Geitungen i Moorhead, MN

Trioen Geitungen presenterer låtar som ein gong var populærmusikken blant fest-sugne utkantrogalendingar, låtar som var på topplista av låtar som ein helst ville høyra når ein gjekk til dans - hits frå ei svunnen tid.

Geitungen spelar låtane i tråd med godt dansespel nettopp frå desse kantane og denne tida. Klangbiletet er farga i samspel mellom feler, toradar, mandolin, hardingfele, mandola og gitarar fordelt på dei tre musikantane. Uttrykket er enkelt og musikken spenner seg frå lun og varm masurka til heite og yppande hopsarar og syrlege valsar, med til tider nokre influensar frå meir nåtidig populærmusikk og spelestil i arrangementa. Gjennom sitt lunefulle og eggande spel, tar Geitungen lyttaren med tilbake i tid, langt ut til dei halvmørke dansegolva i dei litt meir festlege delane av utkant-Rogaland. Tidspunkt:
24.09.2012

Sted:
Concordia Language Villages, Moorhead, USA

Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no