Currentes, med grunnleggar Jostein Gundersen til høgre.
Foto: Currentes.com

Det nye i det gamle

I Bergen byggjest miljø for tidlegmusikk. Det er mange kjelder å bli inspirerte av, men norske arrangørar kan bli flinkare i arbeid med ensemble, meiner Jostein Gundersen.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Miljøet for tidlegmusikk er ikkje særleg stort i Noreg.

I Bergen finst ikkje utøvarar på middelalderfidel eller clavisimbalum, og når Jostein Gundersen og ensemble Currentes skal ha konsert, vert det ofte henta musikarar frå utlandet.

Ikkje desto mindre er blokkfløytisten blant pådrivarar for at aktiviteten gradvis aukar. Saman med kollegaer i Bergen har han bygd opp Foreningen Antikk musikk, som i dag er mellom dei største arrangørane av tidlegmusikk i Noreg.

Gundersen er òg den først uteksaminerte kunststipendiaten i landet med tidlegmusikken som felt. Prosjektet er årsak til at ensemble Currentes vart oppretta: Dei arbeider med polyfon musikk frå seinmiddelalder og renessanse, komposisjonar med få framføringstilvisingar, der val i høve til besetning og utføring i større eller mindre grad må gjerast av utøvarane.


Kjelder som snapshot
I stipendiatprosjektet var ensemblet nødvendig nettopp for å få prøvd ut slike valhøve. Emneområdet var improviserte diminusjonar i fleirstemt musikk. Diminusjon, som tyder å gjera mindre, er ei form for ornamentering, der melodien vert utsmykka med mange kortare, eller mindre, tonar.

- Enkelt sagt handlar det om å dela lange notar inn i korte: Å skapa ein variasjon i passasjen mellom ein tone og ein annan, forklarer Gundersen.

Å forska på dette er interessant: For me veit relativt lite om det faktiske uttrykket. Ein veit at praksis varierte mellom ulike stilmessige epokar. Ein har gode musikkteoretiske kjelder som seier noko om oppbygginga til musikken, og som skildrar korleis den høyrdest ut. Men sjølve lyden har ein ikkje.

- Det næraste ein kjem nokon kunnskap om korleis det lydde, er dei nedskrivne improvisasjonane. Der får ein idear om korleis det vart tenkt. Men det er vanskeleg å sjå nedteikningane som ein ferdig komposisjon: Alt vart improvisert over, heile tida. Slik ser eg på kjeldematerialet som ein snapshot av ein versjon. Ein dag spelte ein det slik. Den neste fann ein kanskje på noko heilt anna.


Currentes har nyleg gjeve ut si første plate «Spinato Intorno al Cor» som portretterer den italienske komponisten Antonio Zacara da Teramo. Den kan du høyre her:




Spektakulære løysingar
Frå før av føreligg teoriar om korleis ein meiner ornamenteringa vart utført på ulike tidspunkt. Gundersen har flytta oppmerksomheita mot praksis.

- Perspektivet mitt har vore å sjå kva som skjer når eg nyttar materialet i min eigen kunstnarlege verksemd. Det er ein ganske annan prosess enn å forska på korleis det historisk kan ha høyrtest ut. Ein finn snart ut at det ikkje er nokre sikre svar.

- Når det ikkje finst sikre svar – einast utprøving; kva gjev forskinga?

- Eg meiner den gjev nye høve. Tidlegare har eg vore svært forsiktig med det å ornamentera. Kjeldematerialet byd imellom på ganske spektakulære løysingar, langt meir utprøvande enn kva eg ville komme til på eiga hand. Det er inspirerande: Eg meiner det blir betre kunst av det, svarer Gundersen.



Følg Ballade på Facebook


Djupdykka hans har skjedd i ulike historiske stilar, frå byrjinga av 1400-talet til 1700-talet. Men ikkje for å avdekkja noka historisk utvikling.

- Det er interessant å samanlikna ulike uttrykk. Men eg har aldri vore tilhengar av å tenkja teleologisk om musikk, til dømes at alt i renessansen leiar opp til barokken. Komponistane arbeider på sine premiss uansett. Derfor har eg avstand mellom prosjekta – så det vert mindre naturleg å trekkja linjer.


Uttrykket kjem først
- Det historisk sannsynlege er heller ikkje veldig viktig for meg, meiner Gundersen.

- Fokuserer ein på det åleine, kjem kunstnarlege standardar i andre rekkje. Og same kor mykje ein studerer, kan ein ikkje vita sikkert korleis det lydde. Me kjenner ikkje rette klangen av instrumenta. For meg er det viktig at musikken fungerer, og har eit uttrykk. Kjeldematerialet eg arbeider med er ein inspirasjon, som hjelper meg til å finna fram til tolkingar som kling annleis det eg har høyrt tidlegare.

- Du seier ein ikkje skal tolka teleologisk. Men skilnader er det?

- Ja, middelaldermusikken har ein annan estetikk, og andre prinsipp for samklang enn renessansen og barokken. Dette er vanskeleg å formidla kort, men mykje handlar om synet på kva samklangar som konsonnerer og ikkje. I renessansemusikken er den reine tersen alltid med i grunnsettet av klangar ein nyttar, medan tersen i middelaldermusikken er nesten dissonant, av praktiske årsaker. I stemminga av dei gamle instrumenta var tersen høg og full av spaningar, den ville automatisk leia ut til ein kvint. Ornamenta vil sjølvsagt ta omsyn til dette, ut frå kva slags spaningar som oppstår. Nokre flosklar går att i fleire stilar. Men konsekvent å nytta same ornament i alle periodar ville vore vanskeleg. Linjene vil noko anna.


Les også: Impressario Kjell Wernøe om 25 års eksport


Norsk søknadsbyråkrati
Etter fullført stipendiatperiode er Gundersen tilsett ved Griegakademiet der han underviser i utøving og teori. Ved konservatoriet i Leipzig underviser han i historisk improvisasjon; medan utøvinga får plass den tida som står att. Mellom anna er aktiviteten i Currentes viktig, sjølv om det å driva eit ensemble i den norske marknaden har sine utfordringar.

- Utan ensemblestønad hadde det vore vanskeleg. Mi oppleving er at mange norske konsertarrangørar underfinansierer. Det er sjeldan den faktiske kostnaden til eit prosjekt vert dekka, og somme gonger trur eg det vert gambla på at utøvarane vil skaffa midlar sjølve. Slik oppstår ein merkeleg prosess der utøvarar og arrangørar samtidig søkjer til same prosjektet, det vert dobbelt så mykje arbeid. Hjå seriøse arrangørar i utlandet er stoda betre. Me reiser snart til Tsjekkia, og får like mykje i honorar som me ville fått i Noreg. Der nede er månadsløna kanskje ein fjerdedel av den norske.


Frå sakral til verdsleg
Ikkje desto mindre gjer ensemblet fleire konsertar i Noreg. I mai kan Currentes opplevast ved ein av midnattskonsertane under Festspillene i Bergen. Domkyrkja er arena og bibeltekstar dannar ramme for konserten som mellom anna syner eit anna fenomen i middelalderens tid; det som kallast kontrafaktum.

- Ensemblet vårt har ikkje mange kyrkjemusikalske program, men arbeider mest verdsleg. Praktisk sett er dette enkelt løyst: I eldre tider framførte ein gjerne same musikken med ulik tekst, avhengig av samanhengen. Det gjeld mellom anna komponisten Landini, som var populær i Firenze på 1300-talet. Sjølv nytta han verdslege songtekstar, men andre bytte dei ut med tekstar med religiøst innhald, som regel lovsongar. Til hans musikk finn ein ulike tekstlege variantar. Ein song som handla om kvinna generelt, kan med enkle grep handla om jomfru Maria. I møtet mellom slike tekstar, ser ein at det ikkje alltid er stor avstand mellom dei uansett. Skildringane av jordleg og himmelsk kjærleik nyttar mange av dei same bileta.


Les også: KKV søker om egen debutantstøtte


Bed om å bli eksperimentert med
Det er òg eit fascinerande aspekt ved musikken at den bed om å bli eksperimentert med, hevdar Gundersen. På konsertar kan Currentes framføra det same stykket fleire gonger – men med ny besetning eller med variantar som gjev stykket eit ganske anna uttrykk. Mykje av poenget for Gundersen er at ein ikkje stivnar i musiseringa si.

- Di meir ein improviserer, di mindre aktuelt er det å gjera ting rett fram. For meg vert det stadig meir underleg å høyra folk spela standardstykke frå renessansen og tolka dei som ferdige stykke. Det nedskrivne materialet er som sagt gjerne eit utgangspunkt – for improvisasjonen.


Bør ta seg tid til det nye
Ved konserten i Bergen spelar Currentes også musikk av Eivind Buene.

- Ja, for Currentes var det naturleg å tinga nytt. Sjølv har eg arbeidd mykje med ny musikk, i studietida nesten like mykje som med tidlegmusikk. Sidan har eg ikkje kunna prioritera det like høgt: Musikken krev mykje øving, og vert ikkje ofte framført. Men frå tid til annan bør ein ta seg tid. Komponistar vil heile tida utfordra deg til å finna nye teknikkar, som ligg latent i instrumentet, men som ikkje er i bruk. Avstanden er slik sett ikkje så stor mellom den eldste og den nyaste musikken: det handlar om å utfordra det du trur du veit. For meg er denne stadige utforskinga av musikalske prinsipp ein levande måte å arbeida på.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Jostein Gundersen

Musiker

Mer i MICs bransjeregister

Currentes, med grunnleggar Jostein Gundersen til høgre.

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer til denne artikkelen


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten