Kvarts i Oslo konserthus

Folkemusikkgruppa Kvarts spelar i Lille sal på Oslo Konserthus, tysdag 8. mai, og har gitt musikken ei ny kammermusikalsk drakt. Gruppa opererer i krysselden mellom det tradisjonelle og det eksperimentelle, med ei rekkje instrument og med humør og speleglede.

Øystein Rudi

Folkemusikkgruppa Kvarts vart skipa vinteren 1998. Første CDen til gruppa er kritikarrost i ei rekkje aviser, fagblad og i radio, og fekk Spellemannprisen 1999 for beste folkemusikk-/gammaldansproduksjon.

Kvartetten spelar folkemusikk med røter i Gudbrandsdalen og på Voss, men har no gitt musikken ei ny kammermusikalsk drakt. Gruppa vart skipa i samband med Jo-Asgeir Lie sin hovudfagseksamenskonsert ved Norges Musikkhøgskule våren 1998. Då vart det sett saman ein kvartett av handplukka utøvarar, noko som sidan resulterte i CDen "Kvarts", som altså fekk Spellemannspris.

Repertoaret til kvartetten spenner frå bygdedans til runddansmusikk, og i kraft av at tre av medlemmene har solid bakgrunn i ulike musikalske distrikt innan folkemusikken, gjev dette seg også utslag i eit breitt utval av slåttar. Gruppa har mellom anna vore med på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 2000, Landsfestivalen i gammaldans på Geilo i 1999, Peer Gynt-stemna på Vinstra i 1999, i Grieghallen i Bergen i 1999, og på Den Norske Folkemusikkveka 2000, der dei sto for urframføring av tingingsverket "Gneistar"

Mennene bak kvartetten er: Jo Asgeir Lie - spelar trekkspel og bur på Ål, men kjem frå Voss. Felespelaren Øystein Rudi er frå Sør-Fron i Gudbrands-dalen. Desse to kan du lese meir om ved å klikke på namna deira. Tom Willy Rustad spelar gitar, kontrabass, torader og munnharpe og kjem frå Tveita i Oslo. Gitaristen Erlend Styve bur på Voss. Du finn og meir om Kvarts hos Norsk Folkemusikkatalog.

Tid: Tysdag 8. mai, 2001, Kl. 19.00
Stad: Oslo Konserthus, Lille Sal

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no