Målpris til Hellbillies

Hellbillies fekk fredag Målprisen 2001 frå Noregs Mållag for konsekvent bruk av hallingmålet i songane og nynorsk i skrift gjennom snart ti år.

Hellbillies

- For ein hardt pressa dialekt som hallingmålet kan ein knapt overvurdera kva det har å seia at ungdom ser det er mogleg å gjera suksess på dialekt, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

Gruppa frå Ål i Hallingdal gav ut den fyrste plata si, Sylvspente Boots, hausten 1992 og song seg raskt til topps både på Norsktoppen og salslistene. Og etter sju plateutgjevingar og konsertar landet rundt er populariteten større enn nokon gong for gjengen som har vunne ry som eit av Noregs beste konsert-band. Attåt å vera fyrsteklasses musikarar som spelar fengjande musikk, ligg mykje av forklaringa på populariteten til Hellbillies i den måten dei har teke norsk bygdeliv på kornet gjennom figurar som Syver i Armodbråta, Gamle Bry'n, reinsjegaren på Vidda og ein neger på Ål stasjon.

- Hellbillies burde ha fått ein målpris av oss for lenge sidan, men når det fyrst vart no, høver det særs godt at ein av dei store hit-ane på den nye plata Urban Twang nettopp er eit oppgjer med den hangen mange norske artistar har til meiningslause engelske tekstar, heiter det mellom anna i grunngjevinga frå styret i Noregs Mållag.

Låtskrivar og ankermann Arne Moslåtten i Hellbillies kom sjølv for å ta imot Målprisen 2001 i Det Norske Teatret i Oslo, laurdag 21. april kl. 10.00.

Heimesidene til Noregs Mållag finn du her.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no