei ikkje vil vera forutan.
Foto: Presse

Utvida nordisk klang

Det å byggja eit kor handlar om å vera ein ambassadør, også for songarane, seier Nicolas Fink. Han er ny kunstnarleg leiar for Kor Vest.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Debatten om profesjonalisering av kor i Noreg har gått føre seg lenge. I 2010 la Norsk kulturråd fram eit forslag om å satsa på regionale kor, knytt til dei større institusjonane i Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Tromsø. Den gongen karakteriserte dei det som eit godt tilbod til departementet.

I 2011 kom inga endring frå Stortinget over budsjettet, men Kulturdepartementet varsla i staden ein ny gjennomgang av situasjonen i 2013.


Les heile historia om kor-profesjonalisering her.


Like fullt, mange av dei regionale kora er i gang. Somme av dei har fått løft dei siste par åra. Mellom anna har det eldste og mest etablerte av desse – Kor Vest – nyleg knytt til seg ein kunstnarleg leiar, sveitsiske Nikolas Fink.


Brei apell
Dei kunstnarlege ambisjonane til Fink handlar mykje om å etablera ei vid plattform for Kor Vest.

- Det vert viktig at me held ein høg kunstnarleg standard, og like viktig er det at Kor Vest kan blir anerkjent som eit ensemble med brei appell. Eg ynskjer at koret skal nå breitt og at det kan verta ein ambassadør for profesjonell korsong. Også for songarane trur eg det kan vera viktig å få vist at det å vera korsongar kan vera like mykje verd som det å vera solist eller del av eit operaensemble, seier han.


Liknar Sveits
Nicolas Fink er fødd og oppvaksen i Bern men bur i dag i Berlin der han arbeider som assistentdirigent for Rundfunkchor Berlin. Jamleg har han dirigentoppdrag for dei tilsvarande radiokora i Köln og Leipzig, samt andre profesjonelle kor i Tyskland, Estland og Nederland.

Men Noreg har han ikkje arbeidd i, og dette er hans andre besøk i landet.

- Du som ser det på avstand: Har du synspunkt på den norske korsituasjonen?

- Eg har stadig mykje å læra om tilhøva i Noreg. Men eg har inntrykk av at utviklinga liknar den i Sveits: Begge landa har ein rik tradisjon av amatørkor på høgt nivå. Ein har somme prosjektbaserte kor og ein har operakor, men ikkje i nokon av landa finst noko fulltids profesjonelt kor på eigne bein. Det er sjølvsagt synd. Men tidene er spanande i Noreg; noko skjer definitivt. Det er motiverande og utfordrande for meg å få vera med å utvikla noko i ein etableringsprosess, svarer Fink.


Inga spesialisering
Rolla hans vil vera å programmera dei om lag seks prosjekta koret gjer utanom operaproduksjonane dei deltek ved gjennom Den Nye Opera. Det vil bli henta inn gjestedirigentar, truleg til halvparten av prosjekta, men i oppstartsfasen vil Fink vera ofte til stades.

Ein kan hevda at det er prosjekta utanfor operaen som verkeleg definerer ensemblet, men Fink ynskjer ikkje at koret skal ha nokon særleg profil kva gjeld repertoar.

- I ei årrekkje har ein sett framveksten av spesialistensemble som fordjupar seg i ein stilart, og som arbeider berre med den. Desse ensembla gjer det gjerne meisterleg, men dei opptrer òg på eit avgrensa område. I dag meiner eg me ser ei annan tendens. Det er ikkje lenger berre barokkmusikarar som spelar barokkmusikk. Då Berlinfilharmonien gjorde Matteuspasjonen i fjor, vart det ein stor suksess. Forventar du at dei skal lyda likt eit tidlegmusikkensemble, vert du skuffa. Men me opnar altså no for at det kan vera fleire måtar å framføra slik musikk på.

Slik meiner han ein bør arbeida med Kor Vest også.

- Eg ynskjer meg eit ikkje-spesialisert ensemble som har høve til å dekkja eit repertoaret frå renessanse til samtidsmusikk, så lenge det er i stil og så lenge songarane kjenner seg komfortable med dette.


Den nordiske klangen
I omtalen av norske kor snakkar ein gjerne om den nordiske klangen, som motsetning til andre og ofte tyngre, europeiske ideal.

- Er dette eit uttrykk du ser etter i eit kor?

- Eg merka meg den reine, distinkte og lette klangen då eg prøvedirigerte her for nokre veker sidan. Denne vil eg gjerne dyrka vidare. Men igjen; eg ynskjer ikkje å avgrensa lyden til dette spesifikke uttrykket. Smak endrar seg over åra, og eg trur ein generelt er på veg i retning av eit fyldigare klangideal. Ein ser etter stemmer med litt fleire klangfargar, litt meir kropp. Eg kjem ikkje til å gå vekk frå klangen som ligg etablert i Kor Vest; men vil nok ta tak i den og gjera den meir fleksibel, avhengig av repertoaret.


Kvalitet som ingen gjev slepp på
Kor Vest har eksistert sidan 2003, og Fink understrekar at han kjem til å byggja på fundamentet som er lagt. Samstundes vil han truleg skifta ut og knytta nye songarar til ensemblet. Eitt av måla er å lokka fleire songarar til Bergen.

- Som utanlandsk dirigent kjem du med røynsle frå store og godt etablerte institusjonar. Kva røynsler trur du ein har mest å læra av i Kor Vest? Og kor viktig er dei regionale kora i oppbygginga av kor-Noreg?

- Det er klart at kor i mange byar spelar ei rolle, byggjer ein regionale verksemder, gjer ein byane attraktive for kunstnarar. I nærleiken av orkester- og operainstitusjonane er kora gjerne ”the missing link” for at apparatet skal vera fullt utvikla, svarer Fink, og held fram:

- Det fantastiske med Tyskland er jo ikkje berre at så mange orkester og kor vart grunnlagt i ulike byar då kringkastinga starta på 1920-talet. Like beundringsverdig er det at ein har halde fast ved institusjonane, sjølv i våre dagar, når den økonomiske situasjonen er så kaotisk. Det tyder at ein har lukkast å få folk til å forstå kva kvalitet som vert produsert. Per i dag er ingen villige til å gje slepp på den. Men det er ein dagleg kamp – du må kjempa for å visa dette for folk.


Ambassadørar
Dette kan ein kanskje ta med seg når ein etablerer profesjonalitet om kor i Noreg, meiner Fink.

- Det å byggja eit kor handlar om å vera ambassadørar: Ein må ikkje berre levera høgste standard. Ein må i tillegg overtyda folk om at dette er ein kvalitet dei ikkje vil vera forutan.

Del artikkelen på:
                  |     Mer
Nicolas Fink meiner at dei som byggjer eit kor må overtyda folk om at dette er ein kvalitet dei ikkje vil vera forutan.

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten